Før jul fortalde eg dykk i ”julehelsinga” at eg mangla det siste giret på skirenn og at eg ikkje hadde fått heilt dei resultata eg hadde håpa på. Heldigvis starta 2024 langt betre, andre helga i januar var det Skandinavisk Cup i Otepää i Estland. Der gjekk eg inn til 8. plass på 20 km klassisk enkeltstart, 1 minutt bak vinnaren Emil Iversen.
NM på Beitostølen 22 – 25 februar
Siste 6 åra har eg budd fast på Beitostølen, derfor var det ekstra stas med Noregsmeisterskap her i år. NM starta med 10 km fristil der eg gjekk inn til 8. plass, 22 sekund bak bronsen. Eg følgde opp med ein 21 plass på 20 km skibytte få dagar etterpå(ikkje optimale ski). Sjølv om eg siktar mykje høgre enn 8. plass i Noregsmeisterskapet, er dette likevel ein stor opptur for min del etter 2 tunge sesongar.
Kun ei lita veke etter at NM var ferdig, var det nye skirenn. Denne gongen i Hommelvik i Trøndelag, der siste runde med Skandinavisk Cup skulle arrangerast. Med eit godt løp var det også stor moglegheit for å gå seg inn i verdenscup-troppen til 5-mila i Holmekollen.
Dessverre for min del vakna eg dagen før fyrste konkurranse med forkjølelse i kroppen, og eg måtte reise heim utan å få gå skirenn. Veldig kjedeleg når formen var god.
Heldigvis er det fleire skirenn igjen, blant anna NM del to på Lillehammer.
Her er ei lita oversikt over dei skirenna som er igjen før sesongen er ferdig.
NM del 2 Lillehammer 21- 23.03
Valdresrennet 27.03 (Turrenn)
Hemsedalsrennet 28.03 (Turrenn)
Haukelirennet 13.04 (Turrenn
Skarverennet 20.04 (Turrenn)
Ein positiv sesong så langt, godt å kjenne framgang etter to tunge år. Må rette ei stor takk til sponsorane mine, Hyen IL og familien som har trua på meg. Ynskjer alle ei god påske når den tid kjem.
Takk til :
Langrennshelsing frå Jon Rolf.
]]>Her finn de også saksliste for årsmøtet 29. februar kl 19.30 i Hyen Samfunnshus. Bakerst i dokumentet er styret i idrettslaget sitt framlegg om ny organisasjonsplan for HIL.
Venleg helsing styret i Hyen idrettslag
]]>Håpar mange får med seg dette foredraget 29. januar i Trivselshagen. Øystein Pettersen er kjend for å vere ein fantastisk formidlar!
]]>Skisesongen nærmar seg med stormskritt, og om knappe tre veker starter sesongen på Beitostølen. I dette lesarbrevet vil eg gje dykk ei oppdatering på stoda akkurat no.
I skrivande stund er eg i Sør-Frankrike, nærare bestemt Font-Romeu.
Eg vil kort forklare kvifor eg velje å vere her i 3 veker. I høgda blir oksygeninnholdet i lufta redusert, noko som tvingar kroppen min til å arbeide hardare for å få nok oksygen til musklane. Dette fører til auka produksjon av røde blodceller, som igjen fører til forbetra yteevne og utholdenhet. Per dagens dato kan eg med glede seie at eg har lagt ned utrulig mykje god trening i løpet av hausten, og kroppen har svart positivt. Eg har klart å halde meg til planen. Einaste hindring har vore 4 sjukedagar i starten av opphaldet mitt her i Font- Romeu, men utanom det har alt gått utruleg bra. No ser eg fram til å bytte ut rulleski med ski.
Eg har laga ei oversikt over dei viktigaste skirenna før jul. Nytt for denne sesongen er at ein kan sjå norgescuprenn på vgtv dersom ein ønskjer å følgje med på nasjonale skirenn. Det store målet mitt før jul er å kvalifisere meg til prøve- VM i Trondheim, der kan Norge stille 12 løparar per distanse pga. Nasjonal kvote.
Eg vil igjen rette ei stor takk til mine trufaste sponsorar. Dykk er heilt avgjerande for å kunne drive med toppidrett på dette nivået, og eg er takksam for støtta dykk har gitt meg. Utan dykk ville det vore lang vanskelegare å nå måla mine.
Takk til :
Langrennshelsing frå Jon Rolf
]]>
Her kjem ei lita oppdatering frå meg. Sommaren 2023 er historie, og med det vil eg oppdatere dykk på korleis sommartreninga har vore.
Det har vore ein innhaldsrik sommar der eg har gjort mykje, men samtidig fått trent veldig bra. I byrjinga av juli hadde Team Elon Vest treningssamling på Sandane. Fjordium la godt til rette for at vi kunne få gjennomført ei god samling. Vi rakk til og med å gå ein rulleskitur frå Sandane til Hyen, det var stor stas å få vise fram heimbygda. I slutten av juli var eg tre veker på privat treningssamling i Italia med familie.
