GLOPPEN FRIIDRETT- OG HANDBALLSKULE

Postet av Hyen IL den 26. Mai 2015

GLOPPEN FRIIDRETT- OG HANDBALLSKULE

23.-25.JUNI 2015



Hei

I sommarferien vert Gloppen friidrett- og handballskule arrangert for deg som går i 1.-7.klasse. Her vil du få prøve deg på friidrett, handball og ulike leikar på Idrettsplassen ved Stilstova, i Trivselshallen og i Jølet. Du får òg lære om fysisk aktivitet og idrett på Newton-rommet ved Firda VGS. Siste dag vert det arrangert eit myldrestemne der du kan velje mellom ulike stasjonar og konkurransar.

Du tar med deg eiga nistepakke. Vi stiller med frukt og drikke alle dagar, samt grillmat siste dag. Skulen er leia av medlemmer frå Gloppen friidrettslag og Gloppen handballklubb. Du treng ikkje å ha noko forkunnskap for å delta. Det blir deltakarpremie til alle som har gjennomført friidrett- og handballskulen.



Pris: Kr. 700 p.p.

Søskenrabatt: 2 born kr.1300 og 3 born kr.1900.



Påmelding med namn på deltakar, alder, namn på føresette, mobilnummer og e-post adresse til: niovero@online.no eller på mobil 41415380, innan måndag 15.juni.

Legg også til viss den påmeldte har allergiar/spesielle behov.



Oppmøte ved Stilstova tysdag 23.juni kl.09.00.

Tidsramme: Tysdag 09.00 – 14.30. Onsdag og Torsdag 10.00 – 14.00.



Håpar vi sjåast!

Med venleg helsing Gloppen Friidrettslag, Gloppen Handballklubb

og Ragnhild Ryssdal, leiar friidrett-og handballskulen 2015.

Flygeblad gloppen friidrett- og handballskule 2015.pdf


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.