Idrettsbasaren 2016

Postet av Hyen IL den 14. Nov 2016

Mykje folk var samla då idrettsbasaren gjekk av stabelen sist søndag. Dette var fyrste året på lenge at vi ikkje hadde spelemannslaget med oss, men med gode erstatningar er det ikkje vanskeleg å få underholdning. Tusen takk til blandakoret og 1. - 4. klasse ungar frå Hyen Skule.

Det var også utdelingar av premiar og utmerkelsar for både trimpostane og "Kom i Form". Ein veldig viktig dag for idrettslaget der det blir gjort ein skikkeleg dugnadsinnsats frå mange av medlemmane, og spesielt Judit Aa, som ordnar det meste av det praktiske i førekant. TUSEN TAKK.

Årets basar er heller ikkje noko unntak når det gjeld inntekter med eit overskot på oppunder 70.000. Vi vil takke alle som har bidrege med gevinstar og pengar, alle butikkane på Sandane som har hatt besøk av Judit, og ikkje minst alle store og små bedrifter i Hyen. TAKK.





Idrettsstipendet 2016

Postet av Hyen IL den 14. Nov 2016


Magni Aa Berge deler ut stipendet til Marius Rygg.

Idrettsstipendet for 2016 blei tildelt Marius Rygg under den årlege idrettsbasaren til Hyen Idrettslag som blei arrangert søndag den 13. november.
Dette er eit stipend som er gitt av Olav Hjorteset, og som kvart år skal gå til ein idrettsutøvar mellom 15 og 25 år frå Hyen.

Begrunnelsen for tildelinga:

"Stipendetfor 2016 går til ein person i idrettslaget som ei verkeleg eldskjel. Han brukar mykje tid på andre med tilrettelegging av aktivitet, instruksjon og fagkunnskap innan idrett og mosjon.
Han er ein synleg person i idrettslaget, og eit førebilete for mange.
Slikt engasjement blir høgt verdsett i Hyen Idrettslag. Dei siste par åra har han vore eit friskt pust inn på fotballaget som aktiv spelar, på trening og kampar.
I tillegg til alt dette har han mange gode resultat å vise til i t.d Ungdomsmesterskap i friidrett, og ikkje minst ein 5. plass i tresteg frå Junior NM.
Vi håpar at stipendet kan være ei oppmuntring til vidare prestasjonar og resultat for han, og vidare innsats i idrettslaget, og at dette kan være motivasjon for andre."



Aktivitetsplan.

Postet av Hyen IL den 16. Okt 2016

Aktivitetane i gymbygget og på idrettsplassen startar som vanleg etter haustferien.

Ikkje alle aktivitetane er klar endå, men viser til opplegget frå forrige sesong. Aktivitetane kan bli litt endra etter kvart framover hausten, men dagane er truleg dei samme.

Litt usikker på ballspelinga på laurdag blir aktuelt, har ingen ansvarlege endå. Dette blir informert om så snart det er klart.

Ellers så håpar vi at så mange så mogeleg tek seg tid til å delta på aktivitetane, her er bra med tilbud, så det er berre å møte opp.

Er det nokon som saknar tilbud, eller har aktivitetar ein kunne tenke seg, er det berre å ta kontakt, så får vi sjå kva vi kan ordne med.

Idrettsbasaren bli i år søndag den 13. november kl.13.30. Nærmare annonsering kjem seinare.

Vel møtt til ein ny sesong.


DAG

STARTDATO

KLOKKESLETT

AKTIVITET

ANSVARLEG

Mandag

17/10-2016

10.30-11.00

19.30-21.30

Trim for eldre Løkjatunet

Grunntrening alle ute, basis inne kl. 20.30. 8. Klasse og oppover

Anna Holme, Judith Aa
Ola Henning og Marius Rygg

Tysdag

18/10-2016

Seinare

20.00-22.00

18.00-20.00

Dametrim, gymsal, vektrom og badstu

Skitrening på Høgdene

Kirsti Meyer Hope

Erik Ommedal

Onsdag

19/10-2016

17.30-19.30

20.00-22.00

Idrettsskule

Gubbetrim gymsal, vektrom og badstu


Matias Hope

Torsdag

20/10-2016

17.30-19.30

Idrettsskule

Fredag

28/10-2016

18.00-19.00


19.00-21.00

Trening til musikk, gymsal, 8. Klasse og oppover

Fotballtrening, ute og gymsal.

Kirsti Meyer Hope

Åsmund Ommedal

Laurdag

22/10-2016

15.00-18.00

Basketball, anna ballidrett for vaksne

Søndag

23/10-2016

19.00-21.00

Fotballtrening, ute og gymsal, utan garderobe

Åsmund Ommedal



Magnus vann slegge under UM i Sandnes.

Postet av Hyen IL den 3. Sep 2016

Laurdag føremiddag kasta Magnus sitt lengste kast nokon gong då han vann Ungdomsmeisterskapet i slegge som går i Sandnes denne helga.

Alle i Hyen gratulerar Magnus med ein kjempeflott prestasjon.

http://um2016.site44.com/menu.html



Aa-støylsløpet 2016.

Postet av Hyen IL den 14. Aug 2016

Fredag den 19. august 2016 blir Aa-støylsløpet arrangert. Dette er andre året det blir arrangert, og det tredje og siste løpet i motbakke/støylsløp karusellen i Hyen.

Løpet er meint for mosjonistar i absolutt ALLE kategoriar. Ingen aldersgrense eller kvalifikasjonar. Ein kan gå, jogge, springe eller sykle alt etter kva inndeling ein vel.

Kategoriane er:

    • Mosjonist gå/springe alle aldrar 2,5 km frå Dalheim til Aa-støylen
    • Mosjonist sykkel alle aldrar 2,5 km frå Dalheim til Aa-støylen
    • Konkurranse løp alle aldrar 2,5 km frå Dalheim til Aa-støylen

Mosjonistane kan starte mellom kl. 18.30 og 19.30. Dei som ynskjer registrert tid gjev beskjed om det ved påmelding.
Konkurranse løp og startar kl. 19.45.

Startkontigent kr. 50,- for alle registrerte deltakarar.
Transport til og frå Aastøylen med kle og anna kan ordnast.

For nærmare info, ring:

  • 99695298, Judith Aa
  • 97752415, Ola Henning Ommedal
  • 95057200, Bjørn Petter Rygg


Invitasjon til Kletten Opp

Postet av Hyen IL den 9. Aug 2016



Turorientering under Friluftshelga.

Postet av Hyen IL den 30. Jul 2016

Laurdag og søndag i friluftshelga er det lagt opp til at ein kan få prøve turorientering i ei løype rundt sentrum i Hyen. Løypa er lagt ut av ein orienteringsløpar frå Førde, og der er lagt inn ein liten konkurranse med oppgåver som ein skal løyse når ein er komne i mål.

Dette er eit heilt nytt tiltak frå idresttslaget si side, så vi er litt spente på korleis dette vil bli imotteke.

Bilde de ser her er IKKJE den ferdige løypa, det kartet får ein utdelt når ein registrerar seg før ein startar.

Det er valgfritt kor tid ein vil gå denne løypa. Vi vil prøve å være tilgjengelege begge dagane, så berre ring eller send melding til Bjørn Petter Rygg, 950 57 200 eller Anders Ommedal, 415 27 381. Vi er sikkert i nærheten av Columbus heile helga, så berre spør etter ein av oss.



Nasjonalt stemne i friidrett.

Postet av Hyen IL den 29. Jul 2016

Onsdag kveld blei det Nasjonale stemnet i friidrett igjen avvikla.

Med berre 35 deltakarar gjekk det nesten som smurt, sjølv om det ei stund var litt hektisk på kastanlegget i Vikja.

Interressa for kast har auka betrakteleg, medan dei andre øvelsane har hatt ein tilbakegang.

Men igjen synte det seg for at med den erfaringa Hyen IL har med å arrangere, så blei arrangementet upåklageleg.

Det er godt å sjå at folk som blir spurt år etter år stiller opp som funksjonærar å gjer ein utruleg god jobb. og det er det vi får tilbakemeldingar på også.

Så TUSEN TAKK til ALLE som brukte denne våte kvelden som funksjonærar i friidrettens tjeneste på Idrettsplassen og i Vikja.

Resultatmessig var det vel ein heilt grei kveld, men ein som utmerka seg var 80 år gamle
Kjell Odd Sternest frå Jølster. Han sette like godt norsk rekord på 400m med tida 78,69 sek. Det er ein utruleg god prestasjon, og vi gratulerar.

Ellers fin ein resultatlista på linken under.


Resultatliste - Komplett.pdf



Fjelltur Friluftshelga.

Postet av Hyen IL den 27. Jul 2016

Torsdag er det dagen for fjellturen i forbindelse med friluftshelga. Planen var å gå til denne flotte plassen som bildet over syner. Det er Tjønnadalen inst inne i Vassendedalen på sørvestenden av Storefjorden.

I fineveir er dettte ein fantastisk fin tur, men som alle sikkert har fått med seg så er ikkje veirmeldingane heilt gode. Å gå på fjelltur i regn og ving, og kanskje skodde, det er ikkje noko særleg. Derfor kan turen bli avlyst på kort varsel. Er veiret dårleg når vi møter opp på Eimhjellevassenden, blir det avlyst.

Vil prøve å halde det oppdatert på facebook sida til friluftshelga, så følg med på den i morgon tidleg, ev. ta kontakt.



Olsokløpet 2016

Postet av Hyen IL den 26. Jul 2016


I eit forrykande regnveir sleit 40 mosjonistar og 22 konkurranseløparar opp til Ommedalsstøylen i går kveld.

Bilder og stemningsrapportar finn ein på forskjellige facebook-sider. Men resultatlista finn vi her:

http://www.webscorer.com/24286



Nasjonalt stemne i friidrett.

Postet av Hyen IL den 22. Jul 2016

Som tidlegare annonsert arrangerar Hyen Idrettslag Nasjonalt stemne i Friidrett på Idrettsplassen onsdag 27.juli. Kl.17.00 startar kastøvelsane i Vikja, og kl. 18.00 startar løp og andre tekniske øvelsar på Idrettsplassen.




Klasser:

Jenter / gutar: 13 – 17 år

Junior jenter / gutar: 18-19 år og 20-22 år

Senior og veteran kvinner / menn


Øvingar alle klasser:

100 m – 400 m – 800 m – 1500 m

1000 m kappgang

Lengde – høgde

Kule – diskos - slegge

Gutar / jenter / menn / kvinner

16 år og eldre: 3000 m



Startkontingent pr. øving:

Jenter / gutar 13-15 år: kr 60,-

16 år og eldre: kr 90,-

Skal betalast ved påmelding til konto: 3710 30 53235



Påmelding innan mandag 25.juli.

Påmelding: online via

www.minidrett.no

(utøvar sjølv) eller

www.sportsadmin.no

(dersom leiar melder på). Web påmelding stengjer

26. juli. kl. 23.59.

Ved spørsmål, kontakt

Ola Henning Ommedal,

Tlf. 97752415, eller

post@hyenil.no


Velkomen til Hyen!

Arr: Hyen IL, Friidrettsgruppa



Men husk Olsokløpet på mandag 25. juli kl. 18.30. Eit sosialt mosjonsarrangement med flotte premiar til alle unge til og med 14 år, og trekking av gåvepremiar for alle.



