Hyen med ny siger på Oldenstafetten

Postet av Even Rønnekleiv den 25. Apr 2024

IMG_1030.JPG


Hyegutane kunne, førre søndag, innkassere eit nytt napp i vandrepokalen på Oldenstafetten då dei sikra sigeren for andre år i rad.

Lite er meir tilfredsstillande enn å vinne ein av dei tradisjonsrike terrengstafettane - det må i tilfelle vere å vinne to år på rad. Det var derfor ein motivert og spent gjeng som reiste til Olden søndag 21. april. Spenninga brukar å dreie over til nervøsitet når ein kjem ned til Utvik - slik var, i alle fall for enkelte, også i år. Då går samtala tyngre i bilen dei siste kilometerane inn til Olden. Spenninga og nervøsiteten er ikkje berre knytt til eige lag og eigne prestasjonar, men også kva andre lag som er med og kven ein møter på dei ulike etappane. Det er derfor bråhast med å få tak i eit program så snart bilen er parkert på grusplassen.

Programmet kunne fortelje at det i år var seks gutelag påmelde, og etter ei kort analyset blei konkludert med at dette kom til å bli ein kamp, i fyrste rekkje, mellom tre lag - Hyen, STIL og Jølster. Det skulle vise seg å vere kvalifiserte og presise spådommar.

På den fyrste etappen (490m) sprang Sander Hope (15) for Hyen. Sander klinka til frå start og fekk betydeleg med meter til dei andre laga allereie i den fyrste korte stigning ut frå start. Avstanden klarte dei andre laga aldri å hente inn igjen, og Sander kunne veksle til Brage Oppheim Rønnekleiv (11) med god avstand ned til STIL og Jølster på dei neste plassane. På andre etappe (370m) tok STIL igjen Hyen, og innover flata tok STIL over leiinga i stafetten og fekk luke på fleire sekund til Hyen. Jølster fall ned til fjerde plass i løpet av etappen, men kunne ikkje avskrivast i kampen om sigeren då dei hadde ein svært sterk løpar på tredje etappe - den lengste etappen i stafetten (600m). For Hyen sprang Odin Rønnekleiv Oppheim (14) denne etappen. Odin opna svært raskt i eit forsøk på å tette luka opp til STIL, og rundt halvvegs i etappen var Hyen ajour med STIL. I løpet av siste halvdel av etappen passert Odin STIL og fekk ein del meter inn mot veksling. Hyen leia igjen stafetten. STIL var nummer to og bak STIL kom Jølster i stor fart - ingenting av avgjort ved tredje veksling. På fjerde etappe (200m) sprang Oscar Holme Pettersen (11) for Hyen. I løpet av denne etappen tok STIL tilbake leiinga i stafetten, men avstanden var ikkje avskrekkande og avstand ned til Jølster på tredje var, tilsynelatande, trygg. Siste etappe (380m) i Olden er krevjande. Den går på ei rett strekke slik at ein ser mål heile vegen. Dette er mentalt tungt. I tillegg stig det betydeleg dei siste 70 meterane. For Hyen, i år som i fjor, sprang Alfred Hope (15) denne etappen og utviklinga på etappen skulle også vise seg å blir omtrent som året før.

Alfred opna etappen kontrollert, men med litt høgare fart enn løparen frå STIL. Sakte, men sikkert, henta han meter på STIL. Då det var hundre meter til mål passerte han STIL og fekk luke. Sigeren var tilsynelatande sikra. Alfred skulle berre verifisere at dette var under kontroll med eit kjapt blikk over skuldra, då han oppdaga det som vi, som såg etappen frå andre sida av elva hadde sett lenge: her kom ein løpar frå Jølster i skremmande stor fart. Heldigvis hadde Alfred eitt gir til å gå på, og kunne auke farten tilstrekkeleg til at Jølster ikkje klarte å ta igjen Hyen. 

Hyen vann stafetten om lag 10 meter framfor Jølster, medan STIL blei nummer tre i det som var ein svært spennande stafett som ikkje blei avgjort før på dei siste meterane. 

Flott innsats av alle gutane!

Kommande søndag (28.04) er det Breimstafett. Då skal same gjengen og ytterlegare tre løparar prøve å forbetre tredjeplassen frå i fjor. Løparane håpar mange sambygdingar tek turen til Reed på søndag for å heie dei gjennom etappane. 




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.