Sommar-lesarbrev frå Jon Rolf

Postet av Hyen IL den 6. Jul 2023

Hei og god sommar!

 Eg er i starten av ein ny treningssesong og i den forbindelse har eg lyst til å fortelje korleis statusen min er.

 Eg har lagt bak meg to tunge år på Rekruttlandslaget med mykje problem. På grunn av manglande resultat, mista eg plassen der i vår. Eg fekk nokre tilbod frå private lag etter vrakinga, der det sportslige opplegget og oppfylginga er minst like bra  som på eit landslag om ikkje betre. Men det økonomiske er ringare, sjølvsagt. Valet  fall til slutt på Team Elon vest. Dette var det laget som gjorde at eg kom inn på Rekruttlandslaget for to år sidan, noko som gjev ei god kjensle på at det var det rette valet. Vi er ein gjeng på 11, ni gutar og to jenter, pluss ein veldig god trenar. Vi skal faktisk ha ei veke treningssamling på Sandane i byrjinga av juli. Eg gledar meg til å vise fram heimkommunen og treningsfasilitetane vi har i Gloppen, med Fjordium i spissen.

I slutten av  juni kjennar eg på at ting har fungert mykje betre enn på fleire år. Eg har gått tilbake til det trygge opplegget som fungerte for 3 år sidan, og har mykje meir glede av å vere på tur og trene igjen med det nye laget.

 Mykje av grunnen til at kroppen byrjar å fungere igjen, er takket vere svensken Michael Jansson som eg kom i kontakt med. vi har saman jobba for å finne metodar og treningsøvingar som gjer at skadene har forsvunne og som har gjort meg skadefri. Michael Jansson hjelpte også Anders Södergreen under VM i 2007, du kan lese artikkelen her:

https://www.aftonbladet.se/sportbladet/a/5V36wO/sodergrens-guldvapen-7-000-kronor-och-lasermannen.

 

Eg vil avslutte med å takke dykk for støtta, noko som betyr spesielt mykje no når eg er på eit privat lag. God sommar til dykk alle!

 

Langrennshelsing frå Jon Rolf



INNBYDING TIL HYESPRINTEN 12. MARS

Postet av Hyen IL den 7. Mar 2022

Hyen IL inviterer til Hyesprinten laurdag 12. mars på i lysløypa på Høgdene ved i Hyen. Rennet går i klassisk stil, og rennstart er kl 13.00. https://goo.gl/maps/t7N2b8BCma8mxB91A

Påmeldingsfrist fredag 11. mars. Påmelding på vanleg måte ved å gå inn på Hyesprinten på terminlista til Sogn og Fjordane Skikrins, Arrangement (skiforbundet.no)

 evt direkte til Erik Ommedal er-om@online.no eller tlf 99046021.

Klassar og distansar:

G 7 år og yngre   1,5 km

J 7 år og yngre    1,5 km

G8                   1,5 km

J8                     1,5 km

G9                   1,5 km

J9                     1,5 km

G10                  1,5 km

J10                   1,5 km

G11                  2 km

J11                   2 km

G12                  2 km

J12                   2 km

G13                  3 km

J13                   3 km

G14                  3 km

J14                   3 km

G15                  5 km

J15                   5 km

G16                  5 km

J16                   5 km

M17                 10 km

K17                  5 km

M18                 10 km

K18                  5 km

M19/20            10 km

K19/20             5 km

Menn senior     10 km

Menn veteran  10 km

K senior            10 km

K veteran         10 km

 

Startkontingent

 t.o.m. 3 km      100,- kr

5 km                115,- kr

10 km              130,- kr

Kontonummer: 3710.30.53235

 

Premiering: 

t.o.m. 16 år: 100 % premiering

17 år og eldre: inntil 50 % premiering




LAGSMEISTERSKAP KORT LØYPE PÅ HØGDENE LAURDAG 21. MARS KL. 13.00 (fristil)

Postet av Hyen IL den 21. Mar 2015

Vi oppfordrar hyarar i alle aldrar til å komme og delta på lagsmeisterskap kort løype på Høgdene på laurdag. Rennet går i FRISTIL. Ein går same distansen som på karusellrenn. Det er eiga premiering for deltaking i lagsmeisterskapet (får på premiefesten)

