Påskebrev frå Jon Rolf

Postet av Hyen IL den 17. Apr 2025

 Lesarbrev – Skisesongen 2024/25 

 

Et bilde som inneholder utendørs, skisport, snø, personKI-generert innhold kan være feil.Hei alle sponsorar og bygdefolk! Eg vil gjerne dele nokre tankar om årets skisesong og vegen vidare.

 

Etter ein tung start på fjorårets sesong, merka eg allereie i starten av desember at noko ikkje stemde under renn. Muskulaturen stivna raskt, og eg fekk smerter i mage- og brystregionen når eg pressa meg under skirenn. Etter fleire runder med fagfolk, viste det seg – ved hjelp av ultralyd – at psoas major-muskelen var overbelasta og skadd.  

Eg vart derfor tvungen til å ta det roleg i eit par månader, og måtte halde meg unna hard trening. Fokus blei fort snudd frå å skulle prestere på topp, til å bli heilt skadefri. Men eg skal vere ærleg: To månader med redusert trening set kven som helst tilbake, også ein toppidrettsutøvar. I slutten av februar stod eg igjen på startstreken, men resultata uteblei.  

Det har vore ein spesiell vinter med få renn for min del, men eg fekk likevel nokre oppturar mot slutten av sesongen. Blant anna med ein 3. plass i Skøytebirken og 13. plass i Engadin Skimaraton i Sveits. Det gav meg ny motivasjon.  

Eg ser tilbake på ein av dei svakaste sesongane eg har hatt, og det gjer at eg har brukt den siste tida godt. Eg er framleis svært motivert, og kjenner at eg ikkje er klar for å legge skia på hylla heilt enno. Men for å lukkast, treng eg ei endring – både i trening, og i strukturen rundt satsinga mi.  

Difor har eg bestemt meg for å gjere ei større omlegging. Eit viktig grep er å gå tilbake tiltrenaren eg hadde som junior: Geir Endre Rogn. Han var trenaren min i fire år, og vi oppnådde svært gode resultat saman. Geir Endre har òg vore landslagstrenar for det norske kvinnelandslaget i langrenn.  

For å få til dette, må eg også stå utanfor forbundslaget Elon vest. Dei har strenge reglar når det gjeld bruk av eigne trenarar. Valet var difor enkelt: Eg vil satse åleine og halde fram med å representere Hyen IL.  

Denne endringa vil gjere meg godt. Eg får større fridom til å styre kvardagen og bygge meg opp igjen gradvis. I tillegg får eg no høve til å synleggjere mine eigne sponsorar på ein betre måte – både under skirenn som vert sende på TV, og i kvardagen gjennom treningsklede og sosiale medium. Eg ønskjer å vere ein god ambassadør for dei som vel å støtte meg, og håpar at så mange som mogleg av dykk vil vere med på laget vidare. 

Det vart eit langt lesarbrev denne gongen, men eg håpar de set pris på ei oppdatering og mine tankar om vegen vidare. Det kjem fleire oppdateringar utover våren og sommaren om korleis det går.  

Eg ønskjer alle ei riktig god påske!  

 



1 Kommentar

Oppdatering frå Jon Rolf før ny skisesong

Postet av Hyen IL den 1. Nov 2024

Lesarbrev oktober 2024

Skisesongen nærmar seg med stormskritt, derfor vil eg gi dykk ei oppdatering på formen. Årets sesong er ekstra spesiell med eit verdens mesterskap i Granåsen. For fyrste gong har eg muligheten til å kvalifisere meg til eit VM på heimebane. Sjølv om det på ingen måte er lett, er det ikkje umogeleg. Dette har vore ein stor motivasjon i treningsarbeidet i sommar og haust.

Akkurat no har eg fokus på dei siste forberedelsane før eg får ski på beina i starten av november. I forrige lesarbrevet fortalte eg om det flotte høgdeopplegget eg og laget mitt skulle gjennomføre før sesongen. For min del har det vorte endringar i den opprinnelege planen. Eg fekk ikkje heilt dei resultata eg hadde håpa på i konkurransane under Toppidrettsveka i august. Etter erfaringane frå dette, bestemte eg meg for å prioritere annleis fram mot sesongstart. Eg beslutta derfor å droppe høgdeopphalda i september og oktober.

Etter at eg valde å ikkje reise til høgda i haust, har treningskvardagen min fått ei heilt annan ro. Allerede etter eit par veker begynte kroppen å svare positivt, og den fungerar betre enn eg hadde førestilt meg. Det har vore ei god kjensle å kjenne på, spesielt no som sesongstarten nærmer seg.

