KOM I FORM PÅ SKI OG KARUSELLRENN

Postet av Hyen IL den 12. Jan 2015

KOM I FORM PÅ SKI OG KARUSELLRENN

Informasjon frå skigruppa og idrettsskulen

Endeleg står ein ny skisesong for døra, 2 år sidan sist!

I år har vi tenkt å prøve noko nytt. Vi ønskjer meir fokus på å kome seg ut i aktivitet og mindre fokus på stoppeklokka. Difor har vi laga ei slags blanding av «Kom i form» på Aa-bakkane, og tradisjonelle karusellrenn. Det blir arrangert 4 renn på kveldstid på Høgdene, der det blir ei konkurranseklasse og ei trimklasse.

Konkurranseklassa er frå 11 år og oppover (fødd i 2004 eller før) og startar kl. 18.00. Ein går den distansen som ein skal gå på karusellrenn i følgje alderen med tidtaking. Ein må møte noko før start for å få startnummer. Dei som vil gå så fort dei kan, får dermed starte før alle andre kjem ut i løypa. Når ein er ferdig med distansen sin, kan ein fortsetje utan tidtaking om ein har lyst til det.

Trimklassa er for alle aldrar, og her kan ein starte mellom kl. 18.15 og 19.00. Ein kan velje om ein vil ha tidtaking eller ikkje, og kan gå så mange og så lange rundar som det passar i forhold til kondisjon og skiferdigheiter.

Det blir varm og kald saft, men ikkje bollar.

Vi har bestemt at alle deltakarar uansett alder betaler 20 kr for å vere med (ein betaler berre ein gong i løpet av sesongen), og desse pengane brukar vi til 2 gåvekort som alle som har vore med minst tre gonger kan vinne (loddtrekning). Det spelar inga rolle om ein er med i konkurranse- eller trimklassa.

Det er med andre ord ingen grunn for foreldre til å stå i målområdet og vente på ungane. Bli med rundt i lag med ungane eller i eige tempo og få registrert deltakinga! Dette er ein aktivitet for heile familien J

Karusellrenn / Kom i form på ski, er sett opp på følgjande datoar:

Onsdag 14. januar – fristil

Onsdag 21. januar – klassisk

Onsdag 4. februar – fristil

Onsdag 11. februar – klassisk

Andre skiarrangement i Hyen blir:

Laurdag 21. mars: Lagsmeisterskap kort løype på Høgdene

Skjærtorsdag 2. april: Lagsmeisterskap lang løype i Aa-støylsmarka

Søndag 8. mars: Hyesprinten på Høgdene


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.