Glimt frå FRAMO lekene 2015.

Postet av Bjørn Petter Rygg den 31. Mai 2015

Denne helga har vi vore på Fana Stadion der FRAMOlekene vart arrangert. Dette er det desidert største friidrettstemnet på Vestlandet, og eit av dei tre største i Norge.


Vi hadde berre med 2 utøvarar denne gongen, Ørjan Rygg i slegge 4 kg og Magnus Rygg Storsletten i kule 4 kg og slegge 4 kg.


Laurdag kasta Magnus kule, der kom han på 3. plass med 11,89 meter. Det er ny pers, tidlegare i år har han kasta 11,45 meter.


Seinare laurdag kasta Ørjan slegge 4 kg der han sette ny pers med 48,25 meter. Det er også ny stemnerekord for gutar 14 år på Framolekene. Flott kasting etter ein vinter med litt lite trening og veldig lite kasting grunna skade.

Her er nokre bilder frå stemnet. .



Ørjan i sleggeringen. Magnus i sleggeringen.


Magnus på pallen etter kulekonkurransen.

Ørjan på pallen etter sleggekonkurransen.



Magnus på pallen etter sleggekonkurransen.


Søndag var det Magnus som skulle i sleggeringen. Der blei nok ikkje resultatet heilt som vi hadde håpa på, med dei flotte konkurransane han har hatt i det siste. Med ein pers på 53,55 meter frå ei veke sidan, var vel 45,51 meter eit resultatt han ikkje treng være fornøgd med. Men det var ein flott konkurranse der dei to beste persa seg kraftigt.







Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.