September-lesarbrev frå Jon Rolf

Postet av Hyen IL den 12. Sep 2023

Hei!

 

Her kjem ei lita oppdatering frå meg. Sommaren 2023 er historie, og med det vil eg oppdatere dykk på korleis sommartreninga har vore. 

Det har vore ein innhaldsrik sommar der eg har gjort mykje, men samtidig fått trent veldig bra. I byrjinga av juli hadde Team Elon Vest treningssamling på Sandane. Fjordium la godt til rette for at vi kunne få gjennomført ei god samling. Vi rakk til og med å gå ein rulleskitur frå Sandane til Hyen, det var stor stas å få vise fram heimbygda. I slutten av juli var eg tre veker på privat treningssamling i Italia med familie.

Å vere i høgda gjer ein god treningseffekt, der får eg slappa godt av og samtidig trent mange timar. Dykkar støtte er til god hjelp for å kunne gjennomføre slike treningsopphald.

 I slutten av august reiste eg til Sverige og deltok på Alliansloppet i Trollhättan. Dette er verdens største arrangement på rulleski, Norges langsrennselite og skiløpere frå mange nasjonar deltek. Dessverre for min del hadde eg ei tung helg, noko som ikkje var heilt uventa. Kroppen kan variere mykje dei første dagane etter eit høgdeopphald. Uansett er eg fornøgd med å ha gjennomført fyrste rulleskikonkurranse på to år og eg tek med meg ein 29. plass. 

I skrivande stund er eg på samling med Team Elon Vest i svenske Torsby. Her skal vi vere nokre dagar og gå på ski i ein snøtunell, før vi avsluttar samlinga på Lillehammer. Hausten er ei hektisk tid med mange treningstimar og samlingar med teamet. Neste samling blir i slutten av september i Trysil.

 

Takk til :

  • Hyen Fisk
  • Nordfjord Laks
  • Hyen IL 
  • Maskinentreprenør Torleiv Straume
  • Sporten Beitostølen

 

Langrennshelsing frå Jon Rolf.

 

 



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.