Innføring i styrketrening
Postet av Marius Rygg den 18. Jan 2016
Med ei veksande interesse for styrketrening og bruk av vektrommet, ynskjer HIL å tilby medlemmer over 16 år ei innføring i generell løfteteknikk. Bruk av vekter kan medføre skaderisiko om øvingane ikkje vert utførte med tilfredsstillande teknikk. Med dette grunnkurset ynskjer vi å minimere denne skaderisikoen, slik at medlemmane våre kan nyte godt av styrketrening.
Kurset vil vere opent for alle medlemmar av idrettslaget (over 16 år).
Om du er interessert, kontakt Marius Rygg, tlf: 90270159
Frist for tilbakemelding fredag 29/1-16. Vi kjem tilbake med tidspunkt når vi veit meir om talet påmelde.
Mvh
HIL
v/Marius Rygg
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.