HIL-kalendaren er klar!

Postet av Hyen IL den 10. Des 2015

2016 utgåva av HIL kalendaren er no klar. Judit Aa har også i år gjort ein flott jobb med å samle i hop bilder frå tidlegare tider. Det seier seg sjølv at det kan være utfordrande å finne nye bilder kvart år.

Kalendaren er å få kjøpt for kr.100,- på Joker Hyen for dei av oss som bur i nærleiken. Til Dykk andre som ikkje er i Hyen så ofte, har Judit sagt seg villeg til å sende kalendar til alle som ynskjer det. Ta kontakt med henne på sms eller ring, tlf.nr. 99695298.

Ikjkje nøl med å ta kontakt, ein kjekk kalendar som er ei flott og nyttig gåve.



Informasjon

Postet av Hyen IL den 8. Okt 2015


HIL aktivitet 15-16.pdf Dette er linken til aktivitetsplanen for vinteren 2015-2016.
Det er ingen store forandringar, men bassenget er foreløpig stengt på ubestemt tid.
Vi håpar at så mange som mogeleg nyttar seg av tilbudet vårt.
Skulle det være noko som ikkje passar eller andre behov for aktivitet, så er det berre å ta kontakt slik at vi kan prøve å ordne det.

Mandag 12/10 blir låsane på ytterdørene i gymbygget skifta. Det betyr at alle som har behov for nøkkel gjennom trenar/leiar/reinhald i idrettslaget sin regi, vil få utdelt nøkkel som vedkommande må kvittere for. Ta kontakt med styret hvis noko er uklart. Vi tenkjer at på mandag frå kl. 19.00 og utover prøve vi å få ut ein del nøklar. Gjer vel å møt opp då hvis det høver for dykk som må ha nøkkel.

Det vil i haust bli prøvd ut ei ny ordning med låsing av vektrom/spinningrom. Vi vil montere opp ein magnetlås som må betjenast av mobiltelefon. På den måten kan idrettslaget styre trafikken inn til desse romma ved å gje tilgang til kvar enkelt ved bruk av vedkommande sitt mobilnummer. Hvis dette er vellukka, kan vi kanskje bruke det på ytterdøra også. Men det er det skulen som må godkjenne.

Idrettsbasaren blir i år søndag den 15. november.









Hyen avanserte på tabellen i siste kamp.

Postet av Hyen IL den 30. Sep 2015


Fotball

Tysdag kveld var siste kamp for Hyen sitt seniorlag i fotball. Det blei ei fin forestilling der Hyen vann heile 4-0 over Flatraket/Selje 2. I første omgang skåra dei "berre" eitt mål, sjølv med god medvind, men i andre omgang gjekk det bedre. 3 mål i motvinden på Idrettsplassen var imponerande.
Slik sett er vi svært fornøgde med innsatsen i år. Med til tider svært begrensa med mannskap enda vi opp som det nest beste laget i Gloppen, bak Sandane i 4. divisjon.


Kjempekast av Magnus.

Postet av Hyen IL den 10. Sep 2015



Det har i kveld vore arrangert kaststemne på kastanlegget Vikja i Hyen. Der sette Magnus Rygg Storsletten ny pers i slegge 4 kg med heile 54,67 meter. Dette er også ny årsbeste i Norge i gutar 15 år. Det lovar godt for helga, då det er Ungdomsmesterskap i friidrett for gutar og jenter 15-19 år i Lillestrøm. Hyen IL gratulerer, og ynskjer lukke til på UM.



KM friidrett i Hornindal.

Postet av Hyen IL den 12. Aug 2015

I år skal KM i friidrett være i Hornindal. Under ligg innbydelsen frå friidrettskretsen med plakat og følgeskriv.
Hvis det er nokon som vil være med, kan kvar enkelt melde seg på via "Min Idrett", eller gje beskjed til Ola Henning i god tid før fristen går ut. Håpar at mange ynskjer å delta.


