IDRETTSBASAREN 2018

Postet av Hyen IL den 23. Okt 2018

Idrettsbasaren 2018 blir i år den 11. november kl. 13.30. På grunn av renovering av idrettsbygget, blir basaren i år på Columbus. Dette er ein av dei viktigaste arrangementa til Hyen Idrettslag, så vi er glade for at vi kan få det til i år også. Opplegget er stort sett det same som tidlegare med tombola, pilkast, lynutlodding, tipping av pølse og steik, og matøkt. Det blir også litt tid til info om aktivitetane som har vore dette året.

Til ein basar treng ein gevinstar til lynutloddinga, så det er fritt fram å komme med bidrag til det. Gevinstane kan leverast til Judit, som tidlegare.

Vi satsar på fullt hus, då skal det bli god basarstemning.



0 Kommentar

Aktivitetar i Hyen IL 2018-2019.

Postet av Hyen IL den 15. Okt 2018

Då er hausten komen, og med den startar aktivitetene til Hyen Idrettslag. Men i år er vi i ein heilt anna situasjon. Der blir INGEN AKTIVITET I IDRETTSBYGGET denne vinteren. Gloppen kommune har starta med renovering av bygget, så vi må finne på alternative lokalitetar for aktivitetane våre.

Og det ser ut til å ordne seg. Vi er svært takknemlige for at Brødrene Aa leiger ut kjellaren på Columbus. Der vil mandagstreninga, dametrimmen, idrettsskulen og Zumba bli. Men all aktivitet blir utan apparat og utstyr, unntatt matter. Dei vil bli tilgjengelege der. I tillegg får HIL leige eit areal i nyehallen til Brødrene Aa der ein del vektutstyr og spinningsyklane blir oppsett. Dette lokalet er ikkje heilt klart endå, men info kjem så snart det er klart.

Mandagstreninga ser ut til å starte i dag mandag 15. oktober med frammøte på IDRETTSPLASSEN. Så avsluttar vi treninga med ei basisøkt i Columbuskjellaren frå 20.30 til 21.00. Hanna er den som blir ansvarleg denne kvelden.

Damentrimmen startar i morgon, tysdag 16. oktober kl. 20.00 med frammøte på IDRETTSPLASSEN. Der blir det oppvarmingsaktivitetar for så å avslutte i Columbuskjellaren. Kirsti er ansvarleg for dametrimmen, så kontakt henne for meir info.

Idrettsskulen har ikkje heilt bestemt kor tid dei vil starte, men info om det vil komme snart.

Hvis gubbetrimmen vil ha tilgang til spinningsyklane og vektene, så blir oppstarten der litt seinare i og med at lokalet ikkje er heilt klart endå. Men hvis dei ynskjer å nytte Idrettsplassen og Columbuskjellaren, så kan dei starte opp allereie onsdag 17. oktober. Snakk med Matias eller Arnfinn for å avklare korleis De vil gjere det.

Torsdag er Zumba-dag, og Silje er gira på å starte opp. Ho vil annonsere sjølv på Facebook. Men tidspunktet blir nok som tidlegare, kl. 20.00.

Spinning vil foregå i eit lokale i nyehallen til Brødrene Aa, der blir det ikkje oppstart før lokalet er ferdig. Torill er ansvarleg for spinninga.

Som de ser så har vi prøvd å få til så å seie alle aktivitetene som har gått tidlegare år, med unnatak av fredagstrimmen. Men det kan godt tenkjast at den også kjem på plass. Vi må ha litt erfaringar med korleis det kjem til å fungere.
Men uansett så blir Idrettsplassen ein svært viktig arena denne sesongen. Det er eit fantastisk anlegg som fortener hyppig bruk av oss. Og vi ser fram til det nyoppussa idrettsbygget neste år.

Uansett: VEL MØTT.


0 Kommentar

Resultat Friluftshelga Hyen Triathlon 2018

Postet av Hyen IL den 30. Jul 2018

Ein gla gjeng som har gjennomført triathlon i Hyen. Vi skulle ønske bedre deltaking, men vi får mobilisere til neste år og håpe på litt bedre deltaking då. Men det skal ikkje ta vekk oppmerksomheten til desse prestasjonane i år. I sterk varme, men ellers fine forhold blei det ein fin og underholdande konkurranse.