Å vere i høgda gjer ein god treningseffekt, der får eg slappa godt av og samtidig trent mange timar. Dykkar støtte er til god hjelp for å kunne gjennomføre slike treningsopphald.
I slutten av august reiste eg til Sverige og deltok på Alliansloppet i Trollhättan. Dette er verdens største arrangement på rulleski, Norges langsrennselite og skiløpere frå mange nasjonar deltek. Dessverre for min del hadde eg ei tung helg, noko som ikkje var heilt uventa. Kroppen kan variere mykje dei første dagane etter eit høgdeopphald. Uansett er eg fornøgd med å ha gjennomført fyrste rulleskikonkurranse på to år og eg tek med meg ein 29. plass.
I skrivande stund er eg på samling med Team Elon Vest i svenske Torsby. Her skal vi vere nokre dagar og gå på ski i ein snøtunell, før vi avsluttar samlinga på Lillehammer. Hausten er ei hektisk tid med mange treningstimar og samlingar med teamet. Neste samling blir i slutten av september i Trysil.
Takk til :
Langrennshelsing frå Jon Rolf.
Eg er i starten av ein ny treningssesong og i den forbindelse har eg lyst til å fortelje korleis statusen min er.
Eg har lagt bak meg to tunge år på Rekruttlandslaget med mykje problem. På grunn av manglande resultat, mista eg plassen der i vår. Eg fekk nokre tilbod frå private lag etter vrakinga, der det sportslige opplegget og oppfylginga er minst like bra som på eit landslag om ikkje betre. Men det økonomiske er ringare, sjølvsagt. Valet fall til slutt på Team Elon vest. Dette var det laget som gjorde at eg kom inn på Rekruttlandslaget for to år sidan, noko som gjev ei god kjensle på at det var det rette valet. Vi er ein gjeng på 11, ni gutar og to jenter, pluss ein veldig god trenar. Vi skal faktisk ha ei veke treningssamling på Sandane i byrjinga av juli. Eg gledar meg til å vise fram heimkommunen og treningsfasilitetane vi har i Gloppen, med Fjordium i spissen.
I slutten av juni kjennar eg på at ting har fungert mykje betre enn på fleire år. Eg har gått tilbake til det trygge opplegget som fungerte for 3 år sidan, og har mykje meir glede av å vere på tur og trene igjen med det nye laget.
Mykje av grunnen til at kroppen byrjar å fungere igjen, er takket vere svensken Michael Jansson som eg kom i kontakt med. vi har saman jobba for å finne metodar og treningsøvingar som gjer at skadene har forsvunne og som har gjort meg skadefri. Michael Jansson hjelpte også Anders Södergreen under VM i 2007, du kan lese artikkelen her:
https://www.aftonbladet.se/sportbladet/a/5V36wO/sodergrens-guldvapen-7-000-kronor-och-lasermannen.
Eg vil avslutte med å takke dykk for støtta, noko som betyr spesielt mykje no når eg er på eit privat lag. God sommar til dykk alle!
Langrennshelsing frå Jon Rolf
]]>Til medlemmane i Hyen Idrettslag. Hyen 15/2-2023
Innkalling til årsmøte i Hyen Idrettslag
Styret i Hyen Idrettslag innkaller herved til årsmøte onsdag den 8. mars kl. 19:30 i Hyen Samfunnshus.
SAKLISTE ÅRSMØTE HYEN IDRETTSLAG.
For å ha stemmerett må medlem ha fylt 15 år, har vore medlem av idrettslaget i minst ein månad, og ha betalt kontingenten. Medlemmar under 15 år har møte- og forslagsrett. For meir informasjon om stemmerett, valgbarhet, forslagsrett mv., sjå idrettslagets lov § 5 til § 8.
NB. Leiar i valnemnda er Ola Henning Ommedal, tlf. 97752415. Frist for saker til valgnemnda er 24. februar.
Velkommen til årsmøte!
Med vennleg helsing
styret
]]>Det blir ein litt ny vri på basaren. Aktivitetane for dei yngste startar allereie kl. 17:30 med pilkast og tombola, og kanskje nokre nye aktivitetar.
Vi startar også salg av pølser, brus og kaffi til alle som møter så tidleg.
Den tradisjonelle basardelen startar ca kl. 19:00 med lynutlodding og dei andre aktivitetane.
Etter den gode erfaringa frå i fjor med å bruke ein fredagskveld meinar vi at det er vel verd eit forsøk til.
Ta godt i mot loddselgarane som kjem rundt i bygda med dei tradisjonelle loddbøkene.
Er det nokon som ynskjer å bidra med gevinstar, kan de henvende dykk til Judit Aa, tlf. 996 95 298
Møt opp på denne dugnaden for det frivillige arbeidet til Hyen IL.
]]>Til medlemmane i Hyen Idrettslag.
