Innandørs hopp

Postet av Marius Rygg den 5. Mar 2017

Friidrettsgruppa har då gleda av å informere om årets andre og siste hoppstemne i gymsalen. Onsdag 15. mars frå kl. 18.00 vert det lengde og høgde u/tilløp for ALLE klasser.

De kan derfor ta med heile familien for ei triveleg økt i gymsalen. Hoppstemnet er ein glimrande moglegheit til å få testa spensten, samstundes som ein har det moro saman - både born og vaksne!

Ta med di mest leikande haldning - og bli med på ei uhøgtideleg tevling.

Mvh

Friidrettsgruppa


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.