INNBYDING:
Vedlagt følgjer innbyding til KM alle klassar frå 13 år til veteran. På grunn av at Hornindal Idrettspark ikkje har kastbur og stavmatte får ein ikkje avvikla stav, slegge og diskos.

Slegge og diskos vert lagt inn i anna stevne i september som tel som KM, dette vil bli sendt ut info om seinare.

Minner om at dette stevnet er det siste før uttak til Bendit-lekene (tidl PEAB-lekene) for 13 og 14 åringane. Vi oppmodar difor klubbane spesielt om å få med mange frå desse klassane.

Webpåmeldinga åpnar 10. august og stengjer onsdag 19. august.

Eventuelle spørsmål vedr webpåmelding rettast til underteikna.

Vel møtt til KM helg i Hornindal!

Med sportsleg helsing

Logo_CMYK_pos_SogF

Norsk Friidrett Sogn og Fjordane
Narve Heggheim
-dagleg leiar-
tlf kont 906 46085 mob 913 14783


Her er plakaten.
INNBYDING TIL KM 2015.pdf





Aa-støylsløpet 2015.

Postet av Hyen IL den 3. Aug 2015



Fredag den 7. august 2015 blir Aa-støylsløpet arrangert for fyrste gong. Dette er det tredje og siste løpet i motbakke/støylsløp karusellen i Hyen.

Løpet er meint for mosjonistar i absolutt ALLE kategoriar. Ingen aldersgrense eller kvalifikasjonar. Ein kan gå, jogge, springe eller sykle alt etter kva inndeling ein vel.

Kategoriane er:

Mosjonist gå/springe alle aldrar 2,5 km frå Dalheim til Aa-støylen

Mosjonist sykkel alle aldrar 2,5 km frå Dalheim til Aa-støylen

Konkurranse løp over 15 år 2,5 km frå Dalheim til Aa-støylen

Konkurranse sykkel over 15 år 11 km frå skulehuset på Klype til Aa-støylen

Mosjonistane kan starte mellom kl. 18.30 og 19.30. Dei som ynskjer registrert tid gjev beskjed om det ved påmelding.
Konkurranse løp og sykkel startar kl. 19.45 frå begge plassar.

Startkontigent kr. 50,- for alle registrerte deltakarar.
Transport til og frå Aastøylen med kle og anna kan ordnast. Deltakarane i sykkelkonkurransen frå Klype kan parkere på Aa-stølen for så å bli skyssa ned att til start viss ønskeleg.

For nærmare info, ring:
  • 99695298, Judith Aa
  • 97752415, Ola Henning Ommedal
  • 95057200, Bjørn Petter Rygg



Resultat Olsokløpet 2015.

Postet av Hyen IL den 3. Aug 2015


Jon Rolf Skamo Hope Jon Rolf i fint driv.
Onsdag den 29/7-2015 blei det fyste Olsokløpet avvikla opp Gamlesætravegen frå bompengebua i Ommedal til Ommedalsstøylen.
Dette er ei forholdsvis hard løype på ca. 3 km og høgdeforskjell på 510 meter.
Men det såg ikkje ut til å legge noko hindring på deltakelsen. Heile 58 registrerte deltakarar, av desse var det 17 som sprang i konkurranseklassa.

Ikkje uventa var det Jon Rolf Skamo Hope som sprang raskast i konkurranseklassa. Men det var vel tida som var mest imponerande.
18 minutt og 2 sekund brukte han opp bakkane.
På andre plass kom Sverre Nesdal Aske, medan Anders Ommedal kom på tredje plass.




Sverre Nesdal Aske og Anders Ommedal.



I dameklassa var det Tina Løkke Vie som vann suverent, også det på ei knallsterk tid,
26 min. 40 sek. Kristiane Utheim Rygg kom på andre plass på tida 31 min. 07 sek. Hilde Aa var den tredje og siste av damene, ho kom opp på tida 35 min. 38 sek.



Tina Løkke Vie og Kristiane Utheim Rygg.


Under finn de komplett resultatliste.

Konkurranseklasse kvinner over 15 år

1

Tina Løkke Vie

26.40

2

Kristiane Utheim Rygg

31.07

3

Hilde Aa

35.38

Konkurranseklasse menn over 15 år.

