Hyen vann guteklassa på Oldestafetten

Postet av Even Rønnekleiv den 30. Apr 2023



Hyen vann guteklassa på Oldestafetten etter ein svært spennande stafett der sigeren blei sikra på dei siste 50 meterane. 

Det var ein liten tropp frå Hyen IL som reiste til Olden for det 67. Oldestafetten i dag. Vi jobba med å mønstre to gutelag - slik som i fjor, men dette året gjekk det ikkje. Små kull og avgresningar i alderssamansetnad gjere det krevjande å sy saman lag. Eitt lag frå Hyen er likevel ikkje dårleg - til samanlikning var verken Florø eller Førde representert i guteklassa. Dette er sjølvsagt urovekkande for dei tradisjonsrike terrengstafettane, men vi må fokusere på dei laga som er med. 

Til saman var det fem lag i guteklassa - 2 frå Sandane TIL (STIL), eitt frå Jølster IL og eitt frå Olden. Jølster IL har vunne dei siste 5 åra stafetten har vore arrangert og med Åsmund Sunde Førde på laget, som i fjor var langt under 2.00 på 800m, rekna dei fleste - inkludert speaker - med at sigersrekka ville blir forlenga. Det var feil.

På den fyrste etappen, 490m, sprang Håkon Holme (16) frå Hyen. Jølster tok tet frå start, med STIL og Hyen ikkje langt bak. Avstandane var ikkje store då dei kryssa elva rett før fyrste veksling. På andre etappe, 370m, sprang Gabriel Aa Berge (11) for Hyen. Han sprang inn både STIL og Jølster, og i løpet av etappen blei Jølster, meir eller mindre, hekta av. Det blei ein kamp mellom STIL og Hyen inn mot andre veksling, men STIL veksla litt føre Hyen. På den tredje og lengste etappen, 600m, sprang Odin Rønnekleiv Oppheim (13) for Hyen. STIL auka avstand tidleg i etappen, men Hyen henta ei god del midtvegs. Likevel kunne STIL veksle fyrste. Bak kom Sunde Førde i stor fart, men Jølster klarte ikkje å få kontakt med Hyen og STIL sjølv om avstanden krympa mykje i løpet av etappen. Ei svært uoffisiell måling på slutten av fjerde etappe sa om lag fem sekund frå STIL til Hyen og noko tilsvarande frå Hyen til Jølster. På denne etappen (200M) sprang David Eimhjellen (13) for Hyen. Han gav stafettpinnen vidare til Alfred Hope (14) som sprang siste etappen (380m) for Hyen. Sisteetappen på Oldestafetten er brutal. Det er 380m rett fram og ein ser mål heilt frå veksling. Det som, tilsynelatande, er ein falt etappen er langt frå flat siste 70m inn til mål. Her kan det skilje mykje. Vi som såg utviklinga av sisteetappen frå bortsida av elva kunne tidleg konkludere med at Hyen, basert på opningsfarten, skulle kunne hente STIL i løpet av etappen. Sakte men sikkert, meter for meter, kom Alfred nærare STIL og når stigninga starta passert Alfred løparen frå STIL og sprang ifrå opp mot mål. Hyen tok den fyrste sigeren på Oldestafetten sidan 2014. 

Løparar og eit avgrensa reisefølgje var svært tilfreds - prestasjonane varma langt meir enn vårsola.  

Neste søndag er det Breimstafett - gutane satsar på reprise, men håpar det er tettare mellom Hyarane på bakken på Breim enn det var i Olden. 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Siste fra Even Rønnekleiv