Aktivitetskalendar

Postet av Hyen IL den 13. Okt 2017

Her er ny aktivitetskalendar for aktivitetane til Hyen Idrettslag. 

AKTIVITETANE STARTAR OPP I NESTE VEKE, VEKE 42.

Slik det ser ut no så kjem dei til å gå som normalt ut dette året, og kanskje litt ut på vinteren i 2018. Når den tid kjem, får vi finne alternative løysingar.

Aktivitetskalendar 2017:2018..pdf



Aastøylsløpet 2017

Postet av Hyen IL den 7. Aug 2017


Fredag den 11. august 2017 blir Aa-støylsløpet arrangert. Dette er det tredje gongen det blir arrangert, og siste støylsløpet denne sesongen.

Løpet er meint for mosjonistar i absolutt ALLE kategoriar. Ingen aldersgrense eller kvalifikasjonar. Ein kan gå, jogge, springe eller sykle alt etter kva inndeling ein vel.

Kategoriane er:

  • Mosjonist gå/springe        alle aldrar             2,5 km frå Dalheim til Aa-støylen
  • Mosjonist sykkel               alle aldrar             2,5 km frå Dalheim til Aa-støylen
  • Konkurranse løp               alle aldrar             2,5 km frå Dalheim til Aa-støylen

Mosjonistane kan starte mellom kl. 19.00 og 19.30. Dei som ynskjer registrert tid gjev beskjed om det ved påmelding. Konkurranse løp startar kl. 19.45.

Startkontigent kr. 50,- for alle registrerte deltakarar. Transport til og frå Aastøylen med kle og anna kan ordnast.

 

For nærmare info, ring:

  • 99695298, Judith Aa
  • 97752415, Ola Henning Ommedal
  • 47617741, Bjørn Petter Rygg


OLSOKLØPET 2017.

Postet av Hyen IL den 24. Jul 2017

Då er det snart Olsok og Olsokløpet ser ut til å bli ein tradisjon. Det blir arrangert i samarbeid med grunneigarane i Ommedal.

I år går det av stabelen fredag 28. juli.

Vi åpnar for turklassa klokka 18.30. Registrering når ein startar ved bompengebua i Ommedal. Konkurranseklassa startar kl. 19.30 presis. Møt opp i god tid før start.

Startkontigent kr. 50,- for alle tur-og konkurransedeltakarar.

Parkering langs med første delen av stølsvegen, ellers på tilgjengelege plassar inne i Ommedalen. Det er også mogeleg å køyre til Ommedalsstøylen med proviant og tørre klær.

Premieutdeling etter løpet, så vi håpar flest mogeleg tek seg tid til å stoppe igjen.

Der blir salg av rømaske, kaffi og kaker, og tilgang til grillar for dei som ynskjer å stogge igjen.

Løypa er 3100 meter, og går på Gamlesætravegen som går frå Fv 691 i Ommedal til Ommedalsstøylen.  Start ligg på 35 moh, og målgang blir inne på støylstunet 550 moh.  Høgaste punktet er Ormehaugen berre 100 m før mål, der er det 555 moh.




Resultatliste Nasjonalt stemne 19/7-2017.

Postet av Hyen IL den 19. Jul 2017

Her er resultatliste frå kveldens stemne.

Resultatliste - Komplett.pdf




HYEN TRIATHLON

Postet av Hyen IL den 16. Jul 2017

Info om triathlon under Friluftshelga. Som annonsert tidlegare blir det arrangert triathlon laurdag i friluftshelga. I år er det ny løype som gjeld, den er tenkt slik at flest mogeleg skal få sjå deltakarane mest mogeleg frå sentrumsområdet/idrettsplassen. Arrangementet er registrert i Norges Triathlonforbund, og delar av startkontigenten går til Engangslisens. Det vil seie at alle deltakarane er forsikra under dette arrangementet, i tilfelle skade. 

