Informasjon

Postet av Hyen IL den 8. Okt 2015


HIL aktivitet 15-16.pdf Dette er linken til aktivitetsplanen for vinteren 2015-2016.
Det er ingen store forandringar, men bassenget er foreløpig stengt på ubestemt tid.
Vi håpar at så mange som mogeleg nyttar seg av tilbudet vårt.
Skulle det være noko som ikkje passar eller andre behov for aktivitet, så er det berre å ta kontakt slik at vi kan prøve å ordne det.

Mandag 12/10 blir låsane på ytterdørene i gymbygget skifta. Det betyr at alle som har behov for nøkkel gjennom trenar/leiar/reinhald i idrettslaget sin regi, vil få utdelt nøkkel som vedkommande må kvittere for. Ta kontakt med styret hvis noko er uklart. Vi tenkjer at på mandag frå kl. 19.00 og utover prøve vi å få ut ein del nøklar. Gjer vel å møt opp då hvis det høver for dykk som må ha nøkkel.

Det vil i haust bli prøvd ut ei ny ordning med låsing av vektrom/spinningrom. Vi vil montere opp ein magnetlås som må betjenast av mobiltelefon. På den måten kan idrettslaget styre trafikken inn til desse romma ved å gje tilgang til kvar enkelt ved bruk av vedkommande sitt mobilnummer. Hvis dette er vellukka, kan vi kanskje bruke det på ytterdøra også. Men det er det skulen som må godkjenne.

Idrettsbasaren blir i år søndag den 15. november.










Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.