Resultatlistene finn de her:

https://www.webscorer.com/race?raceid=145288

0 Kommentar

Triathlon løyper

Postet av Hyen IL den 28. Jul 2018

Oversikt over sykkeletappen.

Oversikt over løpsetappen.


0 Kommentar

Friluftshelga Hyen Triathlon 2018.

Postet av Hyen IL den 26. Jul 2018


Då er det klart for å kunne melde seg på triathlon laurdag 28. juli kl.14.30

https://www.webscorer.com/regi...

Det blir samme løype som i fjor, og også i år blir vegen stengt for å ivareta sikkerheten. Meir info kjem snart.


0 Kommentar

Nasjonalt Friidrettsstemne 2018

Postet av Hyen IL den 25. Jul 2018


Då er endå eit Nasjonalt stemne over på ein fantastisk fin sommarkveld i Hyen. Arrangementet gjekk heilt greitt, og takka være ein trufast funksjonærgjeng som stiller på år etter år, kan vi også i år seie oss nøgde. Deltakarantalet er stabilt rundt 50, og om lag 80 startar.

Under er linken til resultatlista.

Resultatliste-Komplett.pdf


0 Kommentar

Olsokløpet 2018.

Postet av Hyen IL den 24. Jul 2018

Olsokløpet 2018 var starten på årets friluftshelg i Hyen. 71 registrerte personar registrerte seg og tok turen til fjells denne kvelden. 17 av desse stile i konkurranseklassa.

Etter fleire månader med sol, så kom regnet denne kvelden. Det fyseleg på Støylen der grunneigarane hadde laga til for grilling, salg av rømmaske, kaker og kaffi.

Løpet blei vunne av 12 år gamle Rasmus Ommedal Ohrstrand frå Sarpsborg på imponerande 24 minutt og 47 sekund. Ellers var det svært mange gode tider frå svært unge løparar.
Komplett resultatliste finn du her: https://www.webscorer.com/race...


0 Kommentar

Olsokløpet 2018.

Postet av Hyen IL den 20. Jul 2018


Det nærmar seg olsok, og Friluftshelg med alle dei aktivitetane det innebærer. Hyen IL er medarrangørar på ein del av dei, blandt anna Olsokløpet. Det er eit samarbeid mellom grunneigarane i Ommedal og HIL, og er eit arrangement for både mosjonistar og dei som vil konkurrere med klokka.

Olsokløpet blir i år MANDAG 23. JULI. Mosjonistane kan starte å gå kl. 18.00, og konkurranseløparane startar kl. 19.30. Registrering ved bompengebua frå kl. 18.00. Startavgift kr. 50,- for alle. Enkel premiering på Ommedalsstøylen etter løpet. Det er mogeleg å køyre til støylen med ekstra klær for dei som ønsker det.

På støylen vil gruneigarane selge rømmaske, platekake, kaffi og pølse. Gratis saft til alle.

Vel møtt til ein kveld på Ommedalsstøylen. Og vi håpar på "kø" av gåande opp støylsvegen denne kvelden. 


0 Kommentar

Hyen Triathlon 2018

Postet av Hyen IL den 2. Jul 2018

Vi har glede av å tilby triathlon under Friluftshelga i år også. I den forbindelse treng vi ein del løypevakter. Reglane for sykkelarrangement på offentleg vei er innsjerpa, så vi må ha ein del personell som har løypevaktkurset.

Det er eit e-læring kurs på ca. 2 timar. Vi tenkte å ha ei samling på skulen torsdag kveld kl. 19.00 der vi tar kurset i lag.

Til dette treng vi frivillege. Ein del av styret blir der, og vi håpar at andre vil være med også. Kravet er at du må ha trafikalt grunnkurs eller være over 18 år.

Send ei melding til Bjørn på tlf. 47617741 hvis du ynskjer å være med. Det einaste ein treng å ta med er datamaskin. 


0 Kommentar

Olden stafetten 2018

Postet av Hyen IL den 22. Apr 2018

I dag startar stafettsesongen. Hyen Idrettslag stiller i år med 2 guttelag og eitt jentelag. Det er kjempeflott at eit så lite idrettslag som Hyen greier å stille 3 lag.

Les meir her. https://goo.gl/images/rSLt6W


0 Kommentar

VM-fest for Jon Rolf.

