Info fra Hyen IL januar 2020.

Postet av Hyen IL den 19. Jan 2020

Vi er starta på eit nytt år, og då er det på sin plass å informere litt om kva vi jobbar med i styret i Hyen IL.

Etter eit år med oppussing og renovering av idrettsbygget, er vi no komne i godt gjenge med aktivitetene våre. Og ut i fra det vi har fått med oss ser det ut til at huset fungerer med dei funksjonene som er klare.

Det neste som står for tur er det nye treningsrommet i idrettsbygget. Etter renoveringa er dette rommet utvida med ein del meir areal, og kjem til å innehalde ein heil del meir utstyr og apparat en tidlegare. 

Ein del av dette utstyret er fortsatt i bestilling, og er ikke forventa før om ein månads tid. Men likevel ynskjer vi å åpne for publikum allereie den 1. februar.Då blir resten av utstyret som er plasser i nyehallen på BrAa flytta tilbake til treningsrommet.

Då blir der:

  • 1 stk. knebøystativ
  • 2 stk. benkpress stativ
  • 1 stk. skierg (stakemaskin)
  • 2 stk. roerg (romaskin)
  • 1 stk. elipsemaskin
  • 2 stk. tredemølle
  • 1 stk. slynge
  • 3 stk. vektstang, der ei er vektstang for dame/ungdom (15 kg)

I tillegg kjem eit nytt kabelapparat, eit nytt beinpressapparat, eit beincurl apparat og eit kombinert nedtrekk/ro apparat.

For å nytte dette treningsrommet har vi valgt å innføre treningsavgift. Kravet er medlemsskap i Hyen Idrettslag.
Avgifta er:

  • vaksne fra om med det året ein fyller 17 år:   kr. 500,- pr.år.
  • ungdom 13 til om med 16 år:                          kr. 200,- pr.år.

Ungdom må ha følge med foreldre eller instruktør. Det er planen å få til instruksjon for ungdomsgruppa ein gong i veka.

For å kunne kunne komme i gong med treninga 1. februar må vi få inn bestilling på nøkkelbrikke.
Send bestillinga til post@hyenil.no eller SMS 47617741.
Då vil De motta ein faktura på e-post med treningsavgifta. Når den er betalt, blir nøkkelbrikka utlevert fortløpande når rommet er åpna.
Nøkkelbrikka er personleg, og SKAL ikke nyttast av andre enn eigar. Regelbrudd blir ikke tolerert, og får følger.

Grunnen til at vi valgte å innføre treningsavgift er at treningsrommet blir utstyrt med nytt kostbart utstyr som vi må forvente ein del slitasje på med påfølgande vedlikehald. I tillegg vil det bli svært avgjerande at alle viser hensyn til reglane som gjeld. Regelbrudd får følger.
Reglane blir publiserte under åpninga av treningsrommet, samt at dei blir slått opp i lokalet.

I forbindelse med åpninga vil vi ha ein kveld med "åpen hus" der folk kan komme og sjå korleis det ser ut. Dette blir annonsert i god tid før åpninga.


I tillegg vill spinningsyklane komme på plass med det aller første. Spinningrommet er nymåla og fått nytt golvbelegg, og framstår som nytt og fint på lik linje med resten av huset.


På noverande tidspunkt står vi utan løpeutstyr i lysløypa på Høgdene. Men det er berre midlertidig. Vi er i ferd med å kjøpe ei "ny" brukt trakkemaskin som forhåpentligvis vil komme på plass i løpet av nokre veker. Då får vi håpe det kan følge med litt skiføre på kjøpet.


Og så til slutt: Årsmøte i Hyen IL er tidfesta til torsdag 27. februar kl. 19:30 i samfunnshuset. Årsmøteinnkallinga kjem seinare.



0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline