Resultatiste frå det nasjonale friidrettsstevne onsdag 24. juli

Postet av Hyen IL den 24. Jul 2019

Så er endå eit friidrettsstevne avvikla på Idrettsplassen og i Vikja. Det tradisjonelle Nasjonale stemnet som har vore med som ein del av Friluftshelga i Hyen.

Dessverre er deltakinga litt for dårleg, som arrangør med så mange kjempegode funksjonærar kunne vi nok handtert adskilleg fleire deltakarar. Men vi er likevel glade for dei som kjem å deltek hos oss.

I eit fantastisk veir, til tider nesten rikeleg varmt, gjekk arrangementet smertefritt med allsidig idrett og til dels gode resultat.

Her er resultatlista: Resultatliste Nasjonalt stemne 2019.pdf




Nasjonalt stemne 2019.

Postet av Hyen IL den 24. Jul 2019

Det nasjonale friidrettsstemne startar opp allereie i dag kl. 16.00 med slegge og diskos på kastanlegget i Vikja. Og klokka 18:00 startar sprintøvelsane på Idrettsplassen. 

I slegge har vi med medaljevinner frå NM, Evald Osnes Devik frå Brodd/GFIL. Og i diskos har vi med NM medaljevinner Else Lundestad Fjh.Vereide/GFIL.

I tillegg kjem Eivind Øygard, som er ein av Norges beste langdistanseløparar. Han skal springe 3000 m.

Vi kan også forvente høge hopp i høgde, når vi har med ein av Norges beste 10-kjemperar, Henrik Holmberg frå Vik, som også skal være med i diskos, kule og 100 m.

Så kom å vær med på ein interresant friidrettskveld på Idrettsplassen.





Resultatliste Olsokløpet 2019

Postet av Hyen IL den 23. Jul 2019

Olsokløpet 2019 gjekk av stabelen mandag 22/7, som ei markering av oppstarten av Friluftshelga 2019.

71 betalande deltakarar, derav 22 som sprang i konkurranseklasse, tok seg opp Gamlesætravegen til Ommedalsstøylen denne kvelden.
Der blei dei tekne i mot med pølser, brød, kaker, rømmaske, kaffi og saft. Og alt dette fekk dei nyte tørt under partytelt i regnet.

Mange gode resultat med mange tider under halvtimen. Sjå resultatlista her: Olsokløpet 2019.xls 




FRILUFTSHELGA HYEN TRIATHLON 2019

Postet av Hyen IL den 16. Jul 2019

Hyen IL kan også i år tilby Triathlon-konkurranse under Friluftshelga i Hyen.

Løypa er som dei 2 føregåande år med symjing i Hopsvatnet, sykling på bilfri veg til Hope, og løpsetappe i variert terreng rundt Hyen sentrum.

Sjå vedlagte bilder.

Påmelding kan gjerast her Klikk her for å melde på

Eller du kan melde deg på ved startområdet i Vikja heilt fram til kl. 14:00 laurdag 27. juli.

Startkontigent er kr. 200,- for 13-16 år, og kr. 300,- for eldre. Startkontigent for lag er kr. 300,- for 13-16 år, og kr. 500,- for eldre.


Har de spørsmål angåande Triathlon konkurransen under Friluftshelga, ta gjerne kontakt:

Bjørn: 476 17 741
Marit: 905 34 254
Hanna: 920 41 636

Ellers vil vi prøve å oppdatere informasjonen på denne sida, ev. på facebook sida til Friluftshelga i Hyen.





Sakliste årsmøte 2019.

Postet av Hyen IL den 20. Feb 2019




SAKLISTE ÅRSMØTE HYEN IDRETTSLAG.


Årsmøtet er i lesesalen på Hyen Skule torsdag 28. februar 2018 kl. 19.30


1.Åpning

2.Godkjenning av innkalling, sakliste og møtereglar

3.Valg av møteleiar, referent, og to personar til underskriving av møteprotokoll

4.Godkjenning av årsmelding frå styret og gruppene

5.Godkjenning av rekneskap

6.Drøfte medlemskontigenten

7.Budsjett for 2019

8.Saker frå styret og medlemmane

9.Val



Det er ikkje komne inn saker til styret innan fristen, men desse sakene blir tekne opp som diskusjonssaker:


8.1

Det er kome ynskje om å bytte ut sanden i sandvolleyballbana til skikkeleg sand. Dette har ein kostnad på kr. 50-60.000,-


8.2

Informasjon rundt trakkemaskin på Høgdene.


8.3

Korleis organisere og drifte nytt treningsrom i nyoppussa gymbygg.


8.4

Eventuelle saker som måtte kunne diskuterast.




Årsmøte 2018

Postet av Hyen IL den 1. Feb 2019

Til medlemmane i Hyen Idrettslag.

Hyen 1/2-2019

Innkalling til årsmøte i Hyen Idrettslag


Styret i Hyen Idrettslag innkaller herved til årsmøte torsdag den 28. februar kl. 19.30 i lesesalen på Hyen Skule.

Vanlege årsmøtesaker.

Saker som et medlem ynskjer å ta opp på årsmøtet, må sendast styret seinast 15. februar til post@hyenil.no.

Fullstendig sakliste med alle saksdokument vil bli gjort tilgjengeleg for medlemmane seinast 20. februar på http://hyen-il.idrettenonline.no

For å ha stemmerett må medlem ha fylt 15 år, har vore medlem av idrettslaget i minst ein månad, og ha betalt kontingenten. Medlemmar under 15 år har møte- og forslagsrett. For meir informasjon om stemmerett, valgbarhet, forslagsrett mv., sjå idrettslagets lov § 5 til § 8.

NB. Leiar i valnemnda er Solfrid Utheim Rygg, tlf. 911 85 279. Frist for saker til valgnemnda er 15. februar.


Velkommen til årsmøte!

Med vennleg helsing

styret