OLSOKLØPET

Postet av Hyen IL den 17. Jul 2016

Vi vil i tida framover informere litt om arrangement idrettslaget er med å arrangere i forbindelse med Friluftshelga 2016.

Det startar allereie mandag den 25. juli. Då er det Olsokløpet som blir arrangert i samarbeid med grunneigarane i Ommedal.

Vi åpnar for turklassa klokka 18.30. Registrering når ein startar ved bompengebua i Ommedal.
Konkurranseklassa startar kl. 19.30 presis. Møt opp i god tid før start.

Startkontigent kr. 50,- for alle tur-og konkurransedeltakarar.

Parkering langs med første delen av stølsvegen, ellers på tilgjengelege plassar inne i Ommedalen. Det er også mogeleg å køyre til Ommedalsstøylen med proviant og tørre klær.

Premieutdeling etter løpet, så vi håpar flest mogeleg tek seg tid til å stoppe igjen.

Der blir salg av kaffi og kaker, og tilgang til grillar for dei som ynskjer å stogge igjen.

Løypa er 3100 meter, og går på Gamlesætravegen som går frå Fv 691 i Ommedal til Ommedalsstøylen.
Start ligg på 35 moh, og målgang blir inne på støylstunet 550 moh.
Høgaste punktet er Ormehaugen berre 100 m før mål, der er det 555 moh.

Kart over løypa

Løypeprofil.






Solheimsløpet 2016.

Postet av Hyen IL den 12. Jul 2016

Fredag den 8. juli gjekk Solheimsløpet 2016 av stabelen. Eit løp som er blitt ein tradisjon må ein seie, der suksessfaktoren er entusiastiske grunneigarar, trufaste deltakarar og det sosiale samveret.

På ein veldig grei måte har arrangørane sydd i hop eit opplegg som fungerar frå år til år, der spesielt premieringa er imponerande. Dei har gjort ein flott innsats med å skaffe gåvepremiar til både konkurranseløparane og dei andre registrerte deltakarane.


Foto: Sølvi Sæther

To fornøgde vinnarar i kvar si klasse. T.v. Jon Rolf Skamo Hope som vann seniorklassa,
og t.h. Kent Ove Sæten som vann juniorklassa.


Foto: Sølvi Sæther

Trangt om plassen i målområdet under premieutdelinga, men det er plass til endå fleire. Det er vel verd ein tur neste år. Slike arrangemet er ein flott måte å samlast på.

Antal deltakarar og tider hat eg ikkje tilgjengeleg, men håpar dei som har tilgang til det kan legge det inn som kommentar på facebook.



Kampreferat frå fotballgruppa.

Postet av Hyen IL den 1. Jul 2016

Haugen-Hyen 1-0.

Hyen har hatt medvind i år og stilte med eit sterkt lag borte mot Haugen denne tysdagskvelden. Det var mørke skyer på himmelen og Hyara med kunstgrassko frykta at det skulle komme ei rotbløyte, men det gjorde det ikkje denne dagen.

Hyen starta med dette laget. Nils i mål, Øyvind Magnus og Ola Andreas på backane, Henningen og Barabasas i midtforsvaret. På sentralmidtbana var Torleiv, Tautvydas (tony) og Anders Ommedal. På vingane spelte Marius Rygg og Per Inge Straume. På topp Roger. På benken sat Åsmund Ommedal, Mikael Nordal og Ole Jakob Mjellem.

Hyen hadde stortsett god kontroll bakover i denne kampen, Haugen sin unge raske spiss prøvde å finne bakrom bak øyvind og Barabas, men vart stansa av desse to, ved alle høva. Haugen hadde ein kjempeovergang etter ein Hyen corner, men ei fantastisk sklitakling på 16 meteren av Per Inge hindra denne situasjonen i å bli farleg. Ellers var per inge særs god denne kampen, han slo tunnellar og leika seg ute på vingen. Per Inge har etablert seg som eit fast og godt inventar på Hyenlaget i ein alder av 16 år.

