NY DATO!!! IDRETTSBASAR FREDAG 11.NOVEMBER

Postet av Hyen IL den 18. Okt 2022


Idrettsbasaren til Hyen Idrettslag et UTSETT til fredag 11. november kl. 17:30.

Det blir ein litt ny vri på basaren. Aktivitetane for dei yngste startar allereie kl. 17:30 med pilkast og tombola, og kanskje nokre nye aktivitetar.
Vi startar også salg av pølser, brus og kaffi til alle som møter så tidleg.

Den tradisjonelle basardelen startar ca kl. 19:00 med lynutlodding og dei andre aktivitetane.

Etter den gode erfaringa frå i fjor med å bruke ein fredagskveld meinar vi at det er vel verd eit forsøk til.

Ta godt i mot loddselgarane som kjem rundt i bygda med dei tradisjonelle loddbøkene.

Er det nokon som ynskjer å bidra med gevinstar, kan de henvende dykk til Judit Aa, tlf. 996 95 298

Møt opp på denne dugnaden for det frivillige arbeidet til Hyen IL.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.