AVLYST PGA DÅRLEG VÊR "Sprintleik" - Skidag på Høgdene laurdag 3. februar kl 1300.

Postet av Anne Berit Selle den 31. Jan 2024

Laurdag 3. februar inviterer skigruppa i HIL til skidag, skiskule, leikedag, uhøgtideleg konkurranse - det som passar for dei som kjem. Vi har kalla det "sprintleik". Det blir ei kort løype, kanskje med innlagde humpar el.l. der alle som fullfører minimum ei runde får deltakarpremie. Barn og ungdom i alle aldrar kan vere med, og du kan godt vere total nybegynnar på ski. Vi har bålpanne, så ta gjerne med noko godt å grille. Vi har varm og kald saft. Vi ønskjer å vite ca kor mange som kjem, så vi ønskjer at de melder dykk på til Anne Berit Selle, tlf el SMS til 99 55 33 44, eller meld dykk på via "I Sonen" på skiforbundet si nettside.  Det er gratis for medlemmer i Hyen IL. 50 kr for andre. Sidan vêrgudane ikkje er heilt med oss for tida, kan arrangementet bli avlyst. Vi gjennomfører ikkje dersom det vert regnvêr og surt, så ingen forpliktar seg til å bli med i all slags vêr sjølv om dei har meldt seg på, helst innan torsdag kveld, og så gir vi beskjed seinast fredag om det blir avlysing.



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.