Sommar-lesarbrev frå Jon Rolf

Postet av Hyen IL den 6. Jul 2023

Hei og god sommar!

 Eg er i starten av ein ny treningssesong og i den forbindelse har eg lyst til å fortelje korleis statusen min er.

 Eg har lagt bak meg to tunge år på Rekruttlandslaget med mykje problem. På grunn av manglande resultat, mista eg plassen der i vår. Eg fekk nokre tilbod frå private lag etter vrakinga, der det sportslige opplegget og oppfylginga er minst like bra  som på eit landslag om ikkje betre. Men det økonomiske er ringare, sjølvsagt. Valet  fall til slutt på Team Elon vest. Dette var det laget som gjorde at eg kom inn på Rekruttlandslaget for to år sidan, noko som gjev ei god kjensle på at det var det rette valet. Vi er ein gjeng på 11, ni gutar og to jenter, pluss ein veldig god trenar. Vi skal faktisk ha ei veke treningssamling på Sandane i byrjinga av juli. Eg gledar meg til å vise fram heimkommunen og treningsfasilitetane vi har i Gloppen, med Fjordium i spissen.

I slutten av  juni kjennar eg på at ting har fungert mykje betre enn på fleire år. Eg har gått tilbake til det trygge opplegget som fungerte for 3 år sidan, og har mykje meir glede av å vere på tur og trene igjen med det nye laget.

 Mykje av grunnen til at kroppen byrjar å fungere igjen, er takket vere svensken Michael Jansson som eg kom i kontakt med. vi har saman jobba for å finne metodar og treningsøvingar som gjer at skadene har forsvunne og som har gjort meg skadefri. Michael Jansson hjelpte også Anders Södergreen under VM i 2007, du kan lese artikkelen her:

https://www.aftonbladet.se/sportbladet/a/5V36wO/sodergrens-guldvapen-7-000-kronor-och-lasermannen.

 

Eg vil avslutte med å takke dykk for støtta, noko som betyr spesielt mykje no når eg er på eit privat lag. God sommar til dykk alle!

 

Langrennshelsing frå Jon Rolf


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.