Ny heimeside.

Postet av Bjørn Petter Rygg den 8. Nov 2014

Her er den nye heimesida til Hyen Idrettslag som etter kvart vil ta over for den gamle. KlubbenOnline som vi har brukt tidlegare blir lagt ned i løpet av neste år.
Denne nye sida skal bli enklare å bruke for alle. Kven som helst kan logge seg inn på sin eigen profil der ein kan skrive blogginnlegg, legge til bilde, skrive statusoppdateringar og melde forskjellige arrangement og begivenhetar.
Så er det opp til den/dei som har redaktørtilgang som må legge dette ut offentleg på nyhetssida eller under dei forskjellige gruppene.
Sida er nystarta og er ikkje komplett, men vil bli oppdatert etter kvart. Nytt er det også at blogginnlegg og nyheter kan delast på sosiale media som for eksempel facebook.

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.