Kampreferat frå fotballgruppa.

Postet av Hyen IL den 1. Jul 2016

Haugen-Hyen 1-0.

Hyen har hatt medvind i år og stilte med eit sterkt lag borte mot Haugen denne tysdagskvelden. Det var mørke skyer på himmelen og Hyara med kunstgrassko frykta at det skulle komme ei rotbløyte, men det gjorde det ikkje denne dagen.

Hyen starta med dette laget. Nils i mål, Øyvind Magnus og Ola Andreas på backane, Henningen og Barabasas i midtforsvaret. På sentralmidtbana var Torleiv, Tautvydas (tony) og Anders Ommedal. På vingane spelte Marius Rygg og Per Inge Straume. På topp Roger. På benken sat Åsmund Ommedal, Mikael Nordal og Ole Jakob Mjellem.

Hyen hadde stortsett god kontroll bakover i denne kampen, Haugen sin unge raske spiss prøvde å finne bakrom bak øyvind og Barabas, men vart stansa av desse to, ved alle høva. Haugen hadde ein kjempeovergang etter ein Hyen corner, men ei fantastisk sklitakling på 16 meteren av Per Inge hindra denne situasjonen i å bli farleg. Ellers var per inge særs god denne kampen, han slo tunnellar og leika seg ute på vingen. Per Inge har etablert seg som eit fast og godt inventar på Hyenlaget i ein alder av 16 år.

Etter ca 30 minutt putta hyen ballen i mål. Målet kom etter ei pasning i bakrommet ut til venstre, der venta Anders Ommedal og satte ballen i mål. Dessverre meinte dagens dommar at det var offside, og målet vart annulert.

Hyen er flinke å komme rundt på begge kantane og skape inleggssituasjonar.

Hyen går til pause med 0-0. Kjensla var at ein jobba godt bak og at det fort kunne komme ein overgang slik at ein fekk putta ballen i mål.

Dei tre på benken kom inn på bana og ein var klar for andre omgang. Roger hadde ein mulighet etter dødball, han fekk vendt opp og skote inne i 16 meteren, men dessverre gjekk skotet i stolpen og ut. Per Inge kom rundt på høgresida og fekk skote ballen forbi keeper, men den gode Haugen stopparen fekk redda ballen med ei sklitakling på streken.

Etter 65 minutt kom Haugen sitt mål etter at det var noko ubalanse i Hyen laget og Haugen hadde ein del spelara inne i feltet, Torleiv Straume kom bort i Haugen sin spiss og han falt i bakken. Straffa var då eit faktum. Denne sat Haugen spelaren til venstre og i mål.

Hyen freista å presse opp laget, bla freista øyvind å bidra meir offensivt, dette var nok medvirkande til at han måtte bytte etter 80 minutt med krampe i begge leggane. Hyen kom til nokon småfarlighetar, men var akkurat litt for upresise framfor mål. Kampen ebba ut med 1-0 siger til heimelaget. Hyarane var skuffa over resultatet, her kunne ein fort tatt med seg poeng attende til Hyen. Truleg var det at ein gløymde kampropet som gjorde utslaget denne kampen, ei lita samling før kampen skaper samhald og energi i laget.

Neste kamp er mot Oppstryn tysdag 14.06.16 kl 1900 på Heimebane


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.