Nytt lesarbrev frå Jon Rolf

Postet av Hanna Ommedal Aa den 29. Mar 2023

Lesarbrev, Jon Rolf Skamo Hope Skisesongen 2023.

 

Hei og god kveld Kjære støttespelar!

 

Eg er inne i avslutninga av skisesongen. Sidan sist lesarbrev kan eg sjå tilbake på ein periode med mykje skirenn, utan dei helt store prestasjonane. Eg har måtte justere ned ambisjonsnivået frå å kunne kjempe om siger i alle skirenn, til å stille på start for å gjere det beste eg kan og tenkje langsiktig. Det har vore krevjande og kjenne at kroppen ikkje er i nærheten til å vinne store skirenn denne sesongen. 

 

Tross mykje elendighet har det blitt nokre  oppturar igjennom sesongen. Eg har Gått vidare frå prolog på begge sprintane eg har prøvd meg på i vinter. Det har eg aldri klar som seniorløpar. Eg har vore 2 gonger topp 20 i Skandinavisk cup og norgescup. Eg har Også prøvd med på ein del langløp utan festesmurning under skia. Eg har gått Birkebeinerrennet og Valdres Skimaraton  forrige helg med god suksess. Eg har gått 12 renn ein god månad.Det er verdifull trening som eg har svært godt av med tanke på å komme tilbake på det nivået eg hadde for to sesongar sidan.

 

No ser eg fram til å avslutte sesongen på Tolga med NM del 2. Der går eg 10 Km klassisk allereie i morgen ettermiddag og avslutta med 50 km klassisk på fredag. 

Eg er med godt mot og har allereie starta planleiinga av neste sesong og satsar fult mot VM i Trondheim 2025.

 

Tittel: Frå sprint prolog i Scandinavisk cup i Madona

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ynskje alle ei riktig god påsk


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Siste fra Hanna Ommedal Aa

VÅRDUGNAD

VÅRDUGNAD

02.05.2023