Postet av Hyen IL den 21. Mar 2018

VM-fest for Jon Rolf Skamo Hope

Onsdag 28. mars kl. 14:00 held vi VM-fest for Jon Rolf.

Det vil føregå i gymsalen i Hyen, i selskap med mykje bygdefolk, Gloppen Kommune, Skikrinsen og Idrettskrinsen i Sogn og Fjordane, og ellers andre som ynskjer det.

 

Etter prestrasjonane til Jon Rolf denne sesongen er det på sin plass at vi steller i stand fest for han.

Det vil bli servert rømmegraut, spekemat, kake og kaffi.

Møt opp! Bedre start på påska kan vi ikkje få!!



0 Kommentar

Idrettsglede og gode resultat under ENGIE-leikane i Florø 17.03.2018

Postet av Hyen IL den 21. Mar 2018

Foto: Torunn Ommedal Aandstad. Frå venstre: Evalill Ommedal Aa, David Eimhjellen, Johanna Akse, Odin Rønnekleiv Oppheim, Brynhild Ommedal og Ida Kristine Rønnekleiv 



Idrettsglede og gode resultat under ENGIE-leikane i Florø 17.03.2018

Med mange debutantar var det idrettsglede og meistring som stod i fokus då 18 born frå Hyen Idrettslag deltok på innandørsstemne i Florø i helga. Hyarane markerte seg likevel med gode resultat og vann mellom anna bestemannspremien i hoppøvingane i guteklassa.

Store deltaking

Med 18 deltakare var det berre Førde IL og arrangørklubben, Florø Turn og Idrettsforening, som hadde fleire deltakar enn Hyen IL under stemnet i Florø Idrettssenter. Det er ikkje anna enn imponerande og svært gledeleg etter mange år med mager deltaking på friidrettsstemne rundt i fylket. Gledeleg var det også at veldig mange foreldre var med til Florø. Engasjerte foreldre er viktig for få borna med på stemner. 


Følgjande var med frå Hyen:

Deltakar

Klasse

Øvingar

David Eimhjellen

G8

60m, Lengde

Odin Rønnekleiv Oppheim

G8

60m, Lengde

Sander Hope

G9

60m, Lengde

Alfred Aa Hope

G9

60m, Lengde

Marte Ommedal

J9

60m, Lengde

Sofie Aa Hope

J10

60m, Lengde

Simon Ommedal

G10

60m, Lengde

Nikolai Sårheim Ommedal

G11

Kule

Håkon Holme

G11

60m, Lengde

Johanna Akse

J11

60m, Lengde, 200m

Brynhild Ommedal

J11

60m, Lengde, Kule

August Aa-Berge

G12

60m, Lengde

Ida Kristine Rønnekleiv

J12

60m, Lengde, Kule

Evalill Ommedal Aa

J12

60m, Lengde, Høgde

Malin Sofie Rønnekleiv

J13

60m, Lengde, Kule

Magnus Mjellem Vesterås

G13

Kule

Kristine Ommedal

J13

60m, Lengde, Kule

Karine Ommedal

J14

60m, Lengde, Kule

Gode resultat og plasseringar

Foto: Anne Kristin Utheim Rønnekleiv. Frå venstre: Malin Sofie Rønnekleiv, Ida Kristine Rønnekleiv og Kristine Ommedal


Sjølv om mange av deltakarane hadde avgrensa erfaring frå slike stemner kom ikkje dette til
uttrykk i resultatlistene. Utøvarane frå Hyen var på pallen og vann i fleire øvingar. Det er likevel gledeleg at fokuset i større grad er på resultat enn på plasseringane. Veldig mange er kjent med sine  bestenoteringar og har stor glede av ein «pers». Og «persing» var det mykje av. Ein kjapp kikk på resultatlistene frå Sparebankleikane i 2017 og seriestemner i Hyen viser at det er god framgang. Dette håpar vi inspirera til meir trening. 

For komplette resultatlister sjå link.


 

 



Bestemannspremie

Foto: Synne Marie Oppheim. August Aa-Berge

Ein av dei som verkeleg markerte seg med gode resultat – ikkje berre av Hyarane – var August Aa-Berge. Han vann 60m i G12 på 8,85. Dette gjev 878 poeng etter Tyrvingtabellen. Enda meir imponerande var likevel resultat han oppnådde i lengde. 4,40 gjev 890 poeng. Høgare poengsum var det ingen andre gutar som oppnådde i hoppøvingane. August fekk dermed bestemannspremien for beste gut i hoppøvingane. Imponerande.

