Olsokløpet.

Postet av Hyen IL den 28. Jul 2015




Hyen Idrettslag invitere til "Olsokløpet" 2015 onsdag den 29/7.
Som dei fleste veit har eldskjeler på Solheim og Hjorteset arrangert "Solheimsløpet i ei årrekke.
I den forbindelse tenkte vi at det kunne vore litt kjekt å laga til ein slags turløpkarusell i Hyen, der Olsokløpet er det andre løpet.
Det siste løpet er til Aastøylen den 7/8-2015. Meir om det seinare.
Løypa er enkel, start ved bompengebua i Ommedal, 30 moh, mål er på parkeringsplassen på Ommedalsstøylen, 550 moh. Lengde er ca. 3,1 km.

Startkontigent kr. 50,- for alle deltakarar. Betalar når ein registrerar seg ved start.

Utgangspunktet vårt er at vi vil ha flest mogeleg deltakarar, ingen aldersgrenser. Det blir mogeleg å starte frå kl. 18.00 og utover for dei som ikkje ynskjer å ta tida. kl 18.45 startar vi ei klokke slik at dei mosjonistane som ynskjer det kan få registrert ei tid når dei kjem til støylen.
Kl. 19.30 startar det vi kallar konkurranseklassa, alle på ein gong.
Det blir enkel premiering. Premietrekking på idrettsbasaren blandt alle dei som deltek på alle tre turløpa.

På Ommedalsstøylen er det tradisjon å feire olsok med grilling og bålbrenning. Derfor ynskjer vi å invitere alle som vil til å bli igjen utover kvelden. Eller gjerne sette opp telt å bli lenger. Budeiene og budørane på Ommedalsstøylen held bål og grillar, så berre ta med mat, drikke og varme klær for å nyte ein flott langkveld på Ommedalsstøylen.
Skulle nokon trenge skyss eller transport av mat og klær anten opp eller ned, skal vi ordne det. Ellers er det bomveg til støyls for dei som vil køyre sjølve.

For nærmare info kontakt:
Ola Henning Ommedal tlf. 977 52 415
Bjørn Petter Rygg tlf. 950 57 200






Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.