1

Jon Rolf Skamo Hope

18.02

2

Sverre Nesdal Aske

21.04

3

Anders Ommedal

21.41

4

Kent Ove Sæten

23.48

5

Vegard Fagerli

24.22

6

Max Adams

24.48

7

Geir Hjelle

24.51

8

Benny Hansen

25.44

9

Håkon Solheim

26.17

10

Per Arne Sæterlid

26.41

11

Lars Otto Alme

28.28

12

Ola Andreas Ommedal

30.38

13

Åsmund Ommedal

32.32

14

Ole Jakob Mjellem

33.21



Her er deltakarlista i mosjons-klassa. Kjekt å kunne vise ei slik liste, det syner at svært mange har interresse for denne forma for aktivitet.

Deltakarar i mosjonsklassa.



Startnr.

Namn

1

Nikoai Ommedal

2

Kristoffer Ommedal

3

Birgith Aursjø

4

Aud Aursjø

5

Johanne Aursjø Holme

6

Marianne Sårheim

7

Ola Henning Ommedal

8

Bjørn Petter Rygg

9

Ørjan Rygg

10

Kurt Djupvik

11

Margreth Aa Djupvik

12

Johanna Louise Solheim

55

Jon Bjørn Solheim

56

Målfrid Solheim

57

Inger Marie Solheim

13

Atle Hjelle

15

Jon Martin Rønnekleiv

16

Malin Sofie Rønnekleiv

17

Ottar Erik Rønnekleiv

18

Astri Marie Rønnekleiv

19

Anne Kristin Rønnekleiv

20

Sigrid Ommedal

21

Judith Aa

22

Hilde Aa

23

Magne Ommedal

24

Rasmus Ommedal Ohrstrand

25

Elias Ommedal Ohrstrand

26

Brynhild Ommedal

27

Karine Ommedal

28

Torunn Ommedal

30

Torbjørn Holme

31

Solfrid Utheim Rygg

32

Margunn Solheim

34

Sivert Jan Ommedal

35

Lars Martin Ommedal

36

Østen Olai Ommedal

40

Oda Karin Hope

41

Terje Skamo

42

Katrin Elin Skamo Hope

44

Heidi Mjellem

49

Ole Matias Aa






Olsokløpet.

Postet av Hyen IL den 28. Jul 2015




Hyen Idrettslag invitere til "Olsokløpet" 2015 onsdag den 29/7.
Som dei fleste veit har eldskjeler på Solheim og Hjorteset arrangert "Solheimsløpet i ei årrekke.
I den forbindelse tenkte vi at det kunne vore litt kjekt å laga til ein slags turløpkarusell i Hyen, der Olsokløpet er det andre løpet.
Det siste løpet er til Aastøylen den 7/8-2015. Meir om det seinare.
Løypa er enkel, start ved bompengebua i Ommedal, 30 moh, mål er på parkeringsplassen på Ommedalsstøylen, 550 moh. Lengde er ca. 3,1 km.

Startkontigent kr. 50,- for alle deltakarar. Betalar når ein registrerar seg ved start.

Utgangspunktet vårt er at vi vil ha flest mogeleg deltakarar, ingen aldersgrenser. Det blir mogeleg å starte frå kl. 18.00 og utover for dei som ikkje ynskjer å ta tida. kl 18.45 startar vi ei klokke slik at dei mosjonistane som ynskjer det kan få registrert ei tid når dei kjem til støylen.
Kl. 19.30 startar det vi kallar konkurranseklassa, alle på ein gong.
Det blir enkel premiering. Premietrekking på idrettsbasaren blandt alle dei som deltek på alle tre turløpa.

På Ommedalsstøylen er det tradisjon å feire olsok med grilling og bålbrenning. Derfor ynskjer vi å invitere alle som vil til å bli igjen utover kvelden. Eller gjerne sette opp telt å bli lenger. Budeiene og budørane på Ommedalsstøylen held bål og grillar, så berre ta med mat, drikke og varme klær for å nyte ein flott langkveld på Ommedalsstøylen.
Skulle nokon trenge skyss eller transport av mat og klær anten opp eller ned, skal vi ordne det. Ellers er det bomveg til støyls for dei som vil køyre sjølve.

For nærmare info kontakt:
Ola Henning Ommedal tlf. 977 52 415
Bjørn Petter Rygg tlf. 950 57 200





Resultat Triatlon Friluftshelga 2015.

Postet av Hyen IL den 26. Jul 2015

Her finn de resultatlista frå Triatlonkonkurransen under Friluftshelga. Vil komme tilbake med meir detaljert resultatliste med oppdaterte etappetider litt seinare. Litt for få deltakarar, men god kvalitet på prestasjonane.
Vil oppfordre fleire til å legge Triatlon i Hyen inn som eit mål for seinare arrangement.

Resultat Triatlon 2015.pdf





Resultatliste frå Nasjonalt Stemne Hyen 2015.

Postet av Hyen IL den 22. Jul 2015




Då er det Nasjonale stemnet på Idrettsplassen over for i år. Eit kort og komprimert stemne som gjekk veldig greitt føre seg, takka være dyktige funksjonærar og laglege deltakarar. Veiret kan vi ikkje gjere noko med, det må vi bruke som det er.
Nok ein gong, TUSEN takk til alle funksjonærar som gjer dette mogeleg.
Resultatlista finn de på linken under.
Resultatliste - Komplett.pdf


Tidsskjema Nasjonalt stemne.

Postet av Hyen IL den 21. Jul 2015

Tidsskjema Nasjonalt Stemne 2015.pdf
Då er tidsskjema for det Nasjonale stemnet klart. Det er eit forholdsvis lite stemne, men vi skal arrangere det på ei lita kveldsstund, litt forsinkelsar kan det bli.


Nasjonalt stemne.

Postet av Hyen IL den 16. Jul 2015

Plakat nasjonalt stemne 2015.pdf






Friluftshelga nærmar seg, og med den kjem det nasjonale stemnet i friidrett på Idrettsplassen i Hyen.
Vi har det same programmet som tidlegare, med unnatak av slegge, som vi desverre må trekke ut av øvelsestilbudet. Men der blir diskos, det startar kl. 17.00 i Vikja ved bensinstasjonen. Dei andre øvelsane startar kl. 18.00 på Idrettsplassen.

Vel møtt!!



GLOPPEN FRIIDRETT- OG HANDBALLSKULE

Postet av Hyen IL den 26. Mai 2015

GLOPPEN FRIIDRETT- OG HANDBALLSKULE

23.-25.JUNI 2015



Hei

I sommarferien vert Gloppen friidrett- og handballskule arrangert for deg som går i 1.-7.klasse. Her vil du få prøve deg på friidrett, handball og ulike leikar på Idrettsplassen ved Stilstova, i Trivselshallen og i Jølet. Du får òg lære om fysisk aktivitet og idrett på Newton-rommet ved Firda VGS. Siste dag vert det arrangert eit myldrestemne der du kan velje mellom ulike stasjonar og konkurransar.

Du tar med deg eiga nistepakke. Vi stiller med frukt og drikke alle dagar, samt grillmat siste dag. Skulen er leia av medlemmer frå Gloppen friidrettslag og Gloppen handballklubb. Du treng ikkje å ha noko forkunnskap for å delta. Det blir deltakarpremie til alle som har gjennomført friidrett- og handballskulen.



Pris: Kr. 700 p.p.

Søskenrabatt: 2 born kr.1300 og 3 born kr.1900.



Påmelding med namn på deltakar, alder, namn på føresette, mobilnummer og e-post adresse til: niovero@online.no eller på mobil 41415380, innan måndag 15.juni.

Legg også til viss den påmeldte har allergiar/spesielle behov.



Oppmøte ved Stilstova tysdag 23.juni kl.09.00.

Tidsramme: Tysdag 09.00 – 14.30. Onsdag og Torsdag 10.00 – 14.00.



