Skriv frå Jon Rolf

Postet av Hyen IL den 8. jun 2026

Eg er no i gang med oppkøyringa til ein ny skisesong. Bak meg ligg ein variert og innhaldsrik vår som har gjeve meg mykje energi. Det har vore svært kjekt å kombinere vestlandsturar med Breimstafetten, løpskarusell saman med unge og lovande utøvarar i Hyen IL, og ikkje minst å få kome innom Hyen skule og fortelje ungdomsskuleelevar litt om kvardagen som toppidrettsutøvar. 

 

Det å kunne gje litt tilbake til  Hyen IL, inspirere yngre utøvarar og vise at ein kan satse langsiktig sjølv om ein kjem frå ei lita bygd, det betyr mykje for meg. Toppidrett handlar om å prestere, men også om å bruke erfaringane sine til noko meir.

 

Årets skisesongen vart ein sesong med mykje læring. Etter fleire år med motgang og ein kropp som ikkje alltid har svart slik eg har ønskt, måtte eg ta grep. Med lågare totalbelastning fekk eg etter kvart meir overskot, og siste del av sesongen vart den beste perioden eg har hatt på lenge. I mars gjekk eg mitt beste skirenn på over to år, med 12. plass i Norgescupen på Skeikampen. I tillegg hadde eg eit par topp 20-plasseringar i Skandinavisk Cup. Det er ikkje der eg har ambisjonar om å vere, men det var heilt klart eit viktig steg i rett retning. Motgangen har ikkje teke frå meg trua, og eg er motivert for å ta fatt på oppkøyringa til ein ny sesong. 

 

Inn mot kommande sesong tek eg med meg det som fungerte best i fjor. Saman med trenaren min, Geir Endre Rogn skal vi samen ha god kontroll på belastninga, slik at eg unngår store skadeavbrekk som eg har hatt dei siste åra. Eg trivst godt med denne måten å jobbe på, fordi han gjev rom for å tilpasse opplegget etter korleis kroppen responderer der målet heile vegen er  å skape kontinuitet, og ha det artig på vegen mot målet. 

 

Til slutt vil eg seie tusen takk til alle som støttar opp om satsinga mi. Det betyr mykje å oppleve at så mange set pris på å følgje reisa mi i skisporet. Den støtta, anten ho kjem frå familie, vener, klubb, samarbeidspartnarar eller folk i bygda, gjev motivasjon til å halde fram med jobben kvar einaste dag.

Et bilde som inneholder person, utendørs, himmel, gressAutomatisk generert beskrivelse

 

Ei ekstra stor takk går til samarbeidspartnarane mine, som har vore med og gjort satsinga mogleg denne sesongen. Eg ønskjer alle ein riktig god sommar.

 

Tusen takk til: 

Sporten Beitostølen

AOH- Stiftelsen

Nordfjord Laks

Hyen IL

Maskin entreprenør Torleiv Straume

Larstunet


Logg inn for å skrive en kommentar.