KOM I FORM PÅ SKI, ny sjanse

Dei som deltok minst tre gonger på karusellrenn / kom i form på ski skulle få vere med i trekninga av gåvekort. No blir det ein ekstra sjanse til å få med seg den tredje gongen viss du er ein av dei som berre rakk to gonger. Dei som deltek i lagsmeisterskapet på laurdag, kan få det teljande som den tredje gongen. (Hugs at du også må ha betalt deltakarkontingenten til «Kom i form på ski» på 20,- kr pr person for å vere med i gåvekorttrekninga). Viss du ikkje ønskjer å gå lagsmeisterskapet med tidtaking, kan du gå utan tidtaking og få registrert deltaking på Kom i form.Men for å få premiering eller deltakarpremiering i lagsmeisterskapet må ein delta med tidtaking på vanleg måte.

Skigruppa / Idrettsskulen



Jon Rolf,Nordisk Juniorlandskamp på ski.

Postet av Hyen IL den 7. Feb 2015

Denne helga er Jon Rolf på juniorlandskamp i Örnsköldsvik, Sverige. Og det går strålande. I går kom han på 5. plass i klassisk sprint, men i dag tok han sølv på 10 km fristil. Imponerande.


Scandic Cup och NJC 2015

Resultatlista frå dagens løp.
Her er resultatlista frå gårsdagens sprint.
Resultatlista frå dagens løp.


KOM I FORM PÅ SKI OG KARUSELLRENN

Postet av Hyen IL den 12. Jan 2015

KOM I FORM PÅ SKI OG KARUSELLRENN

Informasjon frå skigruppa og idrettsskulen

Endeleg står ein ny skisesong for døra, 2 år sidan sist!

I år har vi tenkt å prøve noko nytt. Vi ønskjer meir fokus på å kome seg ut i aktivitet og mindre fokus på stoppeklokka. Difor har vi laga ei slags blanding av «Kom i form» på Aa-bakkane, og tradisjonelle karusellrenn. Det blir arrangert 4 renn på kveldstid på Høgdene, der det blir ei konkurranseklasse og ei trimklasse.

Konkurranseklassa er frå 11 år og oppover (fødd i 2004 eller før) og startar kl. 18.00. Ein går den distansen som ein skal gå på karusellrenn i følgje alderen med tidtaking. Ein må møte noko før start for å få startnummer. Dei som vil gå så fort dei kan, får dermed starte før alle andre kjem ut i løypa. Når ein er ferdig med distansen sin, kan ein fortsetje utan tidtaking om ein har lyst til det.

Trimklassa er for alle aldrar, og her kan ein starte mellom kl. 18.15 og 19.00. Ein kan velje om ein vil ha tidtaking eller ikkje, og kan gå så mange og så lange rundar som det passar i forhold til kondisjon og skiferdigheiter.

Det blir varm og kald saft, men ikkje bollar.

Vi har bestemt at alle deltakarar uansett alder betaler 20 kr for å vere med (ein betaler berre ein gong i løpet av sesongen), og desse pengane brukar vi til 2 gåvekort som alle som har vore med minst tre gonger kan vinne (loddtrekning). Det spelar inga rolle om ein er med i konkurranse- eller trimklassa.

Det er med andre ord ingen grunn for foreldre til å stå i målområdet og vente på ungane. Bli med rundt i lag med ungane eller i eige tempo og få registrert deltakinga! Dette er ein aktivitet for heile familien J

Karusellrenn / Kom i form på ski, er sett opp på følgjande datoar:

Onsdag 14. januar – fristil

Onsdag 21. januar – klassisk

Onsdag 4. februar – fristil

Onsdag 11. februar – klassisk

Andre skiarrangement i Hyen blir:

Laurdag 21. mars: Lagsmeisterskap kort løype på Høgdene

Skjærtorsdag 2. april: Lagsmeisterskap lang løype i Aa-støylsmarka

Søndag 8. mars: Hyesprinten på Høgdene