Lesarbrev frå Jon Rolf

Postet av Hyen IL den 5. Mar 2024

Det går mot slutten av skisesongen 2023 – 2024, og i den forbindelse vil eg skrive litt om korleis perioden etter jul har vore, frå eit skiløpar-perspektiv. 

 

Før jul fortalde eg dykk i ”julehelsinga” at eg mangla det siste giret på skirenn og at eg ikkje hadde fått heilt dei resultata eg hadde håpa på. Heldigvis starta 2024 langt betre, andre helga i januar var det Skandinavisk Cup i Otepää i Estland. Der gjekk eg inn til 8. plass på 20 km klassisk enkeltstart, 1 minutt bak vinnaren Emil Iversen. 

 

NM på Beitostølen 22 – 25 februar 

Siste 6 åra har eg budd fast på Beitostølen, derfor var det ekstra stas med Noregsmeisterskap her i år. NM starta med 10 km fristil   der eg gjekk inn til 8. plass, 22 sekund bak bronsen. Eg følgde opp med ein 21 plass på 20 km skibytte få dagar etterpå(ikkje optimale ski). Sjølv om eg siktar mykje høgre enn 8. plass i Noregsmeisterskapet, er dette likevel ein stor opptur for min del etter 2 tunge sesongar. 

 

Kun ei lita veke etter at NM var ferdig, var det nye skirenn. Denne gongen i Hommelvik i Trøndelag, der siste runde med Skandinavisk Cup skulle arrangerast. Med eit godt løp var det også stor moglegheit for å gå seg inn i verdenscup-troppen til 5-mila i Holmekollen. 

 

Dessverre for min del vakna eg dagen før fyrste konkurranse med forkjølelse i kroppen, og eg måtte reise heim utan å få gå skirenn. Veldig kjedeleg når formen var god.

Heldigvis er det fleire skirenn igjen, blant anna NM del to på Lillehammer.

 

Her er ei lita oversikt over dei skirenna som er igjen før sesongen er ferdig. 

 ../Downloads/IMG_0165.JPG

NM del 2 Lillehammer  21- 23.03

Valdresrennet  27.03 (Turrenn)

Hemsedalsrennet 28.03 (Turrenn)

Haukelirennet 13.04 (Turrenn

Skarverennet   20.04 (Turrenn)

 

Ein positiv sesong så langt, godt å kjenne framgang etter to tunge år. Må rette ei stor takk til sponsorane mine, Hyen IL og familien som har trua på meg. Ynskjer alle ei god påske når den tid kjem. 

 

Takk til :

  • Hyen Fisk
  • Nordfjord Laks
  • Hyen IL 
  • Maskinentreprenør Torleiv Straume
  • Sporten Beitostølen

 

Langrennshelsing frå Jon Rolf.



Årsmelding for Hyen Idrettslag 2023

Postet av Hyen IL den 20. Feb 2024

Vedlagt ligg årsmelding for styret og gruppene i Hyen idrettslag 2023.

Her finn de også saksliste for årsmøtet 29. februar kl 19.30 i Hyen Samfunnshus. Bakerst i dokumentet er styret i idrettslaget sitt framlegg om ny organisasjonsplan for HIL.


Venleg helsing styret i Hyen idrettslag

Årsmelding for Hyen idrettslag 2023.pdf



Gratis foredrag med Øystein Pettersen på Sandane

Postet av Hyen IL den 14. Jan 2024


Håpar mange får med seg dette foredraget 29. januar i Trivselshagen. Øystein Pettersen er kjend for å vere ein fantastisk formidlar!



Lesarbrev frå Jon Rolf

Postet av Hyen IL den 2. Nov 2023

Lesarbrev frå Font- Romeu 

Skisesongen nærmar seg med stormskritt, og om knappe tre veker starter sesongen på Beitostølen. I dette lesarbrevet vil eg gje dykk ei oppdatering på stoda akkurat no.

I skrivande stund er eg i Sør-Frankrike, nærare bestemt Font-Romeu.


















Planen er å vere her i tre veker. Font-Romeu ligg på imponerande 1800 meter høgd og er ein ideell stad for høgdetrening og idrettsutvikling. Kombinasjonen av høgda og det varme klimaet gjer det perfekt for meg å vere her og gjennomføre gode treningsøkter. Særleg på denne tida av året då forholda heime i Noreg vere kan ganske variabel. 

Eg vil kort forklare kvifor eg velje å vere her i 3 veker. I høgda blir oksygeninnholdet i lufta redusert, noko som tvingar kroppen min til å arbeide hardare for å få nok oksygen til musklane. Dette fører til auka produksjon av røde blodceller, som igjen fører til forbetra yteevne og utholdenhet. Per dagens dato kan eg med glede seie at eg har lagt ned utrulig mykje god trening i løpet av hausten, og kroppen har svart positivt. Eg har klart å halde meg til planen. Einaste hindring har vore 4 sjukedagar i starten av opphaldet mitt her i Font- Romeu, men utanom det har alt gått utruleg bra. No ser eg fram til å bytte ut rulleski med ski.

  • Beitosprinten        17-19.11.23   Sesongåpning               
  • Gålåsprinten         01- 03.12.23 Norgescup/ Skandinavisk Cup 
  • Trondheim             15-17-12.23 Verdenscup + Prøve VM  
  • Vuokatti/Finland   15-17-12.23 Skandinavisk cup

Eg har laga ei oversikt over dei viktigaste skirenna før jul. Nytt for denne sesongen er at ein kan sjå norgescuprenn på vgtv dersom ein ønskjer å følgje med på nasjonale skirenn. Det store målet mitt før jul er å kvalifisere meg til prøve- VM i Trondheim, der kan Norge stille 12 løparar per distanse pga. Nasjonal kvote.

Eg vil igjen rette ei stor takk til mine trufaste sponsorar. Dykk er heilt avgjerande for å kunne drive med toppidrett på dette nivået, og eg er takksam for støtta dykk har gitt meg. Utan dykk ville det vore lang vanskelegare å nå måla mine.

Takk til :

  • Hyen Fisk
  • Nordfjord Laks
  • Hyen IL 
  • Maskinentreprenør Torleiv Straume
  • Sporten Beitostølen

 

 

Langrennshelsing frå Jon Rolf



Aktivitertar 2023 - 2024

Postet av Hyen IL den 15. Okt 2023