Hyen IL håpar pokalen har fått ei sentral plassering i heimen på Aa. 

Friidrettssesongen

Vi håpar at deltakinga gav meirsmak – både for utøvarar og foreldre. Friidrettssesongen er berre nett starta, og vi satsar på god deltaking og engasjement også når idretten no flyttar ut. Fyrste ut er terrengstafettane, medan banesesong fyrst startar i slutten av mai.

Viktig datoar denne sesongen er:

Oldenstafetten                        à 22.04.

Breimstafetten                        à 29.04.

Gloppemeisterskap                  à 24.05.

Honndalsleikane                      à 26.05.

Sparebankleikane                    à 08.-10.06.

Det berre å halde av datoane og legge seg i hardtrening.

 

 

 

 

 

 

 






0 Kommentar

Sakliste årsmøte.

Postet av Hyen IL den 4. Feb 2018

SAKLISTE ÅRSMØTE HYEN IDRETTSLAG.

 

Årsmøtet er i Hyen Samfunnshus torsdag 8. februar 2018 kl. 19.30

 

 

  1. Åpning
  2. Godkjenning av innkalling, sakliste og møtereglar
  3. Valg av møteleiar, referent, og to personar til underskriving av møteprotokoll
  4. Godkjenning av årsmelding frå styret og gruppene
  5. Godkjenning av rekneskap
  6. Drøfte medlemskontigenten
  7. Budsjett for 2017
  8. Saker frå styret og medlemmane
  9. Val

 

8.1       Trakkemaskina på Høgdene er ikkje til å stole på lenger, der er etter kvart blitt mange problem som må handterast. Maskina er over 40 år, så vi kan nok ikkje rekne med å ha nytte av den lenger. Skigruppa har kontakt med selgar av ei maskin i Markane til kr. 400.000,- +mva. Problemet er at det er korte fristar på å kjøpe den, og idrettslaget har ikkje diskutert dette. Finansiering er trass alt det viktigaste, det må søkast om midlar der det er mogeleg. Styret ber årsmøte om veiledning i denne saka.

 

 8.2       Vedlikehald av skianlegget på Høgdene, både skihus og lysløype. Spesielt i løypa er der ein del utfordringar. Lyskildene i armaturane er utfasa, så nye alternativ må på plass. Men alt treng ikkje takast på ein gong. Men her også er det slik at skal ein søke midlar, så må vi ha eit prosjekt som omfattar heile anlegget. Styret ber årsmøte om veiledning i denne saka.

 

 8.3       Informasjon frå styret.
Gjennomgang av tinglyst bruksrettsavtale på kast- og sandvolleyanlegget i Vikja.
Kursing av vakter til triatlonarrangement.

 

for styret
Bjørn Petter Rygg                    
leiar


0 Kommentar

Årsmøte.

Postet av Hyen IL den 17. Jan 2018

Til medlemmane i Hyen Idrettslag.

Hyen 17/1-2016

Innkalling til årsmøte i Hyen Idrettslag

 

Styret i Hyen Idrettslag innkaller herved til årsmøte torsdag den 8. februar kl. 19.30 i Hyen Samfunnshus.

Vanlege årsmøtesaker.

Saker som et medlem ynskjer å ta opp på årsmøtet, må sendast styret seinast 28. januar til post@hyenil.no .

Fullstendig sakliste med alle saksdokument vil bli gjort tilgjengeleg for medlemmane seinast 1. februar på http://hyen-il.idrettenonline.no

For å ha stemmerett må medlem ha fylt 15 år, har vore medlem av idrettslaget i minst ein månad, og ha betalt kontingenten. Medlemmar under 15 år har møte- og forslagsrett. For meir informasjon om stemmerett, valgbarhet, forslagsrett mv., sjå idrettslagets lov § 5 til § 8.

NB. Leiar i valnemnda er Øyvind Magnus Solheim, tlf. 908 29 211. Frist for saker til valgnemnda er 25. januar.

Velkommen til årsmøte!

Med vennleg helsing

styret



0 Kommentar

Levert av IdrettenOnline