HYEN TRIATHLON

Postet av Hyen IL den 16. Jul 2017

Info om triathlon under Friluftshelga. Som annonsert tidlegare blir det arrangert triathlon laurdag i friluftshelga. I år er det ny løype som gjeld, den er tenkt slik at flest mogeleg skal få sjå deltakarane mest mogeleg frå sentrumsområdet/idrettsplassen. Arrangementet er registrert i Norges Triathlonforbund, og delar av startkontigenten går til Engangslisens. Det vil seie at alle deltakarane er forsikra under dette arrangementet, i tilfelle skade. 

Distanse symjing: 100-150 meter
Distanse sykling: 7,5 km
Distanse springing: 2,1 km

Starkontigent Ungdom 13-17 år:    kr 200,-
Startkontigent Vaksne og Veteran: kr 300,-

Vi vil gjerne at flest mogeleg melder seg på  innan påmeldingsfristen, men det er mogeleg å melde seg på heilt fram til ein time før start. Påmeldingsfristen er sett til fredag 21/7 kl. 12.00. Ein kan melde seg på ved å bruke linken under, eller til e-post: bjorn.rygg@online.no

Klikk her for å melde på

For meir info, ta kontakt med ein av oss i styret:

Bjørn Petter Rygg         476 17 741  post@hyenil.no
Marit Straume               905 34 254  straumskona@hotmail.com
Eldar Rønnekleiv          578 69 804  joker.hyen@joker.no
Hanna Ommedal Aa     920 41 636  hanna@akvavet.no
Jon Martin Rønnekleiv  977 82 289  jon.martin.ronnekleiv@online.no

På dette kartutsnittet syner START SYMJING. Ein rundar ei bøye og sym i land på enden av vegen i Vikja. Der startar sykkeldelen, som er beskreven på kartutsnittet under. Sykkeldelen stoppar ved vestibylen på Hyen Skule, der kartet over syner START LØP. Løypa rundar rundt skulen, går opp over til hovedvegen og ned over Løkjabrua, over vegen og opp stien til lavoen i Åsen. Vidare frå lavoen til Furunakken, ved att i Vikja, ut på RV 615 mot sentrum, opp rundt idrettsbygget og inn på idrettsolassen det ein sring ei runde før ein går i mål.


Dette er eit kartutsnitt over sykkeldelen, som startar etter symjinga i Vikja. Ein syklar på RV 615 vestover mot Hope, og tar av til høgre i punkt 2. Der syklar ein opp på Bakkane og ned att langs med Skordalselva og inn att på RV 615 i punkt 1. Ein syklar vestover mot vegsperringa, tar av vegen og syklar gardsvegen austover gjennom Hope. Inn at på RV 615 i punkt 1 der ein tar austover tilbake til sentrum. Når ein kjem over Straumsbrua, tek ein til venstre, og rett til høgre igjen opp til Hyen Skule, der løpsdelen startar.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.