Julehelsing frå Jon Rolf

Postet av Hyen IL den 23. Des 2025

















Julehelsing

Kjære samarbeidspartnarar og Hyarar.

Førjulsesongen 2025 er no over. For mi eiga del blei sesongstarten dessverre svært krevjande. Eg gjekk to svake skirenn under sesongopninga, og kort tid etter vart eg råka av influensa. Dette har ført til svært få konkurransar . Samstundes er sesongen lang og mykje ligg framfor oss.

Med bakgrunn i erfaringane frå dei siste åra har eg valt å ikkje forhaste ein retur til konkurranse. I staden har eg prioritert å lytte til kroppen og lagt ein strukturert og langsiktig plan fram mot NM på ski, som startar 14. januar. Dette blir eit av sesongens hovudmål og eg håpar å kunne vise eit langt sterkare nivå der enn det eg har fått vist dei siste åra.

Sjølv om dei sportslege resultata dei siste åra har vore utfordrande, set eg stor pris på den støtta eg har motteke. Eg er takksam for alle som følgjer med og viser interesse, og denne støtta betyr mykje i ein periode der tolmod og langsiktig arbeid står i fokus. Eg har sterk tru på at eg vil kome betre tilbake utover vinteren.

Jula vert i år tilbrakt i Valdres, der det for tida ligg kring ein halv meter snø og tilhøva for langrennstrening er svært gode. Dette gir eit godt utgangspunkt for solide førebuingar fram mot Norgesmesterskapet

Til slutt vil eg ynskje dykk alle ei riktig god jul og eit godt nyttår. Eg håpar verkeleg at det snart kjem skikkeleg med snø og gode skiforhold i Hyen også, slik at de alle kan kome dykk ut i løypene og kjenne på den ekte skigleda.

Langrennshelsing 

Jon Rolf Skamo Hope




Haustoppdatering frå Jon Rolf

Postet av Hyen IL den 24. Okt 2025

Haustoppdatering frå Jon Rolf Skamo Hope

Hei alle samarbeidspartnarar!

Om under ein månad startar ein ny skisesong på Beitostølen, og eg vil nytte høvet til å sende ei lita oppdatering før det brakar laus.

I år har vegen fram mot sesongopninga vore litt annleis enn tidlegare. For første gong på om lag ti år har eg stått utanfor både landslag og privatlag. Det har gitt meg meir fridom og høve til å styre kvardagen og treninga på ein heilt ny måte. Samstundes har eg ikkje vore heilt åleine. Som mange kanskje hugsar, har eg funne tilbake til den gamle trenaren min, som eg hadde frå eg var 16 til 20 år gammal. Saman har vi fått orden på skadar og lagt om treninga ein god del. Det har vore inspirerande, og eg kjenner at kroppen responderer svært godt.

I skrivande stund oppheld eg meg på den spanske austkysten, nærmare bestemt i Dénia på Costa Blanca. Her legg eg ned dei siste barmarksøktene før vinteren kjem. Området er kjent for å vere base for mange profesjonelle syklistar. Det er ein perfekt stad for rulleski, springing og mengdetrening. Kombinert med 20 varmegrader og solrike dagar er det store kontrastar til Noreg på denne tida av året.

Samtidig vil eg ynskje Larstunet.no velkomen på laget! Det er veldig kjekt å ha med ei ny lokal bedrift som ynskjer å støtte opp om satsinga mi. Eg set stor pris på at fleire frå heimbygda har lyst å vere med.

 

Det skal ikkje stå på førebuinga og tilrettelegginga denne sesongen. Eg må også rette ei stor takk til foreldra mine og alle samarbeidspartnarane mine, som gjer det mogleg å gjennomføre slike førebuingar. Det trur eg er heilt avgjerande for å ta nye steg som utøvar og gjere den vesle forskjellen inn mot sesongopninga.

Eg står på startstreken på Beitostølen 22. og 23. november. Eg gler meg til å kome i gang.

 

Takk til:

  • AOH-stiftinga
  • Hyen Fisk
  • Nordfjord Laks
  • Hyen IL
  • Maskinentreprenør Torleiv Straume
  • Sporten Beitostølen
  • Larstunet

 

Langrennshelsing frå
Jon Rolf Skamo Hope




Idrettsbasar

Postet av Hyen IL den 17. Okt 2025




Sommarbrev frå Jon Rolf

Postet av Hyen IL den 4. Aug 2025





Påskebrev frå Jon Rolf

Postet av Hyen IL den 17. Apr 2025

 Lesarbrev – Skisesongen 2024/25 

 

Et bilde som inneholder utendørs, skisport, snø, personKI-generert innhold kan være feil.Hei alle sponsorar og bygdefolk! Eg vil gjerne dele nokre tankar om årets skisesong og vegen vidare.

 

Etter ein tung start på fjorårets sesong, merka eg allereie i starten av desember at noko ikkje stemde under renn. Muskulaturen stivna raskt, og eg fekk smerter i mage- og brystregionen når eg pressa meg under skirenn. Etter fleire runder med fagfolk, viste det seg – ved hjelp av ultralyd – at psoas major-muskelen var overbelasta og skadd.  

Eg vart derfor tvungen til å ta det roleg i eit par månader, og måtte halde meg unna hard trening. Fokus blei fort snudd frå å skulle prestere på topp, til å bli heilt skadefri. Men eg skal vere ærleg: To månader med redusert trening set kven som helst tilbake, også ein toppidrettsutøvar. I slutten av februar stod eg igjen på startstreken, men resultata uteblei.  

Det har vore ein spesiell vinter med få renn for min del, men eg fekk likevel nokre oppturar mot slutten av sesongen. Blant anna med ein 3. plass i Skøytebirken og 13. plass i Engadin Skimaraton i Sveits. Det gav meg ny motivasjon.  

Eg ser tilbake på ein av dei svakaste sesongane eg har hatt, og det gjer at eg har brukt den siste tida godt. Eg er framleis svært motivert, og kjenner at eg ikkje er klar for å legge skia på hylla heilt enno. Men for å lukkast, treng eg ei endring – både i trening, og i strukturen rundt satsinga mi.  

Difor har eg bestemt meg for å gjere ei større omlegging. Eit viktig grep er å gå tilbake tiltrenaren eg hadde som junior: Geir Endre Rogn. Han var trenaren min i fire år, og vi oppnådde svært gode resultat saman. Geir Endre har òg vore landslagstrenar for det norske kvinnelandslaget i langrenn.  

For å få til dette, må eg også stå utanfor forbundslaget Elon vest. Dei har strenge reglar når det gjeld bruk av eigne trenarar. Valet var difor enkelt: Eg vil satse åleine og halde fram med å representere Hyen IL.  

Denne endringa vil gjere meg godt. Eg får større fridom til å styre kvardagen og bygge meg opp igjen gradvis. I tillegg får eg no høve til å synleggjere mine eigne sponsorar på ein betre måte – både under skirenn som vert sende på TV, og i kvardagen gjennom treningsklede og sosiale medium. Eg ønskjer å vere ein god ambassadør for dei som vel å støtte meg, og håpar at så mange som mogleg av dykk vil vere med på laget vidare. 

Det vart eit langt lesarbrev denne gongen, men eg håpar de set pris på ei oppdatering og mine tankar om vegen vidare. Det kjem fleire oppdateringar utover våren og sommaren om korleis det går.  

Eg ønskjer alle ei riktig god påske!  

 



2 Kommentarer