Idrettsbasaren 2019.

Postet av Bjørn Petter Rygg den 5. Nov 2019

Søndag den 17. november klokka 13:30 er det igjen klart for tradisjonell idrettsbasar. Som sikkert dei fleste veit, så er idrettsbygget ferdigrenovert. Sjølv om vi hadde ein flott basar i fjor, er det gledeleg å kunne få arrangere basaren i gymbygg og samfunnshus slik vi er vant til.

Det blir enkel underholdning, og spelemannslaget vil tradisjonen tru være med oss i år også. 

I tida framover vil det komme representantar for idrettslaget rundt med loddbøker, i tillegg til alle aktivitetene som blir tilbudt på sjølve basaren.

Idrettslaget er inne i ein periode med viktige investeringar. Derfor er kvar krone svært kjærkome, og vil bli brukt på best mogeleg måte for å kunne tilby så mykje aktivitet som mogeleg både utandørs og innandørs.

Så sett av denne søndags ettermiddagen til sosialt samvær og dugnad for idrettslaget.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline