Livredning på idrettsskulen 4.-7.kl

Postet av Hyen IL den 4. Mar 2015

Livredning på idrettsskulen 4.-7.kl

Av Anne Berit S.

Onsdag 4. mars satsar vi på ei ekstra lang bassengøkt (ikkje gymsal først) med aktivitetar som har med livredning å gjere. Vi blir i bassenget frå 17.30 og er ute att til 19.30. Sidan vi er mange må enkelte ting gjerast puljevis i bassenget medan resten er publikum. Ta med redningsvest og klede; langbukse og gensar/skjorte/jakke. Redningsvest og klede må vere reine, og av ein type som ikkje loar. Bruk "teknisk tøy", det er klede av stoff av den typen som er i det meste av treningstøy og badetøy. Ikkje bruk bomull, det lagar mykje lo i bassenget. Vi kjem til å sjekke kva de har på i bassenget før de hoppar uti, så ta gjerne med nokre alternativ om de er usikre.

Livredning handlar om å kunne berge både seg sjølv og andre i ein kritisk situasjon, og det er nyttig å få teste ut korleis ein redningsvest fungerer i vatnet. Vi kjem til å gjere mykje av det same som vi gjorde i fjor, men det er jo komne mange nye på idrettsskulen, og dei som har prøvd det før, får meir trening...




Kommentarer

0 Kommentar

Kommentarfelt er stengt

Levert av IdrettenOnline