Idrettsglede og gode resultat under ENGIE-leikane i Florø 17.03.2018
Postet av Hyen IL den 21. Mar 2018

Foto: Torunn Ommedal Aandstad. Frå venstre: Evalill Ommedal Aa, David Eimhjellen, Johanna Akse, Odin Rønnekleiv Oppheim, Brynhild Ommedal og Ida Kristine Rønnekleiv
Idrettsglede og gode resultat under ENGIE-leikane i Florø 17.03.2018
Med mange debutantar var det idrettsglede og meistring som stod i fokus då 18 born frå Hyen Idrettslag deltok på innandørsstemne i Florø i helga. Hyarane markerte seg likevel med gode resultat og vann mellom anna bestemannspremien i hoppøvingane i guteklassa.
Store deltaking
Med 18 deltakare var det berre Førde IL og arrangørklubben, Florø Turn og Idrettsforening, som hadde fleire deltakar enn Hyen IL under stemnet i Florø Idrettssenter. Det er ikkje anna enn imponerande og svært gledeleg etter mange år med mager deltaking på friidrettsstemne rundt i fylket. Gledeleg var det også at veldig mange foreldre var med til Florø. Engasjerte foreldre er viktig for få borna med på stemner.
Følgjande var med frå Hyen:
Deltakar | Klasse | Øvingar |
David Eimhjellen | G8 | 60m, Lengde |
Odin Rønnekleiv Oppheim | G8 | 60m, Lengde |
Sander Hope | G9 | 60m, Lengde |
Alfred Aa Hope | G9 | 60m, Lengde |
Marte Ommedal | J9 | 60m, Lengde |
Sofie Aa Hope | J10 | 60m, Lengde |
Simon Ommedal | G10 | 60m, Lengde |
Nikolai Sårheim Ommedal | G11 | Kule |
Håkon Holme | G11 | 60m, Lengde |
Johanna Akse | J11 | 60m, Lengde, 200m |
Brynhild Ommedal | J11 | 60m, Lengde, Kule |
August Aa-Berge | G12 | 60m, Lengde |
Ida Kristine Rønnekleiv | J12 | 60m, Lengde, Kule |
Evalill Ommedal Aa | J12 | 60m, Lengde, Høgde |
Malin Sofie Rønnekleiv | J13 | 60m, Lengde, Kule |
Magnus Mjellem Vesterås | G13 | Kule |
Kristine Ommedal | J13 | 60m, Lengde, Kule |
Karine Ommedal | J14 | 60m, Lengde, Kule |
Gode resultat og plasseringar

Sjølv om mange av deltakarane hadde avgrensa erfaring frå slike stemner kom ikkje dette til
uttrykk i resultatlistene. Utøvarane frå Hyen var på pallen og vann i fleire øvingar. Det er likevel gledeleg at fokuset i større grad er på resultat enn på plasseringane. Veldig mange er kjent med sine bestenoteringar og har stor glede av ein «pers». Og «persing» var det mykje av. Ein kjapp kikk på resultatlistene frå Sparebankleikane i 2017 og seriestemner i Hyen viser at det er god framgang. Dette håpar vi inspirera til meir trening.
For komplette resultatlister sjå link.
Bestemannspremie

Ein av dei som verkeleg markerte seg med gode resultat – ikkje berre av Hyarane – var August Aa-Berge. Han vann 60m i G12 på 8,85. Dette gjev 878 poeng etter Tyrvingtabellen. Enda meir imponerande var likevel resultat han oppnådde i lengde. 4,40 gjev 890 poeng. Høgare poengsum var det ingen andre gutar som oppnådde i hoppøvingane. August fekk dermed bestemannspremien for beste gut i hoppøvingane. Imponerande.
Hyen IL håpar pokalen har fått ei sentral plassering i heimen på Aa.
Friidrettssesongen
Vi håpar at deltakinga gav meirsmak – både for utøvarar og foreldre. Friidrettssesongen er berre nett starta, og vi satsar på god deltaking og engasjement også når idretten no flyttar ut. Fyrste ut er terrengstafettane, medan banesesong fyrst startar i slutten av mai.
Viktig datoar denne sesongen er:
Oldenstafetten à 22.04.
Breimstafetten à 29.04.
Gloppemeisterskap à 24.05.
Honndalsleikane à 26.05.
Sparebankleikane à 08.-10.06.
Det berre å halde av datoane og legge seg i hardtrening.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.