Distanse symjing: 100-150 meter
Distanse sykling: 7,5 km
Distanse springing: 2,1 km

Starkontigent Ungdom 13-17 år:    kr 200,-
Startkontigent Vaksne og Veteran: kr 300,-

Vi vil gjerne at flest mogeleg melder seg på  innan påmeldingsfristen, men det er mogeleg å melde seg på heilt fram til ein time før start. Påmeldingsfristen er sett til fredag 21/7 kl. 12.00. Ein kan melde seg på ved å bruke linken under, eller til e-post: bjorn.rygg@online.no

Klikk her for å melde på

For meir info, ta kontakt med ein av oss i styret:

Bjørn Petter Rygg         476 17 741  post@hyenil.no
Marit Straume               905 34 254  straumskona@hotmail.com
Eldar Rønnekleiv          578 69 804  joker.hyen@joker.no
Hanna Ommedal Aa     920 41 636  hanna@akvavet.no
Jon Martin Rønnekleiv  977 82 289  jon.martin.ronnekleiv@online.no

På dette kartutsnittet syner START SYMJING. Ein rundar ei bøye og sym i land på enden av vegen i Vikja. Der startar sykkeldelen, som er beskreven på kartutsnittet under. Sykkeldelen stoppar ved vestibylen på Hyen Skule, der kartet over syner START LØP. Løypa rundar rundt skulen, går opp over til hovedvegen og ned over Løkjabrua, over vegen og opp stien til lavoen i Åsen. Vidare frå lavoen til Furunakken, ved att i Vikja, ut på RV 615 mot sentrum, opp rundt idrettsbygget og inn på idrettsolassen det ein sring ei runde før ein går i mål.


Dette er eit kartutsnitt over sykkeldelen, som startar etter symjinga i Vikja. Ein syklar på RV 615 vestover mot Hope, og tar av til høgre i punkt 2. Der syklar ein opp på Bakkane og ned att langs med Skordalselva og inn att på RV 615 i punkt 1. Ein syklar vestover mot vegsperringa, tar av vegen og syklar gardsvegen austover gjennom Hope. Inn at på RV 615 i punkt 1 der ein tar austover tilbake til sentrum. Når ein kjem over Straumsbrua, tek ein til venstre, og rett til høgre igjen opp til Hyen Skule, der løpsdelen startar.



NASJONALT STEMNE

Postet av Hyen IL den 11. Jul 2017



TRIATLON I FRILUFTSHELGA

Postet av Hyen IL den 10. Jul 2017

Då er det endeleg klart at det blir arrangert triatlon i friluftshelga, laurdag den 22. juli kl. 14.30. Dette vil føregå i ein heilt ny løypetrase i sentrum og opp til Hope. Symjinga blir i Hopsvatnet, syklinga blir opp til Hope og ned at til skulen, og løpsdelen blir i Åsen med målgang på idrettsplassen. Løypa er ny, og med tanke på at publikum skal kunne følge store deler av løpet frå idrettsplassen og området rundt. Under løpet blir RV 615 stengt for bilar mellom Svoa i Hope og bensinstasjonen i Hyen for å ivareta sikkerheten til deltakarane.

Bildet syner kartutsnitt der sykkeletappen skal gå. Den startar i Vikja der symjeetappen sluttar, ut på RV 615 til første akøyringa i Hope, opp på Bakkane og ned att langs med Skordalselva. Der kjem ein inn att på RV 615 og syklar vestover til ein tek av hovedvegen og syklar bygdevegen gjennom Hope, så inn att på RV 615 og syklar austover mot sentrum, tek rett til venstre etter Straumsbrua, og deretter rett til høgre opp til hovedinngangen på Hyen Skule. Der er det ny etappe der ein spring rundt skulen, ned att over Løkjabrua og tek stien opp i Åsen, gjennom området der gapahuken står, gjennom skogen mot Furunakken, ned att i Vikja, ut på RV615 der ein spring ut rundt idrettsbygget, inn på løpebana på Idrettsplassen og i mål.


Bildet syner løypa på symjeetappen, som for øvrig er først, og løypa til løpsetappen som er til slutt. Vi håpar dette arrangementet kan bidra til aktivitet under Friluftshelga. Dert er ein del jobb med eit slikt arrangement, og ikkje minst reglar som må etterkomast. Vegvesen og politi har godkjent søknaden vår om stenging av vegen, men vi har klare reglar vi må følge. Vi har litt kort frist på oss grunna arbeidet med søknad, men håpar likevel at vi kan få god nok deltaking.

Vi er ikkje heilt klar med klasseinndelingane endå, men informasjon vil komme fortløpande. Spørsmål kan rettast til oss i styret Hyen IL.

Bjørn Petter Rygg 476 17 741 post@hyenil.no
Marit Straume 905 34 254 straumskona@hotmail.com
Eldar Rønnekleiv 578 69 804 joker.hyen@joker.no
Hanna Ommedal Aa 920 41 636 hanna@akvavet.no
Tove Hanne Ommedal Teigland 930 93 933 thoteig@online.no
Jon Martin Rønnekleiv 977 82 289 jon.martin.ronnekleiv@online.no




Jon Rolf fekk Stimulansprisen!

