Haustoppdatering frå Jon Rolf
Postet av Hyen IL den 24. Okt 2025
Haustoppdatering frå Jon Rolf Skamo Hope
Hei alle samarbeidspartnarar!
Om under ein månad startar ein ny skisesong på Beitostølen, og eg vil nytte høvet til å sende ei lita oppdatering før det brakar laus.
I år har vegen fram mot sesongopninga vore litt annleis enn tidlegare. For første gong på om lag ti år har eg stått utanfor både landslag og privatlag. Det har gitt meg meir fridom og høve til å styre kvardagen og treninga på ein heilt ny måte. Samstundes har eg ikkje vore heilt åleine. Som mange kanskje hugsar, har eg funne tilbake til den gamle trenaren min, som eg hadde frå eg var 16 til 20 år gammal. Saman har vi fått orden på skadar og lagt om treninga ein god del. Det har vore inspirerande, og eg kjenner at kroppen responderer svært godt.
I skrivande stund oppheld eg meg på den spanske austkysten, nærmare bestemt i Dénia på Costa Blanca. Her legg eg ned dei siste barmarksøktene før vinteren kjem. Området er kjent for å vere base for mange profesjonelle syklistar. Det er ein perfekt stad for rulleski, springing og mengdetrening. Kombinert med 20 varmegrader og solrike dagar er det store kontrastar til Noreg på denne tida av året.
Samtidig vil eg ynskje Larstunet.no velkomen på laget! Det er veldig kjekt å ha med ei ny lokal bedrift som ynskjer å støtte opp om satsinga mi. Eg set stor pris på at fleire frå heimbygda har lyst å vere med.
Det skal ikkje stå på førebuinga og tilrettelegginga denne sesongen. Eg må også rette ei stor takk til foreldra mine og alle samarbeidspartnarane mine, som gjer det mogleg å gjennomføre slike førebuingar. Det trur eg er heilt avgjerande for å ta nye steg som utøvar og gjere den vesle forskjellen inn mot sesongopninga.
Eg står på startstreken på Beitostølen 22. og 23. november. Eg gler meg til å kome i gang.
Takk til:
- AOH-stiftinga
- Hyen Fisk
- Nordfjord Laks
- Hyen IL
- Maskinentreprenør Torleiv Straume
- Sporten Beitostølen
- Larstunet
Langrennshelsing frå
Jon Rolf Skamo Hope
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.