Seinsommarhelsing frå Jon Rolf
Postet av Hyen IL den 29. aug 2026
I skrivande stund er eg på høgdeopphald i Font-Romeu i dei franske Pyreneane. Med under tre månader igjen til skisesongen startar, tenkte eg det passa fint å kome med ei lita oppdatering på korleis treninga og førebuingane går.

Font-Romeu er ein stad eg har vore fleire gonger tidlegare, og eg har gode erfaringar herfrå. Staden ligg heilt på grensa til Spania og Andorra, og forholda ligg svært godt til rette for trening. Her finn vi både rulleskiløype og mange mindre vegar med lite trafikk, noko som gjer det enkelt å få gjennomført gode og varierte økter.
Med meg på høgdesamlinga har eg min gode venn og skiskyttar Simon Hjelmeset Kirkeeide. På eit lengre opphald som dette er det svært verdifullt å ha nokon å reise og trene saman med. Målet med opphaldet er å få gjennomført ein god treningsperiode og få best mogleg utbytte av høgdetreninga fram mot vinteren.
Etter fleire år der skadar og avbrekk har gjort det vanskeleg å få den kontinuiteten eg ønskjer, kjenner eg no at eg er på gang igjen. Det er også ei stund sidan sist eg hadde høve til å gjennomføre eit skikkeleg høgdeopphald, og derfor kjennest det ekstra motiverande å vere tilbake i Font-Romeu. Kroppen responderer godt på treninga.
Målet for vinteren er å kome tilbake i godt gammalt slag. Planen er også å gjennomføre endå eit høgdeopphald før sesongstart.
Ei ekstra stor takk går som alltid til samarbeidspartnarane mine, som er med på å gjere satsinga mogleg. Eg set stor pris på tilliten og støtta de viser meg, og håpar vi kan få mykje å glede oss over gjennom vinteren.
Tusen takk til:
Sporten Beitostølen
AOH-Stiftelsen
Nordfjord Laks
Hyen IL
Maskinentreprenør Torleiv Straume
Larstunet
Langrennshelsing
Jon Rolf Skamo Hope
Innkalling til ekstraordinært årsmøte i idrettslaget torsdag 13.08 kl 18.30 i Samfunnshuset
Postet av Hyen IL den 9. aug 2026
Styret kallar inn til ekstraordinært årsmøte for å handsame om Hyen Idrettslag skal melde seg inn i Norges Vektløfterforbund.
Betalande medlemmer over 15 år, har rett til å stemme.
Agenda:
Godkjenning av innkalling, sakliste og møtereglar
Val av møteleiar, referent og to til å skrive under møteprotokoll
Handsame sak: Innmelding av Hyen Idrettslag i Norges Vektløfterforbund
Vel møtt!
Skriv frå Jon Rolf
Postet av Hyen IL den 8. jun 2026
Eg er no i gang med oppkøyringa til ein ny skisesong. Bak meg ligg ein variert og innhaldsrik vår som har gjeve meg mykje energi. Det har vore svært kjekt å kombinere vestlandsturar med Breimstafetten, løpskarusell saman med unge og lovande utøvarar i Hyen IL, og ikkje minst å få kome innom Hyen skule og fortelje ungdomsskuleelevar litt om kvardagen som toppidrettsutøvar.
Det å kunne gje litt tilbake til Hyen IL, inspirere yngre utøvarar og vise at ein kan satse langsiktig sjølv om ein kjem frå ei lita bygd, det betyr mykje for meg. Toppidrett handlar om å prestere, men også om å bruke erfaringane sine til noko meir.
Årets skisesongen vart ein sesong med mykje læring. Etter fleire år med motgang og ein kropp som ikkje alltid har svart slik eg har ønskt, måtte eg ta grep. Med lågare totalbelastning fekk eg etter kvart meir overskot, og siste del av sesongen vart den beste perioden eg har hatt på lenge. I mars gjekk eg mitt beste skirenn på over to år, med 12. plass i Norgescupen på Skeikampen. I tillegg hadde eg eit par topp 20-plasseringar i Skandinavisk Cup. Det er ikkje der eg har ambisjonar om å vere, men det var heilt klart eit viktig steg i rett retning. Motgangen har ikkje teke frå meg trua, og eg er motivert for å ta fatt på oppkøyringa til ein ny sesong.
Inn mot kommande sesong tek eg med meg det som fungerte best i fjor. Saman med trenaren min, Geir Endre Rogn skal vi samen ha god kontroll på belastninga, slik at eg unngår store skadeavbrekk som eg har hatt dei siste åra. Eg trivst godt med denne måten å jobbe på, fordi han gjev rom for å tilpasse opplegget etter korleis kroppen responderer der målet heile vegen er å skape kontinuitet, og ha det artig på vegen mot målet.
Til slutt vil eg seie tusen takk til alle som støttar opp om satsinga mi. Det betyr mykje å oppleve at så mange set pris på å følgje reisa mi i skisporet. Den støtta, anten ho kjem frå familie, vener, klubb, samarbeidspartnarar eller folk i bygda, gjev motivasjon til å halde fram med jobben kvar einaste dag.

Ei ekstra stor takk går til samarbeidspartnarane mine, som har vore med og gjort satsinga mogleg denne sesongen. Eg ønskjer alle ein riktig god sommar.
Tusen takk til:
Sporten Beitostølen
AOH- Stiftelsen
Nordfjord Laks
Hyen IL
Maskin entreprenør Torleiv Straume
Larstunet
Årsmelding for Hyen Idrettslag 2025 er no klar.
Postet av Hyen IL den 19. feb 2026
Her finn de den samla årsmeldinga for Hyen Idrettslag 2025.
Vi minner også om årsmøtet torsdag 26. februar 2026 kl 19:30 i Samfunnshuset :-)
