Hyttetur på Utvikfjellet med skigruppa 28.-30.mars 2025

Postet av Anne Berit Selle den 9. Mar 2025

Hyen IL v/ skigruppa inviterer til skitur/hyttetur med overnatting på Vikane Røde Kors si hytte.

 

Tid: fredag 28.mars-søndag 30.mars  2025

Ein kan også vere med berre på dagtid ein av dagane om ein ønskjer det.

 

For kven: Barn og ungdom frå 6.kl og oppover til ferdig vidaregåande og gjerne 20+ også 😊 kan vere med frå fredag-søndag.

Barn som går i 5.klasse eller under må ha med ein forelder eller annan vaksen, evt storesøsken over 16 år.

Dei som skal vere med, må vere medlemmer i Hyen idrettslag.

Ein kan gjere avtale om å ta ansvar for fleire barn enn sine eigne, så alle ikkje ha med far eller mor, men ein vaksen kan ikkje ha med fleire barn enn ein kan klare å ta ansvar for.

Om nokon vil komme å vere med berre ei natt eller på dagtid ein av dagane utan å bu på hytta, kan de gjere det. Om nokon er opptekne med andre ting på dagtid, men har lyst å vere med på hytteturen for det sosiale sin del, går det også an.

Det spelar inga rolle om du er god eller dårleg på ski- alle velkomne!!!

 

Leiarar: Anne Berit Selle og Inger-Mari Akse 

Om det er fleire vaksne/eldre ungdom som vil vere med og hjelpe oss, blir vi berre glade for det 😊

Stad: Vikane Røde Kors si hytte på Utvikfjellet. Den ligg eit stykke nedanfor bommen på Utviksida. Hytta er ganske stor og har straum og innlagt vatn. 

 

Program:

Dette er først og fremst ein tur for å renne eller gå på ski, men det er eit spesielt år i år med heilt uvanleg lite snø, og akkurat no (9.mars) er det ikkje snø på Utvikfjellet heller. Turen har vore planlagt før, men utsett i håp om at det kjem snø seinare. Denne helga er siste sjanse for å arrangere turen, og så håpar vi på eit under: at det kjem snø og skiføre! Ein kan ein vere både i alpinbakken og gå tur på langrennski/turski. Det er fine løyper i området. Alternativt kan ein vere ute i snøen med andre aktivitetar f.eks grave holer og tunnellar eller ake. Difor er det fint å vere nok vaksne til at vi kan dele oss i fleire grupper om det er interesse for det. Vi oppfordrar også dei som ikkje er så glade i slalåm til å bli med – det er fine turløyper i området, og det brukar å vere sosialt og kjekt på hytta!

Vi veit at enkelte spelar handball denne helga, men vil leggje til rette for at dei som vil kan både spele kamp(ar) og vere med på hyttetur.

Viss det ikkje blir snø, kan vi ha ein hyttetur likevel. Vi kan f.eks gå tur til fots eller reise i trivselsbadet den eine dagen.

 

Sjå http://www.breimsbygdaskisenter.no/   for prisar og meir informasjon om alpinbakken.

 

 

Frammøte: Frå Hyen ca kl. 19.00 på fredag (el. etter anna avtale)

 

Henting/Avreise: Søndag ca 1600, eller seinast når heisane stengjer. 

 

 

Pris: Idrettslaget betalar for hytta, og dei som er med må betale for maten. Fredag-søndag: max 300,- kr  Laurdag-Søndag: max 170,- kr Vi reknar ut etterpå kva det blir. I fjor vart det berre 160,- kr pr pers for heile turen. 

Dei som skal ha heiskort eller leige ski/snøbrett må betale det sjølv. Ein må også betale for Trivselsbadet om vi går der.

 

Dagsorden;

Fredag: Kveldsmat. Etablere oss på hytta. Slappe av. Sove.

Laurdag: Frukost og nistesmørjing for dei som er der frå før. 

Ut på ski eller anna aktivitet.

Etter utetid: Varmt måltid på hytta.

Laurdagskos, evt leikar etc

Kveldsmat om nokon treng meir før dei legg seg.

22.30: Vi pussar tenner og finn fram soveposar.

23.00: RO!!!

Søndag: Frukost og nistesmørjing

Ut på ski eller leik i snøen (eller anna om det ikkje er snø..)

 

Vi forventar at alle skal sove om natta. Ingen «døgning».  

Alle må delta i matlaging, oppvask og rydding av hytta etter oppsett liste.

 

 

Påmelding:. Påmelding til Anne Berit tlf 99553344, e-post a-beri-s@online.no eller PM seinast 22.mars.  Om nokon ikkje er sikre på om dei kan bli med, men har lyst , så meld dykk på likevel og gje beskjed om at det er litt usikkert. Gje beskjed om kven som skal vere med på overnatting og kva for natt, eller berre på dagtid. Gje også beskjed om de kan køyre eller ikkje, og når, og om de kan vere med som leiar. Om nokon vil bidra med ei platekake, bollar el.l. er det flott!

NB! Gje beskjed om matallergiar.

 

 

Pakkeliste 

 

Ta med:

Ski, skisko og stavar – eller klede og utstyr til andre aktivitetar, vi gir beskjed når det nærmar seg.

Evt. andre vintersko

Yttertøy etter planlagd aktivitet og vermeldingar (vindtett) Jakke og bukse, eller dress

Lue, skjerf/hals og vottar

Undertøy

Sokkar

Varm gensar

Klesskift om du blir våt

Evt badedrakt/badebukse for «snøbading»

Handkle

Toalettsaker (Tannkost, tannkrem, såpe)

Sovepose 

Drikkeflaske og eller termos

Ferdig niste og drikke til laurdag viss du kjem på laurdagen

Liten dagstursekk til å ha niste og drikke etc med seg ute.

Pengar til evt heiskort og skileige.

Solkrem, solbriller 

Sitjeunderlag  

Lommelykt/Hovudlykt

Laurdagsgodt (men ikkje så mykje, og ikkje noko med peanøtter)  NB! Vi tar med litt på fellesen og litt kake, bollar og liknande. Så det er ikkje nødvendig med store mengder godteri… Ikkje ta med energidrikk – og turen er sjølvsagt alkoholfri 😊

 

Hugs påmeldingsfristen!

 

Helsing leiarane;

 

Anne Berit    tlf: 99553344                                  Berre ring om de lurer på noko!!

Inger-Mari    tlf; 94843676 

 

 

Alle er hjarteleg velkomne!!!  


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.