Håpar vi sjåast!

Med venleg helsing Gloppen Friidrettslag, Gloppen Handballklubb

og Ragnhild Ryssdal, leiar friidrett-og handballskulen 2015.

Flygeblad gloppen friidrett- og handballskule 2015.pdf



Nøklar til idrettsbygget.

Postet av Hyen IL den 4. Mai 2015

Hyen Idrettslag er i den unike situasjonen at vi har tilgang til idrettsbygget sine fasilitetar på kveldstid og delvis i helgane. I og med at dette er eit skulebygg som ligg inn under Hyen Skule, er vi avhengige av velvilje og tillit frå dei ansvarlege ved skulen.

Denne velviljen og tilliten må vi alle være med på å jobbe opp i form av respekt for idrettsbygget og utstyret vi brukar. Det bør det ikkje være noko tvil om.

Vi har det siste året hatt nokre tilfeller med at dører og glas har stått åpe når reinhaldarar og vaktmester har kjeme om morgonen. Dett er ikkje bra. Det seier seg sjølv at det er uforsvarleg med åpne dører i eit hus med symjebasseng og vektrom.

Dei som er ansvarlege for treningane er også ansvarlege for at huset blir låst etter at aktiviteten er over for kvelden. Og der er ei utfordring.
Nøklane til huset. Hvis det gjentek seg at dører står åpne etter at idrettslaget har vore der, kjem rektor til å vurdere innsamling av nøklane.

Men det er vel ein jobb vi skulle ha gjort uansett. Kven veit kor mange nøklar idrettslaget disponerar, i tillegg til dei andre nøklane som er utdelte til personar med adgang til huset.

Styret i idrettslaget ynskjer egentleg at ALLE som ikkje er treningsansvarlege, men likevel har nøkkel til huset, leverar desse inn. Dette er truleg nøkkel nr. 5. Vi har ansvarlege for treningar som faktisk ikkje har nøkkel, men må låne med andre. Dette går ikkje.

Ut i frå det vi har opplysningar om skal det være rikeleg med nøklar til alle som er ansvarlege for aktivitetar i huset.

Målet vårt må være at vi kan få ein fullstendig oversikt over nøklane som idrettslaget disponerar.
Derfor er oppfordringa vår at de som har nøkkel som de egentleg ikkje har bruk for, eller finn ein nøkkel som de ikkje har visst om, levèr den inn til nokon av oss i styret eller direkte til skulen.










RESULTAT FRÅ LAGSMEISTARSKAP

Postet av Hyen IL den 7. Apr 2015









RESULTAT FRÅ LAGSMEISTARSKAP

LANG LØYPE PÅ DALHEIM, torsdag 02.april 2015

Jenter 7 år, 2,0 km

Selma Holm Sæterlid 16,58

Gutar 7 år, 2,0 km

Elias Ommedal Ohrstrand 11,51

Jon-Ivar Rønnekleiv 17,13

Jenter 9 år, 2,0 km

Kristine Rønnekleiv 15,38

Gutar 9 år, 2.0 km

Rasmus Ommedal Ohrstrand 11,08

Gutar 11 år, 3.0 km

Nr 1 Morten Ommedal 09,33

Nr 2 Kristoffer Ommedal 19,12

Gutar 12 år, 3.0 km

Nr.1 Eirik Rønnekleiv 09,48

Gutar 12 år, 5,0 km

Nr.1 Thomas Sæten 23,16

Pass. 5 km pass. 10 km pass. 15 km MÅL.

Gutar 15 år, 10 km

Nr.1 Kent Ove Sæten 16,00 32,50

Gutar 17 år, 20 km

Nr.1 Jon Rolf Skamo Hope 13,50 27,48 42,30 57,48

Menn 45-49 år, 20 km

Nr.1 Per Arne Sæterlid 17,17 34,46 53,57 1,15,25

Nr.2 Erik Ommedal 17,16 34,45 53,56 1,17,00

Menn 65-69 år, 10 km

Nr.1 Erik Hope 21,25 43,15

SKIMERKET 5,0 km

MV 55-59 Tor Øyvin Aa 22,53


































>


Resultatliste Lagsmeisterskap kort løype 21. mars på Høgdene

Postet av Hyen IL den 23. Mar 2015



Martin, Erik og Jan Harald på «seierspallen».



