Kampreferat frå fotballgruppa.

Postet av Hyen IL den 30. Mai 2016

Hyen starta sesongen på bortebane mot Stadtlandet/Åheim. Stillinga til slutt vart 1-3 siger til Hyen.

Fyrste målet kom ved Marius Rygg i fyrste omgang. Stadtlandet fekk eit mål og kort tid før pause skåra Tony Tautvydas. Hyen gjekk då til pause med 2-1 leiing. I andre omgang scora Va Ovidijus mål i sin fyrste kamp for Hyen. Resultatet vart til slutt 3-1 til Hyen. Hyen hadde fleire store sjansar på slutten, men kampen ebba ut med 3-1 siger til Hyen.

Roger Knutsen Nordal er attende på Hyen etter fleire år i Bergen, der han har spelt for Viggo. No har han atter aksla den blåe skjorta til Hyen, kjekt at Roger er kommt attende.

Hyen-Breim/Jølster 2 stillinga 2-2 til slutt.

Dette var eit ok resultat for begge lag, sjølv om Breim/Jølster tykte dei burde vunne kampen med mange mål. Måla til Hyen kom ved Roger og Per Inge Straume. Roger scora eit av sine beste mål i karriæra då han måka ballen i krysset frå 17 meters hold. Målet til Straume kom ved ein dødball som vart svinga på bakerste stolpe og Straume hamra den i nota. Elles var kampen so det pla mot Breim, mykje duellar og kriging.

Svelgen –Hyen 1-2 siger til Hyen.

Hyen har gjennom historia tatt smått med poeng i Svelgen. Men endeleg var dagen kommt! Hyen hadde mykje medvind i fyrste omgang, det kan nevnast at Nils Storsletten sparka eit frispark direkte i stolpen frå ca 80 meters hold, totalt utagbart for keeper. So nære å bli den andre keeperen i Hyen historia som scorar mål på utspark. Ellers hadde Hyen god kontroll og mange store sjansar i fyrste omgang. Målet kom ved eit langt utspel frå Nils, som vart stussa av Roger. Anders Ommedal plukka opp stussen, var aleine med keeper, og sat ballen i mål bak Svelgen keeperen. Til pause sto det 0-1 til Hyen.

Etter pause løfta Svelgen seg og fekk meir tak i kampen, Hyarane sleit med å springe nok og krige nok på midtbana. Etter vel 60 minutt fekk Svelgen målet sitt. Eit innlegg frå Høgre vart putta utagbart i nettet av ein Svelgen spelar. Hyen fekk etter dette inn på Anders Ommedal, som med si løpskraft var med på endre kampbildet til at det vart noko meir javnspelt.

Etter 70-80 minutt fekk Roger ei perfekt pasning i bakrommet, denne tok han vel vare på og lobba den over keeper til 2-1 og stor jubel for Hyarane. Dette vart også resultatet til slutt, sjølv om Svelgen freista å trøkke på for å få eit mål. Nils Storsletten spelte særs godt denne kampen, var trygg og god.

Hyen- Vikane/Loen/Stryn 3 resultat 2-1 til Hyen

Hyen møtte denne kvelden spelarar frå tre ulike klubbar på samme laget. Attende på sentralidrottsanlegget var Svein Rune Kjøllesdal som det siste par åra har spelt på Hyen, men som no representerar Vikane og co. Kjøllesdal skapte ein del latter og smil denne kampen med kommentaren "no må vi gå i duellane då Hyen". Du er velkommen attende til laget når som helst Svei Rune. Elles stilte Hyen med kanskje tidenes Eldste forsvarfirar med eit gjennomsnitt på tett opp under 40 år. To ganger Øyvind på bakane og brorane frå Ommedalen i midtforsvaret. Men alder er ingen hindring, som snart skal få lese nedanfor her.

Fyrste målet kom i fyrste omgang, eit langt kast vert stussa av Øyvind Magnus og inn i målet. Ballen var klistra i bakerste kryss utagbart for keeper. Øyvind Magnus sitt andre mål i karriæra.

Etter pause scora Ola Henning eit flott mål med haudet etter ei corner, ballen sat heilt oppe med tverrliggaren utagbart for keeper. Ola Henning har nokon mål på sine over 250 kampar, men det er ei stund sidan sist. Så dette var kjekt for Henningen.

Vikane fekk 2-1 målet etter ein retur på corner. Ein god kamp av Hyen i sola på sentralidrottsanlegget.


Flateraket/Selje 2 – Hyen 2- 1 siger for Hyen.

Torsdag 26 mai tok Hyarane turen til Flateraket for å spele kamp. 15 Hyarar var med til Selje Kommune. Framme på Nausteigen stadion vart vi møtt av ein trivelig garderobe med framsatt juice, frukt og sjokolade. Det er alltid kjekt å komme til Naustteigen stadion. Året før vart det tap, men etter kampen fekk vi rømmegraut av grenda og det var kjekt. Bana er naturgras, og det er kjekt å spele på det etter gammalt.

I år var det ikkje rømmegraut vi var ute etter, men heller tre poeng.

Nils starta i mål, øyvind magnus (kaptein)og henning i midforsvar, torleiv og ola andreas på bacane. På midten Ovidius, Marius Rygg, Per Inge og Ottar. På topp Roger og Tautvydas. På benken starta Øyvind Larsen, Anders Ommedal, Åsmund og Mikael.

Det var sterk sol på stadion, men ingen vind å snakke om i år. I fyrste omgang hadde Hyen fleire nesten sjansar, som kunne resultert i mål. Roger hadde ein fin skotmoglegheit som målmannen til Flateraket redda med ei fin beinparade. Målet til Hyen kom etter ei corner der Torleiv Straume nikka ballen hardt i mål. Målgjevande pasning av Marius Rygg.

Målet til Flateraket kom etter at Hyen forvaret var blenda av sola, ei pasning i bakrommet vart plukka opp og Flaterakets unge spiss scora aleine med Nils.

Kan nevnast at det var særs varmt og at det etter 22,5 minutt var drikkepause. Dette gjorde godt. Bra tiltak av dagens flinke dommar.

Etter pause var Hyarane einige om å jobbe hardt for siger. Inn kom Øyvind Larsen og Mikael. Hyen hadde ikkje så mange sjansar etter pause , men ein kan nemne Ovidius som var nær ved å score på ei corner.

Målet til Hyen kom etter at Mikael tok ballen nede på linja og slo eit hardt innlegg på bakerste stolpe der Marius Rygg kom skliande og nærmast takla ballen inn i målet til motstandaren. Godt innlegg av Mikael og eit ordentlig vilje mål av Marius.

Hyen jobba godt denne kampen, forsvaret vann mange duellar og hadde stortsett kontroll. På slutten klarte Hyen å dra sigeren inn til tross for at Flateraket hadde ei corner rett før slutt. Denne heada Henningen rutinert vekk.

Neste kamp er mot STIL 2 i Hyen tysdag 31.05


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.