ÅRSMØTE 2021
Postet av Hyen IL den 8. Apr 2021
Til medlemmane i Hyen Idrettslag.
Hyen 8/4-2021
Innkalling til årsmøte i Hyen Idrettslag
Styret i Hyen Idrettslag innkaller herved til årsmøte torsdag den 22. april kl. 19:30 i Hyen Samfunnshus.
På grunn av koronasituasjonen, blir dette eit årsmøte med berre dei viktigaste årsmøtesakene.
Det blir årsmøte MED PÅMELDING. D.v.s. at ynskjer De å delta på møte, må De melde dykk på seinast ONSDAG 21/4- KL.20:00 til bjorn@stoylenegg.no elller på tlf. 476 17 741.
SAKLISTE ÅRSMØTE HYEN IDRETTSLAG.
Årsmøtet i Hyen Samfunnshus torsdag 22. april 2021 kl. 19:30
- Åpning
- Godkjenning av innkalling, sakliste og møtereglar
- Valg av møteleiar, referent, og to personar til underskriving av møteprotokoll
- Godkjenning av årsmelding frå styret og gruppene
- Godkjenning av rekneskap
- Drøfte medlemskontigenten
- Budsjett for 2020
- Saker frå styret og medlemmane
- Val
For å ha stemmerett må medlem ha fylt 15 år, har vore medlem av idrettslaget i minst ein månad, og ha betalt kontingenten. Medlemmar under 15 år har møte- og forslagsrett. For meir informasjon om stemmerett, valgbarhet, forslagsrett mv., sjå idrettslagets lov § 5 til § 8.
NB. Leiar i valnemnda er Geir Kjetil Aa Hope, tlf. 918 69 355. Frist for saker til valgnemnda er 15. april.
Velkommen til årsmøte!
Med vennleg helsing
styret
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Hyen IL
Oppdatering frå Jon Rolf før ny skisesong
01.11.2024
Ny helsing frå Jon Rolf
14.08.2024
Lesarbrev frå Jon Rolf
05.03.2024
Årsmelding for Hyen Idrettslag 2023
20.02.2024
Lesarbrev frå Jon Rolf
02.11.2023