Postet av Hyen IL den 30. Mai 2017


Hyen IL gratulerar!!



EKSTRAORDINÆRT ÅRSMØTE, NY DATO.

Postet av Hyen IL den 30. Mai 2017

Det tidlegare annonserte ekstraordinære årsmøtet er UTSETT TIL TORSDAG 15. JUNI KL. 20.00 i Hyen Samfunnshus. Dette p.g.a. Gloppenmeisterskapet i friidrett den 8. juni.

Innkalling ekstraordinært årsmøte.pdf



Rydding av turløype.

Postet av Hyen IL den 28. Mai 2017

Hyen IL har den siste tida arbeidd med ein ny Triatlon-trasé rundt sentrum i Hyen. Ein del av denne traséen er tenkt til løps-etappen på triatlon under Friluftshelga senare i sommar. Denne løypa er temkt i området Åsen-Furunakken-Vikja. Råsa frå bensinstasjonen og opp til lavvoen er god, men derfrå til Furunakken og ned att i Vikja må ryddast ein del. Vi har vore på plass å sett på traséen, og funne ut at det er ikkje mykje rydding som skal til for å kunne bruke det til triatlonløype.

I tillegg er denne løypa tenkt som ei permanent turløype for sentrumsområdet, og planen er å ruste den opp slik at den kan halder seg ryddig utan for mykje vedlikehold. Men dette er eit større arbeid som det trengst meir midlar til, så det er berre på planleggingsstadiet endå.

Vi er ikkje heilt sikre på korleis triatlonkonkurransen blir, vi manglar uttalelse frå politiet før vegvesenet kan godkjent sykkelatappen. Men traséen til løpsetappen vil vi lage til uansett.

Derfor inviterar vi til DUGNAD onsdag 31.mai frå kl. 17.00 og utover så lenge det er behov. Det er kort tidsfrist, men håpar flest mogeleg kan ta seg tid til ei lita fellesøkt med dette prosjektet. Der er arbeid både for store og små. Vi treng eit par mororsager og ryddesager, men ellers kun handredskap som stålrive, grafse, øks, spett, grev. Kanskje det kan komme fram nye idéar også, ingenting er endeleg.


Styret



Premiefest

Postet av Hyen IL den 8. Feb 2017

Premiefest!!

Hyen Idrettslag arrangerar premiefest torsdag den 2. mars i Hyen Samfunnshus klokka 18.00. Premiar, pølser og brus.

Vel møtt!!



Årsmeldinga 2016.

Postet av Hyen IL den 31. Jan 2017


Då er årsmeldinga for 2016 klar, følg linken under. Det som er av feil vil vi gjerne ha innrapportert slik at meldinga kan være så rett som mogeleg.

ÅRSMELDING 2016.pdf



Sakliste årsmøte 2016.

Postet av Hyen IL den 30. Jan 2017

Sakliste til årsmøtet finn du ved å følge linken under:

SAKLISTE ÅRSMØTE HYEN IDRETTSLAG 2016.pdf



Årsmøte 2017.

Postet av Hyen IL den 11. Jan 2017

Til medlemmane i Hyen Idrettslag.

Hyen 7/1-2016

Innkalling til årsmøte i Hyen Idrettslag

Styret innkaller herved til årsmøte i Hyen Idrettslag.

Årsmøtet blir torsdag den 2. februar kl. 19.30 i Hyen Samfunnshus.

Vanlege årsmøtesaker.

Saker som et medlem ynskjer å ta opp på årsmøtet, må sendast styret seinast 22. januar til post@hyenil.no . Vedlagt mal kan brukast.

Fullstendig sakliste med alle saksdokument vil bli gjort tilgjengeleg for medlemmane seinast 26. januar på http://hyen-il.idrettenonline.no

For å ha stemmerett må medlem ha fylt 15 år, har vore medlem av idrettslaget i minst ein månad, og ha betalt kontingenten. Medlemmar under 15 år har møte- og forslagsrett. For meir informasjon om stemmerett, valgbarhet, forslagsrett mv., sjå idrettslagets lov § 5 til § 8.

NB. Leiar i valnemnda er Judit Aa, tlf. 996 95 298. Frist for saker til valgnemnda er 22. januar.


Velkommen til årsmøte!

Med vennleg helsing

styret