  • Beitosprinten      22.11 – 24.11 (sesongåpning)               
  • Gålåsprinten       29.11 – 01.12 (norgescup)
  • Lillehammer       06.12 – 08.12 (verdenscup)
  • Lillehammer       13.12 – 15.12 (skandinavisk cup)

 

Eg har laga ei oversikt over dei viktigaste skirenna før jul. Også i år kan ein sjå norgescuprenn på vgtv dersom ein ynskjer å følgje med på nasjonale skirenn. Det store målet mitt før jul er å kvalifisere meg til verdenscupen på Lillehammer, der kan Norge stille med 12 løparar per distanse på grunn av nasjonal kvote.

 

Eg vil igjen rette ei stor takk til mine trufaste sponsorar. Dykk er heilt avgjerande for å kunne drive med toppidrett på dette nivået, og eg er takksam for støtta dykk har gitt meg. Utan dykk ville det vore langt vanskelegare å nå måla mine.

 

 

Takk til:

  • AOH - stiftelsen
  • Hyen Fisk
  • Nordfjord Laks
  • Hyen IL 
  • Maskinentreprenør Torleiv Straume
  • Sporten Beitostølen
  • Toyota Førde

 


Langrennshelsing frå Jon Rolf

 

 




Sommar-lesarbrev frå Jon Rolf

Postet av Hyen IL den 6. Jul 2023

Hei og god sommar!

 Eg er i starten av ein ny treningssesong og i den forbindelse har eg lyst til å fortelje korleis statusen min er.

 Eg har lagt bak meg to tunge år på Rekruttlandslaget med mykje problem. På grunn av manglande resultat, mista eg plassen der i vår. Eg fekk nokre tilbod frå private lag etter vrakinga, der det sportslige opplegget og oppfylginga er minst like bra  som på eit landslag om ikkje betre. Men det økonomiske er ringare, sjølvsagt. Valet  fall til slutt på Team Elon vest. Dette var det laget som gjorde at eg kom inn på Rekruttlandslaget for to år sidan, noko som gjev ei god kjensle på at det var det rette valet. Vi er ein gjeng på 11, ni gutar og to jenter, pluss ein veldig god trenar. Vi skal faktisk ha ei veke treningssamling på Sandane i byrjinga av juli. Eg gledar meg til å vise fram heimkommunen og treningsfasilitetane vi har i Gloppen, med Fjordium i spissen.

I slutten av  juni kjennar eg på at ting har fungert mykje betre enn på fleire år. Eg har gått tilbake til det trygge opplegget som fungerte for 3 år sidan, og har mykje meir glede av å vere på tur og trene igjen med det nye laget.

 Mykje av grunnen til at kroppen byrjar å fungere igjen, er takket vere svensken Michael Jansson som eg kom i kontakt med. vi har saman jobba for å finne metodar og treningsøvingar som gjer at skadene har forsvunne og som har gjort meg skadefri. Michael Jansson hjelpte også Anders Södergreen under VM i 2007, du kan lese artikkelen her:

https://www.aftonbladet.se/sportbladet/a/5V36wO/sodergrens-guldvapen-7-000-kronor-och-lasermannen.

 

Eg vil avslutte med å takke dykk for støtta, noko som betyr spesielt mykje no når eg er på eit privat lag. God sommar til dykk alle!

 

Langrennshelsing frå Jon Rolf




INNBYDING TIL HYESPRINTEN 12. MARS

Postet av Hyen IL den 7. Mar 2022

Hyen IL inviterer til Hyesprinten laurdag 12. mars på i lysløypa på Høgdene ved i Hyen. Rennet går i klassisk stil, og rennstart er kl 13.00. https://goo.gl/maps/t7N2b8BCma8mxB91A

Påmeldingsfrist fredag 11. mars. Påmelding på vanleg måte ved å gå inn på Hyesprinten på terminlista til Sogn og Fjordane Skikrins, Arrangement (skiforbundet.no)

 evt direkte til Erik Ommedal er-om@online.no eller tlf 99046021.

Klassar og distansar:

G 7 år og yngre   1,5 km

J 7 år og yngre    1,5 km

G8                   1,5 km

J8                     1,5 km

G9                   1,5 km

J9                     1,5 km

G10                  1,5 km

J10                   1,5 km

G11                  2 km

J11                   2 km

G12                  2 km

J12                   2 km

G13                  3 km

J13                   3 km

G14                  3 km

J14                   3 km

G15                  5 km

J15                   5 km

G16                  5 km

J16                   5 km

M17                 10 km

K17                  5 km

M18                 10 km

K18                  5 km

M19/20            10 km

K19/20             5 km

Menn senior     10 km

Menn veteran  10 km

K senior            10 km

K veteran         10 km

 

Startkontingent

 t.o.m. 3 km      100,- kr

5 km                115,- kr

10 km              130,- kr

Kontonummer: 3710.30.53235

 

Premiering: 

t.o.m. 16 år: 100 % premiering

17 år og eldre: inntil 50 % premiering