Skitur / Hyttetur på Utvikfjellet 15.-17.mars

Postet av Anne Berit Selle den 3. Mar 2024

Hyen IL v/ skigruppa inviterer til skitur/hyttetur med overnatting på Gloppen Røde Kors si hytte.

 

Tid: fredag 15.mars-søndag 17.mars  eller laurdag 16.mars-søndag 17.mars

Ein kan også vere med berre på dagtid ein av dagane om ein ønskjer det.

(Turen blir arrangert på same måte som speidargruppa sine turar har vore før, men no er det idrettslaget som er arrangør)

 

For kven: Barn og ungdom frå 6.kl og oppover til ferdig vidaregåande og gjerne 20+ også 😊 kan vere med frå fredag-søndag.

Barn som går i 5.klasse eller under kan vere med frå laurdag morgon og må ha med ein forelder eller annan vaksen, evt storesøsken over 16 år.

Dei som skal vere med, må vere medlemmer i Hyen idrettslag.

Ein kan gjere avtale om å ta ansvar for fleire barn enn sine eigne, så alle ikkje ha med far eller mor, men ein vaksen kan ikkje ha med fleire barn enn ein kan klare å ta ansvar for.

Om nokon vil komme å vere med på dagtid ein av dagane utan å bu på hytta, kan de sjølvsagt gjere det. Om nokon er opptekne med andre ting på dagtid, men har lyst å vere med på hytteturen for det sosiale sin del, går det også an.

Det spelar inga rolle om du er god eller dårleg på ski- alle velkomne!!!

 

Leiarar: Anne Berit Selle og Inger-Mari Akse 

Om det er fleire vaksne/eldre ungdom som vil vere med og hjelpe oss, blir vi berre glade for det 😊

Stad: Gloppen Røde Kors Hjelpekorps si hytte på Utvikfjellet. Den ligg like ved parkeringsplassen på toppen på andre sida av vegen i forhold til skiheisane. Dersom vi blir veldig mange natt til søndag, må kanskje nokon sove i telt el lavvo utanfor (men alle får vere i hytta altså, gjeld berre soveplass). Hytta har straum og innlagt vatn (men ikkje dusj). Vatnet har ikkje drikkevasskvalitet, så det tar vi med (leiarane ordnar).

 

Program:

Dette er først og fremst ein tur for å renne eller gå på ski. Ein kan ein vere både i alpinbakken og gå tur på langrennski/turski. Det er fine løyper i området. Alternativt kan ein vere ute i snøen med andre aktivitetar f.eks grave holer og tunnellar eller ake. Difor er det fint å vere nok vaksne til at vi kan dele oss i fleire grupper om det er interesse for det. Vi oppfordrar også dei som ikkje er så glade i slalåm til å bli med – det er fine turløyper i området, og det brukar å vere sosialt og kjekt på hytta!

 

Sjå http://www.breimsbygdaskisenter.no/   for prisar og meir informasjon om alpinbakken.

 

 

Frammøte:  Frå Hyen ca kl. 19.00 på fredag (el. etter anna avtale)

På Utvikfjellet til kl. 11.00 på laurdag (Vi samordnar transporten frå Hyen når vi ser kven som blir med)

 

Henting/Avreise: Søndag ca 1600, eller seinast når heisane stengjer. 

 

Evt dårleg vêr: Vi er aldri garantert godt skivêr, og det har vi heller ikkje hatt på alle tidlegare turar. Om skisenteret er stengt finn vi på alternative aktivitetar som passar til vêr og føre. Når tida nærmar seg vil vi gje beskjed om det er ting de evt må ta med til andre aktivitetar. Vi var i Trivselsbadet på søndagen eit år, vi har gått fottur i mykje vind og sett reinsdyr, og vi har greve snøholer og tunnellar. Vi skal nok finne på noko i år også om det trengs. 

 

Pris: Idrettslaget betalar for hytta, og dei som er med må betale for maten. Fredag-søndag: max 300,- kr  Laurdag-Søndag: max 170,- kr Vi reknar ut etterpå kva det blir. Betaling til Vipps 513040 (Hyen idrettslag), eller til leiarane, så betaler vi inn til idrettslaget.

Dei som kjem på laurdagen, må ha med seg niste til lunsj laurdag. 

Dei som skal ha heiskort eller leige ski/snøbrett må betale det sjølv. 

 

Dagsorden;

Fredag: Kveldsmat. Etablere oss på hytta. Slappe av. Sove.

Laurdag: Frukost og nistesmørjing for dei som er der frå før. 

11.00: Ankomst for resten.

Ut på ski (heisanlegget er ope 11.00-16.00)  eller anna aktivitet.

Etter utetid: Varmt måltid på hytta.

Laurdagskos, evt leikar etc

Kveldsmat om nokon treng meir før dei legg seg.

22.30: Vi pussar tenner og finn fram soveposar.

23.00: RO!!!

Søndag: Frukost og nistesmørjing

Ut på ski eller leik i snøen (eller anna om det ikkje er snø..)

 

Vi forventar at alle skal sove om natta. Ingen «døgning».  

Alle må delta i matlaging, oppvask og rydding av hytta etter oppsett liste.

 

 

Påmelding: Sidan vi kan bli mange, og det er litt å organisere etter påmelding, ber vi om påmelding i løpet av laurdag 9. mars. Påmelding til Anne Berit tlf 99553344, e-post a-beri-s@online.no eller PM.  Om nokon ikkje er sikre på om dei kan bli med, men har lyst , så meld dykk på likevel og gje beskjed om at det er litt usikkert. Gje beskjed om kven som skal vere med på overnatting og kva for natt, eller berre på dagtid. Gje også beskjed om de kan køyre eller ikkje, og når, og om de kan vere med som leiar. Om nokon vil bidra med ei platekake, bollar el.l. er det flott!

NB! Gje beskjed om matallergiar.

 

 

Pakkeliste 

 

Ta med:

Ski, skisko og stavar 

Evt. andre vintersko

Yttertøy etter planlagd aktivitet og vermeldingar (vindtett) Jakke og bukse, eller dress

Lue, skjerf/hals og vottar

Undertøy

Sokkar

Varm gensar

Klesskift om du blir våt

Evt badedrakt/badebukse for «snøbading»

Handkle

Toalettsaker (Tannkost, tannkrem, såpe)

Sovepose 

Drikkeflaske og eller termos

Ferdig niste og drikke til laurdag (gjeld dei som kjem på laurdagen)

Liten dagstursekk til å ha niste og drikke etc med seg ute.

Pengar til evt heiskort og skileige.

Solkrem, solbriller 

Sitjeunderlag  

Lommelykt/Hovudlykt

Laurdagsgodt (men ikkje så mykje, og ikkje noko med peanøtter)  NB! Vi tar med litt på fellesen og litt kake, bollar og liknande. Så det er ikkje nødvendig med store mengder godteri… Ikkje ta med energidrikk – og turen er sjølvsagt alkoholfri 😊

 

 Hugs påmeldingsfristen!

 

Helsing leiarane;

 

Anne Berit    tlf: 99553344                                  Berre ring om de lurer på noko!!

Inger-Mari    tlf; 94843676 

 

Alle er hjarteleg velkomne!!!  


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.