Rydding av turløype.

Postet av Hyen IL den 28. Mai 2017

Hyen IL har den siste tida arbeidd med ein ny Triatlon-trasé rundt sentrum i Hyen. Ein del av denne traséen er tenkt til løps-etappen på triatlon under Friluftshelga senare i sommar. Denne løypa er temkt i området Åsen-Furunakken-Vikja. Råsa frå bensinstasjonen og opp til lavvoen er god, men derfrå til Furunakken og ned att i Vikja må ryddast ein del. Vi har vore på plass å sett på traséen, og funne ut at det er ikkje mykje rydding som skal til for å kunne bruke det til triatlonløype.

I tillegg er denne løypa tenkt som ei permanent turløype for sentrumsområdet, og planen er å ruste den opp slik at den kan halder seg ryddig utan for mykje vedlikehold. Men dette er eit større arbeid som det trengst meir midlar til, så det er berre på planleggingsstadiet endå.

Vi er ikkje heilt sikre på korleis triatlonkonkurransen blir, vi manglar uttalelse frå politiet før vegvesenet kan godkjent sykkelatappen. Men traséen til løpsetappen vil vi lage til uansett.

Derfor inviterar vi til DUGNAD onsdag 31.mai frå kl. 17.00 og utover så lenge det er behov. Det er kort tidsfrist, men håpar flest mogeleg kan ta seg tid til ei lita fellesøkt med dette prosjektet. Der er arbeid både for store og små. Vi treng eit par mororsager og ryddesager, men ellers kun handredskap som stålrive, grafse, øks, spett, grev. Kanskje det kan komme fram nye idéar også, ingenting er endeleg.


Styret




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.