Sol og god stemning på Høgdene, men vi skulle gjerne hatt med fleire…

Det var nydeleg solskinn på Høgdene, men skuffande få som møtte opp. 13 stk deltok i skirennet, som gjekk i fristil, men nokre ekstra møtte opp og fekk registrert deltaking på «Kom i form på ski».





Resultat fristil:

Gutar 6 år 1,5 km: Sander Hope deltatt

Jenter 9 år 1,5 km: Sunniva Sæther deltatt

Gutar 10 år 1,5 km: Alexander Sæther deltatt

Lars Olav Røyrvik deltatt

Jenter 10 år 1,5 km: Kristine Ommedal deltatt

Gutar 11 år 2 km:
1. Morten Ommedal 9.09
2. Bjørn André Røyrvik 11.57

Gutar 14 år 3 km:
1. Marius Eimhjellen 11.17

Gutar 15 år 5 km:
1. Kent Ove Sæten 14.15

Gutar 16 år 5 km:
1. Tore Eimhjellen 17.41


Vaksne karar 10 km
1. Erik Ommedal 7.48 15.48 24.26 32.33
2. Martin Eimhjellen 7.47 15.47 24.23 33.09
3. Jan Harald Ommedal 9.08 19.04 28.56 39.06







LAGSMEISTERSKAP KORT LØYPE PÅ HØGDENE LAURDAG 21. MARS KL. 13.00 (fristil)

Postet av Hyen IL den 21. Mar 2015

Vi oppfordrar hyarar i alle aldrar til å komme og delta på lagsmeisterskap kort løype på Høgdene på laurdag. Rennet går i FRISTIL. Ein går same distansen som på karusellrenn. Det er eiga premiering for deltaking i lagsmeisterskapet (får på premiefesten)

KOM I FORM PÅ SKI, ny sjanse

Dei som deltok minst tre gonger på karusellrenn / kom i form på ski skulle få vere med i trekninga av gåvekort. No blir det ein ekstra sjanse til å få med seg den tredje gongen viss du er ein av dei som berre rakk to gonger. Dei som deltek i lagsmeisterskapet på laurdag, kan få det teljande som den tredje gongen. (Hugs at du også må ha betalt deltakarkontingenten til «Kom i form på ski» på 20,- kr pr person for å vere med i gåvekorttrekninga). Viss du ikkje ønskjer å gå lagsmeisterskapet med tidtaking, kan du gå utan tidtaking og få registrert deltaking på Kom i form.Men for å få premiering eller deltakarpremiering i lagsmeisterskapet må ein delta med tidtaking på vanleg måte.

Skigruppa / Idrettsskulen



Jon Rolf med flott bronsemedalje på Junior NM.

Postet av Hyen IL den 8. Mar 2015

Fredag 6. mars tokJon Rolf bronse på 10 km fristil under junior NM på ski i Hommelvik. Hyen IL gratulerar så mykje, både Jon Rolf og foreldra.

Resultat fredag.






Resultat laurdag.

Laurdag var det 10 km klassisk på programmet, og då var det tydelegvis fleire som ville være med å hevde seg. Her kom han på 10. plass, men avstanden til gull var den samme som under fredagens løp, ca. eitt og eit halvt minutt.

Søndag var det stafett der Jon Rolf gjekk på laget frå Sogn og Fjordane som kom på 25. plass.








Livredning på idrettsskulen 4.-7.kl

Postet av Hyen IL den 4. Mar 2015

Livredning på idrettsskulen 4.-7.kl

Av Anne Berit S.

