OLSOKLØPET 2017.
Postet av Hyen IL den 24. Jul 2017
Då er det snart Olsok og Olsokløpet ser ut til å bli ein tradisjon. Det blir arrangert i samarbeid med grunneigarane i Ommedal.
I år går det av stabelen fredag 28. juli.
Vi åpnar for turklassa klokka 18.30. Registrering når ein startar ved bompengebua i Ommedal. Konkurranseklassa startar kl. 19.30 presis. Møt opp i god tid før start.
Startkontigent kr. 50,- for alle tur-og konkurransedeltakarar.
Parkering langs med første delen av stølsvegen, ellers på tilgjengelege plassar inne i Ommedalen. Det er også mogeleg å køyre til Ommedalsstøylen med proviant og tørre klær.
Premieutdeling etter løpet, så vi håpar flest mogeleg tek seg tid til å stoppe igjen.
Der blir salg av rømaske, kaffi og kaker, og tilgang til grillar for dei som ynskjer å stogge igjen.
Løypa er 3100 meter, og går på Gamlesætravegen som går frå Fv 691 i Ommedal til Ommedalsstøylen. Start ligg på 35 moh, og målgang blir inne på støylstunet 550 moh. Høgaste punktet er Ormehaugen berre 100 m før mål, der er det 555 moh.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.