Lesarbrev frå Jon Rolf

Postet av Hyen IL den 2. Nov 2023

Lesarbrev frå Font- Romeu 

Skisesongen nærmar seg med stormskritt, og om knappe tre veker starter sesongen på Beitostølen. I dette lesarbrevet vil eg gje dykk ei oppdatering på stoda akkurat no.

I skrivande stund er eg i Sør-Frankrike, nærare bestemt Font-Romeu.


















Planen er å vere her i tre veker. Font-Romeu ligg på imponerande 1800 meter høgd og er ein ideell stad for høgdetrening og idrettsutvikling. Kombinasjonen av høgda og det varme klimaet gjer det perfekt for meg å vere her og gjennomføre gode treningsøkter. Særleg på denne tida av året då forholda heime i Noreg vere kan ganske variabel. 

Eg vil kort forklare kvifor eg velje å vere her i 3 veker. I høgda blir oksygeninnholdet i lufta redusert, noko som tvingar kroppen min til å arbeide hardare for å få nok oksygen til musklane. Dette fører til auka produksjon av røde blodceller, som igjen fører til forbetra yteevne og utholdenhet. Per dagens dato kan eg med glede seie at eg har lagt ned utrulig mykje god trening i løpet av hausten, og kroppen har svart positivt. Eg har klart å halde meg til planen. Einaste hindring har vore 4 sjukedagar i starten av opphaldet mitt her i Font- Romeu, men utanom det har alt gått utruleg bra. No ser eg fram til å bytte ut rulleski med ski.

  • Beitosprinten        17-19.11.23   Sesongåpning               
  • Gålåsprinten         01- 03.12.23 Norgescup/ Skandinavisk Cup 
  • Trondheim             15-17-12.23 Verdenscup + Prøve VM  
  • Vuokatti/Finland   15-17-12.23 Skandinavisk cup

Eg har laga ei oversikt over dei viktigaste skirenna før jul. Nytt for denne sesongen er at ein kan sjå norgescuprenn på vgtv dersom ein ønskjer å følgje med på nasjonale skirenn. Det store målet mitt før jul er å kvalifisere meg til prøve- VM i Trondheim, der kan Norge stille 12 løparar per distanse pga. Nasjonal kvote.

Eg vil igjen rette ei stor takk til mine trufaste sponsorar. Dykk er heilt avgjerande for å kunne drive med toppidrett på dette nivået, og eg er takksam for støtta dykk har gitt meg. Utan dykk ville det vore lang vanskelegare å nå måla mine.

Takk til :

  • Hyen Fisk
  • Nordfjord Laks
  • Hyen IL 
  • Maskinentreprenør Torleiv Straume
  • Sporten Beitostølen

 

 

Langrennshelsing frå Jon Rolf


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.