IDRETTSBASAR!!

Postet av Hyen IL den 10. Okt 2021

ENDELEG BASAR IGJEN!!

Hyen Idrettslag vil hermed invitere til idrettsbasar søndag den 31. oktober kl.13:30

Vi ventar ikke med dette. Etter at idrettsbasaren ikke blei noko av i 2020, er det no høgt på tide å samlast til dugnad igjen. Det er ein veldig viktig dag for idrettslaget og medlemmane våre. Og det merkast på økonomien i fjor at vi ikke fekk arrangere den.

Basaren blir tradisjonell med

  • enkelt program
  • åresal
  • tombola
  • tipping
  • pilkast
  • loddbøker rundt på bygdene

Håpar at flest mogeleg set av denne søndagen til ein sosial dugnad. Vi har ingen restriksjonar, men det er fortsatt lov å tenke på coronautfordringa.

Vi er takknemlige for gevinster til åresalet og loddbøkene. Kan leverast til Judit eller på Joker.

VEL MØTT!


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline