NY DATO!!! IDRETTSBASAR FREDAG 11.NOVEMBER

Postet av Hyen IL den 18. Okt 2022


Idrettsbasaren til Hyen Idrettslag et UTSETT til fredag 11. november kl. 17:30.

Det blir ein litt ny vri på basaren. Aktivitetane for dei yngste startar allereie kl. 17:30 med pilkast og tombola, og kanskje nokre nye aktivitetar.
Vi startar også salg av pølser, brus og kaffi til alle som møter så tidleg.

Den tradisjonelle basardelen startar ca kl. 19:00 med lynutlodding og dei andre aktivitetane.

Etter den gode erfaringa frå i fjor med å bruke ein fredagskveld meinar vi at det er vel verd eit forsøk til.

Ta godt i mot loddselgarane som kjem rundt i bygda med dei tradisjonelle loddbøkene.

Er det nokon som ynskjer å bidra med gevinstar, kan de henvende dykk til Judit Aa, tlf. 996 95 298

Møt opp på denne dugnaden for det frivillige arbeidet til Hyen IL.



Dugnad

Postet av Hyen IL den 20. Apr 2022

Det vårast, og ting dukka opp etter vinteren. I den forbindelse kjem vi til å samlast på idrettsplassen i kveld kl. 18:00 og utover for å sjå kva som skal gjerast av reingjering og vedlikehold.
I år kjem kommunen inn for å vaske kunststoffdekke på løpebane i forbindelse med ryddeaksjon før 17. mai. Hvis denne vaskeoperasjonen ikkje er tilstrekkeleg, vil det komme eit spesialfirma å gjere jobben grundigare i forbindelse med opprusting av Byrkjelo Stadion.
Men der er ein del vedlikehold og reparasjonar som må til.
Derfor er det fritt fram for alle som ynskjer å møte opp i kveld. Det er ryddearbeid både i redskapslager og stemnekontor.
Når det gjeld fotballbana så har fotballgruppa gjort ein flott jobb med reparasjonar av ballnett, mål og slådding av bane.
Vh styret HIL


ÅRSMØTE FOR 2021.

Postet av Hyen IL den 13. Mar 2022

Til medlemmane i Hyen Idrettslag.                                

Innkalling til årsmøte i Hyen Idrettslag

Styret i Hyen Idrettslag innkaller herved til årsmøte torsdag den 31. mars kl. 19:30 i Hyen Samfunnshus.

SAKLISTE ÅRSMØTE HYEN IDRETTSLAG. 

Årsmøtet i Hyen Samfunnshus torsdag 31. mars 2022 kl. 19:30 

  1. Åpning
  2. Godkjenning av innkalling, sakliste og møtereglar 
  3. Valg av møteleiar, referent, og to personar til underskriving av møteprotokoll 
  4. Godkjenning av årsmelding frå styret og gruppene 
  5. Godkjenning av rekneskap 
  6. Drøfte medlemskontigenten 
  7. Budsjett for 2020 
  8. Saker frå styret og medlemmane 
  9. Val

For å ha stemmerett må medlem ha fylt 15 år, har vore medlem av idrettslaget i minst ein månad, og ha betalt kontingenten. Medlemmar under 15 år har møte- og forslagsrett. For meir informasjon om stemmerett, valgbarhet, forslagsrett mv., sjå idrettslagets lov § 5 til § 8.

NB. Leiar i valnemnda er Sølvi Sæther, tlf. 477 55 440. Frist for saker til valgnemnda er 20. mars.


Velkommen til årsmøte!

Med vennleg helsing

styret




INNBYDING TIL HYESPRINTEN 12. MARS

Postet av Hyen IL den 7. Mar 2022

Hyen IL inviterer til Hyesprinten laurdag 12. mars på i lysløypa på Høgdene ved i Hyen. Rennet går i klassisk stil, og rennstart er kl 13.00. https://goo.gl/maps/t7N2b8BCma8mxB91A

Påmeldingsfrist fredag 11. mars. Påmelding på vanleg måte ved å gå inn på Hyesprinten på terminlista til Sogn og Fjordane Skikrins, Arrangement (skiforbundet.no)

 evt direkte til Erik Ommedal er-om@online.no eller tlf 99046021.

Klassar og distansar:

G 7 år og yngre   1,5 km

J 7 år og yngre    1,5 km

G8                   1,5 km

J8                     1,5 km

G9                   1,5 km

J9                     1,5 km

G10                  1,5 km

J10                   1,5 km

G11                  2 km

J11                   2 km

G12                  2 km

J12                   2 km

G13                  3 km

J13                   3 km

G14                  3 km

J14                   3 km

G15                  5 km

J15                   5 km

G16                  5 km

J16                   5 km

M17                 10 km

K17                  5 km

M18                 10 km

K18                  5 km

M19/20            10 km

K19/20             5 km

Menn senior     10 km

Menn veteran  10 km

K senior            10 km

K veteran         10 km

 

Startkontingent

 t.o.m. 3 km      100,- kr

5 km                115,- kr

10 km              130,- kr

Kontonummer: 3710.30.53235

 

Premiering: 

t.o.m. 16 år: 100 % premiering

17 år og eldre: inntil 50 % premiering