Onsdag 4. mars satsar vi på ei ekstra lang bassengøkt (ikkje gymsal først) med aktivitetar som har med livredning å gjere. Vi blir i bassenget frå 17.30 og er ute att til 19.30. Sidan vi er mange må enkelte ting gjerast puljevis i bassenget medan resten er publikum. Ta med redningsvest og klede; langbukse og gensar/skjorte/jakke. Redningsvest og klede må vere reine, og av ein type som ikkje loar. Bruk "teknisk tøy", det er klede av stoff av den typen som er i det meste av treningstøy og badetøy. Ikkje bruk bomull, det lagar mykje lo i bassenget. Vi kjem til å sjekke kva de har på i bassenget før de hoppar uti, så ta gjerne med nokre alternativ om de er usikre.

Livredning handlar om å kunne berge både seg sjølv og andre i ein kritisk situasjon, og det er nyttig å få teste ut korleis ein redningsvest fungerer i vatnet. Vi kjem til å gjere mykje av det same som vi gjorde i fjor, men det er jo komne mange nye på idrettsskulen, og dei som har prøvd det før, får meir trening...



Jon Rolf,Nordisk Juniorlandskamp på ski.

Postet av Hyen IL den 7. Feb 2015

Denne helga er Jon Rolf på juniorlandskamp i Örnsköldsvik, Sverige. Og det går strålande. I går kom han på 5. plass i klassisk sprint, men i dag tok han sølv på 10 km fristil. Imponerande.


Scandic Cup och NJC 2015

Resultatlista frå dagens løp.
Her er resultatlista frå gårsdagens sprint.
Resultatlista frå dagens løp.


KOM I FORM PÅ SKI OG KARUSELLRENN

Postet av Hyen IL den 12. Jan 2015

KOM I FORM PÅ SKI OG KARUSELLRENN

Informasjon frå skigruppa og idrettsskulen

Endeleg står ein ny skisesong for døra, 2 år sidan sist!

I år har vi tenkt å prøve noko nytt. Vi ønskjer meir fokus på å kome seg ut i aktivitet og mindre fokus på stoppeklokka. Difor har vi laga ei slags blanding av «Kom i form» på Aa-bakkane, og tradisjonelle karusellrenn. Det blir arrangert 4 renn på kveldstid på Høgdene, der det blir ei konkurranseklasse og ei trimklasse.

Konkurranseklassa er frå 11 år og oppover (fødd i 2004 eller før) og startar kl. 18.00. Ein går den distansen som ein skal gå på karusellrenn i følgje alderen med tidtaking. Ein må møte noko før start for å få startnummer. Dei som vil gå så fort dei kan, får dermed starte før alle andre kjem ut i løypa. Når ein er ferdig med distansen sin, kan ein fortsetje utan tidtaking om ein har lyst til det.

Trimklassa er for alle aldrar, og her kan ein starte mellom kl. 18.15 og 19.00. Ein kan velje om ein vil ha tidtaking eller ikkje, og kan gå så mange og så lange rundar som det passar i forhold til kondisjon og skiferdigheiter.

Det blir varm og kald saft, men ikkje bollar.

Vi har bestemt at alle deltakarar uansett alder betaler 20 kr for å vere med (ein betaler berre ein gong i løpet av sesongen), og desse pengane brukar vi til 2 gåvekort som alle som har vore med minst tre gonger kan vinne (loddtrekning). Det spelar inga rolle om ein er med i konkurranse- eller trimklassa.

Det er med andre ord ingen grunn for foreldre til å stå i målområdet og vente på ungane. Bli med rundt i lag med ungane eller i eige tempo og få registrert deltakinga! Dette er ein aktivitet for heile familien J

Karusellrenn / Kom i form på ski, er sett opp på følgjande datoar:

Onsdag 14. januar – fristil

Onsdag 21. januar – klassisk

Onsdag 4. februar – fristil

Onsdag 11. februar – klassisk

Andre skiarrangement i Hyen blir:

Laurdag 21. mars: Lagsmeisterskap kort løype på Høgdene

Skjærtorsdag 2. april: Lagsmeisterskap lang løype i Aa-støylsmarka

Søndag 8. mars: Hyesprinten på Høgdene



Powered by: Bloc