OLSOKLØPET 2021.

Postet av Hyen IL den 18. Jul 2021

I forbindelse med ei forenkla Friluftshelg vil vi i år invitere til Olsokløpet mandag 19. juli kl. 18:00.

Det føregår i Ommedal i Hyen. Start ved bompengebua til Gamlesætravegen, 35 m.o.h. som fører til Ommedalsstøylen, 555 m.o.h. Vegen er ca. 3,1 km, og har stort sett jamn stigning heile vegen.

Turgåarane kan komme å starte frå kl. 18:00 og utover. Tanken er at flest mogeleg er komne på støylen når konkurranseløparane kjem.

Konkurranseklassa starta når vi er klar til det, mellom kl. 19:00 og 19:15.

Alle som vil kan delta. Vi har delt opp i få klassar.

  • Jenter og gutar til og med 16 år.
  • Kvinner og menn 17 år og eldre.

Vi har valgt å ta kr. 50,- i startpengar for alle, både turgåarar og konkurranse. Det kan betalast på vipps til #513040, Hyen Idrettslag. Betal gjerne før De kjem, det vil då gjelde som påmelding. P.g.a. koronareglane må vi ha namn og telefonnummer på alle som er med. Det får vi når ein betalar startpengane på vipps.

For dei som ynskjer å køyre til støylen med tørre kle til deltakarane, så er det bomveg opp dit. Info om det står i bompengebua, og det også bør betalast med vipps. 

På grunn av koronasituasjonen har vi valgt å ikkje ha premiering. Vi håpar De har forståelse for det, dei aller fleste trur vi deltek for konkurransen sin del. Av samme grunn har vi valgt å ikkje ha servering på støylen, men drikkevatn er der rikeleg i elva. 



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.