Innkalling til årsmøte i Hyen Idrettslag
Styret i Hyen Idrettslag innkaller herved til årsmøte torsdag den 31. mars kl. 19:30 i Hyen Samfunnshus.
SAKLISTE ÅRSMØTE HYEN IDRETTSLAG.
Årsmøtet i Hyen Samfunnshus torsdag 31. mars 2022 kl. 19:30
For å ha stemmerett må medlem ha fylt 15 år, har vore medlem av idrettslaget i minst ein månad, og ha betalt kontingenten. Medlemmar under 15 år har møte- og forslagsrett. For meir informasjon om stemmerett, valgbarhet, forslagsrett mv., sjå idrettslagets lov § 5 til § 8.
NB. Leiar i valnemnda er Sølvi Sæther, tlf. 477 55 440. Frist for saker til valgnemnda er 20. mars.
Velkommen til årsmøte!
Med vennleg helsing
styret
Påmeldingsfrist fredag 11. mars. Påmelding på vanleg måte ved å gå inn på Hyesprinten på terminlista til Sogn og Fjordane Skikrins, Arrangement (skiforbundet.no)
evt direkte til Erik Ommedal er-om@online.no eller tlf 99046021.
Klassar og distansar:
G 7 år og yngre 1,5 km
J 7 år og yngre 1,5 km
G8 1,5 km
J8 1,5 km
G9 1,5 km
J9 1,5 km
G10 1,5 km
J10 1,5 km
G11 2 km
J11 2 km
G12 2 km
J12 2 km
G13 3 km
J13 3 km
G14 3 km
J14 3 km
G15 5 km
J15 5 km
G16 5 km
J16 5 km
M17 10 km
K17 5 km
M18 10 km
K18 5 km
M19/20 10 km
K19/20 5 km
Menn senior 10 km
Menn veteran 10 km
K senior 10 km
K veteran 10 km
Startkontingent
t.o.m. 3 km 100,- kr
5 km 115,- kr
10 km 130,- kr
Kontonummer: 3710.30.53235
Premiering:
t.o.m. 16 år: 100 % premiering
17 år og eldre: inntil 50 % premiering
Styret i Hyen Idrettslag har i dag beslutta å utsette idrettsbasaren grunna det pågåande koronautbrotet i Gloppen.
Vi har hatt samtalar med kommunelegen Benny, og han sa at det er ingen grunn å utsette. Men etter nøye vurdering kom vi fram til at det er det rette å gjere. Vi vil gjerne ha så mange på basar som mogeleg.
Vi vil følge situasjonen over helga, og ta ny avgjersle då. Truleg blir utsettelsen 14 dagar.
Vh Styret.
]]>ENDELEG BASAR IGJEN!!
Hyen Idrettslag vil hermed invitere til idrettsbasar søndag den 31. oktober kl.13:30
Vi ventar ikke med dette. Etter at idrettsbasaren ikke blei noko av i 2020, er det no høgt på tide å samlast til dugnad igjen. Det er ein veldig viktig dag for idrettslaget og medlemmane våre. Og det merkast på økonomien i fjor at vi ikke fekk arrangere den.
Basaren blir tradisjonell med
Håpar at flest mogeleg set av denne søndagen til ein sosial dugnad. Vi har ingen restriksjonar, men det er fortsatt lov å tenke på coronautfordringa.
Vi er takknemlige for gevinster til åresalet og loddbøkene. Kan leverast til Judit eller på Joker.
VEL MØTT!
]]>I forbindelse med ei forenkla Friluftshelg vil vi i år invitere til Olsokløpet mandag 19. juli kl. 18:00.
Det føregår i Ommedal i Hyen. Start ved bompengebua til Gamlesætravegen, 35 m.o.h. som fører til Ommedalsstøylen, 555 m.o.h. Vegen er ca. 3,1 km, og har stort sett jamn stigning heile vegen.
Turgåarane kan komme å starte frå kl. 18:00 og utover. Tanken er at flest mogeleg er komne på støylen når konkurranseløparane kjem.
Konkurranseklassa starta når vi er klar til det, mellom kl. 19:00 og 19:15.
Alle som vil kan delta. Vi har delt opp i få klassar.
Vi har valgt å ta kr. 50,- i startpengar for alle, både turgåarar og konkurranse. Det kan betalast på vipps til #513040, Hyen Idrettslag. Betal gjerne før De kjem, det vil då gjelde som påmelding. P.g.a. koronareglane må vi ha namn og telefonnummer på alle som er med. Det får vi når ein betalar startpengane på vipps.
For dei som ynskjer å køyre til støylen med tørre kle til deltakarane, så er det bomveg opp dit. Info om det står i bompengebua, og det også bør betalast med vipps.
På grunn av koronasituasjonen har vi valgt å ikkje ha premiering. Vi håpar De har forståelse for det, dei aller fleste trur vi deltek for konkurransen sin del. Av samme grunn har vi valgt å ikkje ha servering på støylen, men drikkevatn er der rikeleg i elva.