Etter ca 30 minutt putta hyen ballen i mål. Målet kom etter ei pasning i bakrommet ut til venstre, der venta Anders Ommedal og satte ballen i mål. Dessverre meinte dagens dommar at det var offside, og målet vart annulert.

Hyen er flinke å komme rundt på begge kantane og skape inleggssituasjonar.

Hyen går til pause med 0-0. Kjensla var at ein jobba godt bak og at det fort kunne komme ein overgang slik at ein fekk putta ballen i mål.

Dei tre på benken kom inn på bana og ein var klar for andre omgang. Roger hadde ein mulighet etter dødball, han fekk vendt opp og skote inne i 16 meteren, men dessverre gjekk skotet i stolpen og ut. Per Inge kom rundt på høgresida og fekk skote ballen forbi keeper, men den gode Haugen stopparen fekk redda ballen med ei sklitakling på streken.

Etter 65 minutt kom Haugen sitt mål etter at det var noko ubalanse i Hyen laget og Haugen hadde ein del spelara inne i feltet, Torleiv Straume kom bort i Haugen sin spiss og han falt i bakken. Straffa var då eit faktum. Denne sat Haugen spelaren til venstre og i mål.

Hyen freista å presse opp laget, bla freista øyvind å bidra meir offensivt, dette var nok medvirkande til at han måtte bytte etter 80 minutt med krampe i begge leggane. Hyen kom til nokon småfarlighetar, men var akkurat litt for upresise framfor mål. Kampen ebba ut med 1-0 siger til heimelaget. Hyarane var skuffa over resultatet, her kunne ein fort tatt med seg poeng attende til Hyen. Truleg var det at ein gløymde kampropet som gjorde utslaget denne kampen, ei lita samling før kampen skaper samhald og energi i laget.

Neste kamp er mot Oppstryn tysdag 14.06.16 kl 1900 på Heimebane



Avslutning på Aasen

Postet av Hyen IL den 6. Jun 2016

Her er eit par bilde frå idrettsskule avslutninga på Åsen ved lavoen.




Kampreferat frå fotballgruppa.

Postet av Hyen IL den 30. Mai 2016

Hyen starta sesongen på bortebane mot Stadtlandet/Åheim. Stillinga til slutt vart 1-3 siger til Hyen.

Fyrste målet kom ved Marius Rygg i fyrste omgang. Stadtlandet fekk eit mål og kort tid før pause skåra Tony Tautvydas. Hyen gjekk då til pause med 2-1 leiing. I andre omgang scora Va Ovidijus mål i sin fyrste kamp for Hyen. Resultatet vart til slutt 3-1 til Hyen. Hyen hadde fleire store sjansar på slutten, men kampen ebba ut med 3-1 siger til Hyen.

Roger Knutsen Nordal er attende på Hyen etter fleire år i Bergen, der han har spelt for Viggo. No har han atter aksla den blåe skjorta til Hyen, kjekt at Roger er kommt attende.

Hyen-Breim/Jølster 2 stillinga 2-2 til slutt.

Dette var eit ok resultat for begge lag, sjølv om Breim/Jølster tykte dei burde vunne kampen med mange mål. Måla til Hyen kom ved Roger og Per Inge Straume. Roger scora eit av sine beste mål i karriæra då han måka ballen i krysset frå 17 meters hold. Målet til Straume kom ved ein dødball som vart svinga på bakerste stolpe og Straume hamra den i nota. Elles var kampen so det pla mot Breim, mykje duellar og kriging.

Svelgen –Hyen 1-2 siger til Hyen.

