Aa-støylsløpet 2015.

Postet av Hyen IL den 3. Aug 2015



Fredag den 7. august 2015 blir Aa-støylsløpet arrangert for fyrste gong. Dette er det tredje og siste løpet i motbakke/støylsløp karusellen i Hyen.

Løpet er meint for mosjonistar i absolutt ALLE kategoriar. Ingen aldersgrense eller kvalifikasjonar. Ein kan gå, jogge, springe eller sykle alt etter kva inndeling ein vel.

Kategoriane er:

Mosjonist gå/springe alle aldrar 2,5 km frå Dalheim til Aa-støylen

Mosjonist sykkel alle aldrar 2,5 km frå Dalheim til Aa-støylen

Konkurranse løp over 15 år 2,5 km frå Dalheim til Aa-støylen

Konkurranse sykkel over 15 år 11 km frå skulehuset på Klype til Aa-støylen

Mosjonistane kan starte mellom kl. 18.30 og 19.30. Dei som ynskjer registrert tid gjev beskjed om det ved påmelding.
Konkurranse løp og sykkel startar kl. 19.45 frå begge plassar.

Startkontigent kr. 50,- for alle registrerte deltakarar.
Transport til og frå Aastøylen med kle og anna kan ordnast. Deltakarane i sykkelkonkurransen frå Klype kan parkere på Aa-stølen for så å bli skyssa ned att til start viss ønskeleg.

For nærmare info, ring:
  • 99695298, Judith Aa
  • 97752415, Ola Henning Ommedal
  • 95057200, Bjørn Petter Rygg


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.