Nøklar til idrettsbygget.

Postet av Hyen IL den 4. Mai 2015

Hyen Idrettslag er i den unike situasjonen at vi har tilgang til idrettsbygget sine fasilitetar på kveldstid og delvis i helgane. I og med at dette er eit skulebygg som ligg inn under Hyen Skule, er vi avhengige av velvilje og tillit frå dei ansvarlege ved skulen.

Denne velviljen og tilliten må vi alle være med på å jobbe opp i form av respekt for idrettsbygget og utstyret vi brukar. Det bør det ikkje være noko tvil om.

Vi har det siste året hatt nokre tilfeller med at dører og glas har stått åpe når reinhaldarar og vaktmester har kjeme om morgonen. Dett er ikkje bra. Det seier seg sjølv at det er uforsvarleg med åpne dører i eit hus med symjebasseng og vektrom.

Dei som er ansvarlege for treningane er også ansvarlege for at huset blir låst etter at aktiviteten er over for kvelden. Og der er ei utfordring.
Nøklane til huset. Hvis det gjentek seg at dører står åpne etter at idrettslaget har vore der, kjem rektor til å vurdere innsamling av nøklane.

Men det er vel ein jobb vi skulle ha gjort uansett. Kven veit kor mange nøklar idrettslaget disponerar, i tillegg til dei andre nøklane som er utdelte til personar med adgang til huset.

Styret i idrettslaget ynskjer egentleg at ALLE som ikkje er treningsansvarlege, men likevel har nøkkel til huset, leverar desse inn. Dette er truleg nøkkel nr. 5. Vi har ansvarlege for treningar som faktisk ikkje har nøkkel, men må låne med andre. Dette går ikkje.

Ut i frå det vi har opplysningar om skal det være rikeleg med nøklar til alle som er ansvarlege for aktivitetar i huset.

Målet vårt må være at vi kan få ein fullstendig oversikt over nøklane som idrettslaget disponerar.
Derfor er oppfordringa vår at de som har nøkkel som de egentleg ikkje har bruk for, eller finn ein nøkkel som de ikkje har visst om, levèr den inn til nokon av oss i styret eller direkte til skulen.











Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.