Hyen har gjennom historia tatt smått med poeng i Svelgen. Men endeleg var dagen kommt! Hyen hadde mykje medvind i fyrste omgang, det kan nevnast at Nils Storsletten sparka eit frispark direkte i stolpen frå ca 80 meters hold, totalt utagbart for keeper. So nære å bli den andre keeperen i Hyen historia som scorar mål på utspark. Ellers hadde Hyen god kontroll og mange store sjansar i fyrste omgang. Målet kom ved eit langt utspel frå Nils, som vart stussa av Roger. Anders Ommedal plukka opp stussen, var aleine med keeper, og sat ballen i mål bak Svelgen keeperen. Til pause sto det 0-1 til Hyen.

Etter pause løfta Svelgen seg og fekk meir tak i kampen, Hyarane sleit med å springe nok og krige nok på midtbana. Etter vel 60 minutt fekk Svelgen målet sitt. Eit innlegg frå Høgre vart putta utagbart i nettet av ein Svelgen spelar. Hyen fekk etter dette inn på Anders Ommedal, som med si løpskraft var med på endre kampbildet til at det vart noko meir javnspelt.

Etter 70-80 minutt fekk Roger ei perfekt pasning i bakrommet, denne tok han vel vare på og lobba den over keeper til 2-1 og stor jubel for Hyarane. Dette vart også resultatet til slutt, sjølv om Svelgen freista å trøkke på for å få eit mål. Nils Storsletten spelte særs godt denne kampen, var trygg og god.

Hyen- Vikane/Loen/Stryn 3 resultat 2-1 til Hyen

Hyen møtte denne kvelden spelarar frå tre ulike klubbar på samme laget. Attende på sentralidrottsanlegget var Svein Rune Kjøllesdal som det siste par åra har spelt på Hyen, men som no representerar Vikane og co. Kjøllesdal skapte ein del latter og smil denne kampen med kommentaren "no må vi gå i duellane då Hyen". Du er velkommen attende til laget når som helst Svei Rune. Elles stilte Hyen med kanskje tidenes Eldste forsvarfirar med eit gjennomsnitt på tett opp under 40 år. To ganger Øyvind på bakane og brorane frå Ommedalen i midtforsvaret. Men alder er ingen hindring, som snart skal få lese nedanfor her.

Fyrste målet kom i fyrste omgang, eit langt kast vert stussa av Øyvind Magnus og inn i målet. Ballen var klistra i bakerste kryss utagbart for keeper. Øyvind Magnus sitt andre mål i karriæra.

Etter pause scora Ola Henning eit flott mål med haudet etter ei corner, ballen sat heilt oppe med tverrliggaren utagbart for keeper. Ola Henning har nokon mål på sine over 250 kampar, men det er ei stund sidan sist. Så dette var kjekt for Henningen.

Vikane fekk 2-1 målet etter ein retur på corner. Ein god kamp av Hyen i sola på sentralidrottsanlegget.


Flateraket/Selje 2 – Hyen 2- 1 siger for Hyen.

Torsdag 26 mai tok Hyarane turen til Flateraket for å spele kamp. 15 Hyarar var med til Selje Kommune. Framme på Nausteigen stadion vart vi møtt av ein trivelig garderobe med framsatt juice, frukt og sjokolade. Det er alltid kjekt å komme til Naustteigen stadion. Året før vart det tap, men etter kampen fekk vi rømmegraut av grenda og det var kjekt. Bana er naturgras, og det er kjekt å spele på det etter gammalt.

I år var det ikkje rømmegraut vi var ute etter, men heller tre poeng.

Nils starta i mål, øyvind magnus (kaptein)og henning i midforsvar, torleiv og ola andreas på bacane. På midten Ovidius, Marius Rygg, Per Inge og Ottar. På topp Roger og Tautvydas. På benken starta Øyvind Larsen, Anders Ommedal, Åsmund og Mikael.

Det var sterk sol på stadion, men ingen vind å snakke om i år. I fyrste omgang hadde Hyen fleire nesten sjansar, som kunne resultert i mål. Roger hadde ein fin skotmoglegheit som målmannen til Flateraket redda med ei fin beinparade. Målet til Hyen kom etter ei corner der Torleiv Straume nikka ballen hardt i mål. Målgjevande pasning av Marius Rygg.

