OLSOKLØPET 2017.

Postet av Hyen IL den 24. Jul 2017

Då er det snart Olsok og Olsokløpet ser ut til å bli ein tradisjon. Det blir arrangert i samarbeid med grunneigarane i Ommedal.

I år går det av stabelen fredag 28. juli.

Vi åpnar for turklassa klokka 18.30. Registrering når ein startar ved bompengebua i Ommedal. Konkurranseklassa startar kl. 19.30 presis. Møt opp i god tid før start.

Startkontigent kr. 50,- for alle tur-og konkurransedeltakarar.

Parkering langs med første delen av stølsvegen, ellers på tilgjengelege plassar inne i Ommedalen. Det er også mogeleg å køyre til Ommedalsstøylen med proviant og tørre klær.

Premieutdeling etter løpet, så vi håpar flest mogeleg tek seg tid til å stoppe igjen.

Der blir salg av rømaske, kaffi og kaker, og tilgang til grillar for dei som ynskjer å stogge igjen.

Løypa er 3100 meter, og går på Gamlesætravegen som går frå Fv 691 i Ommedal til Ommedalsstøylen.  Start ligg på 35 moh, og målgang blir inne på støylstunet 550 moh.  Høgaste punktet er Ormehaugen berre 100 m før mål, der er det 555 moh.





Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc