TRIATLON I FRILUFTSHELGA

Postet av Hyen IL den 10. Jul 2017

Då er det endeleg klart at det blir arrangert triatlon i friluftshelga, laurdag den 22. juli kl. 14.30. Dette vil føregå i ein heilt ny løypetrase i sentrum og opp til Hope. Symjinga blir i Hopsvatnet, syklinga blir opp til Hope og ned at til skulen, og løpsdelen blir i Åsen med målgang på idrettsplassen. Løypa er ny, og med tanke på at publikum skal kunne følge store deler av løpet frå idrettsplassen og området rundt. Under løpet blir RV 615 stengt for bilar mellom Svoa i Hope og bensinstasjonen i Hyen for å ivareta sikkerheten til deltakarane.

Bildet syner kartutsnitt der sykkeletappen skal gå. Den startar i Vikja der symjeetappen sluttar, ut på RV 615 til første akøyringa i Hope, opp på Bakkane og ned att langs med Skordalselva. Der kjem ein inn att på RV 615 og syklar vestover til ein tek av hovedvegen og syklar bygdevegen gjennom Hope, så inn att på RV 615 og syklar austover mot sentrum, tek rett til venstre etter Straumsbrua, og deretter rett til høgre opp til hovedinngangen på Hyen Skule. Der er det ny etappe der ein spring rundt skulen, ned att over Løkjabrua og tek stien opp i Åsen, gjennom området der gapahuken står, gjennom skogen mot Furunakken, ned att i Vikja, ut på RV615 der ein spring ut rundt idrettsbygget, inn på løpebana på Idrettsplassen og i mål.


Bildet syner løypa på symjeetappen, som for øvrig er først, og løypa til løpsetappen som er til slutt. Vi håpar dette arrangementet kan bidra til aktivitet under Friluftshelga. Dert er ein del jobb med eit slikt arrangement, og ikkje minst reglar som må etterkomast. Vegvesen og politi har godkjent søknaden vår om stenging av vegen, men vi har klare reglar vi må følge. Vi har litt kort frist på oss grunna arbeidet med søknad, men håpar likevel at vi kan få god nok deltaking.

Vi er ikkje heilt klar med klasseinndelingane endå, men informasjon vil komme fortløpande. Spørsmål kan rettast til oss i styret Hyen IL.

Bjørn Petter Rygg 476 17 741 post@hyenil.no
Marit Straume 905 34 254 straumskona@hotmail.com
Eldar Rønnekleiv 578 69 804 joker.hyen@joker.no
Hanna Ommedal Aa 920 41 636 hanna@akvavet.no
Tove Hanne Ommedal Teigland 930 93 933 thoteig@online.no
Jon Martin Rønnekleiv 977 82 289 jon.martin.ronnekleiv@online.no



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.