Løpskarusellen 2017

Postet av Marius Rygg den 9. Apr 2017

Når påska no nærmar seg med stormskritt, kan vi endeleg seie at våren står for tur. Og med våren følgjer lysare kveldar, fine forhold for å springe utandørs - og dermed også løpskarusell.

I år vert løpa arrangert på Aa og i Hope, før siste kvelden på idrettsplassen.

Fyrste løp vert allereie komande onsdag, 12. april kl. 18.00 på Aa. Ta gjerne med påskegjester, og bli med på ein aktiv kveld på Aa. I tillegg til at ein har det moro når ein samlast slik, er dette ein glimrande moglegheit til å kome i løpemodus før terrengstafettane tek til i mai.

Møt opp med godt humør og ei leikande innstilling!

Mvh

Friidrettsgruppa




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.