Målet til Flateraket kom etter at Hyen forvaret var blenda av sola, ei pasning i bakrommet vart plukka opp og Flaterakets unge spiss scora aleine med Nils.

Kan nevnast at det var særs varmt og at det etter 22,5 minutt var drikkepause. Dette gjorde godt. Bra tiltak av dagens flinke dommar.

Etter pause var Hyarane einige om å jobbe hardt for siger. Inn kom Øyvind Larsen og Mikael. Hyen hadde ikkje så mange sjansar etter pause , men ein kan nemne Ovidius som var nær ved å score på ei corner.

Målet til Hyen kom etter at Mikael tok ballen nede på linja og slo eit hardt innlegg på bakerste stolpe der Marius Rygg kom skliande og nærmast takla ballen inn i målet til motstandaren. Godt innlegg av Mikael og eit ordentlig vilje mål av Marius.

Hyen jobba godt denne kampen, forsvaret vann mange duellar og hadde stortsett kontroll. På slutten klarte Hyen å dra sigeren inn til tross for at Flateraket hadde ei corner rett før slutt. Denne heada Henningen rutinert vekk.

Neste kamp er mot STIL 2 i Hyen tysdag 31.05



Invitasjon til Florø Indoor

Postet av Hyen IL den 19. Jan 2016

  • Invitasjon til Florø Indoor
sprintbaner florø.jpg

Invitasjon til Florø Indoor

Florø T&IF inviterer til det tradisjonelle eliteinnandørsstevnet Florø Indoor 6. februar. Som vanleg er her også lagt inn sprintstevne for ungdom 13-19 år.

18.01.2016 narve.heggheim

Sprintbana i Florø med sitt Mondodekke er kjend for å vere eit av dei raskaste i landet innandørs. I elitestevnet 6. februar kjem fleire av dei beste norske sprint og hekkeløparane samt fleire utanlandske topputøvarar. Lokale håp som Øyvind S Kjerpeset, Jostein Fossøy og Kristi S Kjerpeset stiller også i stevnet.

I forbindelse med elitestevnet vert det også arrangert Fjord 1 ungdomsstevne der aldersbestemte utøvarar 13-19 år kan delta på 60m og 100m. Det vert alltid ekstra god temperatur i hallen på desse stevna slik at det er ideelle "sommarforhold" i hallen denne dagen.

Webpåmelding på www.minidrett.no er open og arrangøren har også no lagt inn koblingsklasse G/J 18/19 i stevnet. (står ikkje i tekstdokument under)

Innbyding til arrangementa finn du her: Florø Indoor, Fjord 1 ungdomsstevne

Vel møtt til Florø Indoor anten som deltakar eller tilskodar!





Årsmøte 2016

Postet av Hyen IL den 6. Jan 2016

ÅRSMØTE

Årsmøtet i Hyen Idrettslag vert halde fredag 29. januar 2016 kl. 20.00 i Hyen Samfunnshus.

Saker som ein ynskjer å ta opp på årsmøtet, må vere styret i hende innan
22.01.2016. Evt saker kan sendast til post@hyenil.no

SAKLISTE:

  1. Åpning
  2. Godkjenning av innkalling, saklista og møtereglar.
  3. Val av møteleiar, sekretær og to til å skrive under møteboka.
  4. Godkjenning av årsmelding frå styret og gruppene.
  5. Godkjenning av rekneskap for 2015.
  6. Drøfte medlemskontingenten
  7. Budsjett for 2016.
  8. Saker frå styret om medlemmane.
  9. Val

Kaffipause når det høver


Vi ynskjer alle velkomne til årsmøtet.


- Styret -


Dei som ikkje tar attval, må melde frå til valnemnda

v/Nils Ommedal, tlf. 454 88 227, snarast innan søndag 10/1-2016.


Plakat årsmøte HIL 2016.pdf