Lesarbrev frå Jon Rolf

Postet av Hyen IL den 5. Mar 2024

Det går mot slutten av skisesongen 2023 – 2024, og i den forbindelse vil eg skrive litt om korleis perioden etter jul har vore, frå eit skiløpar-perspektiv. 

 

Før jul fortalde eg dykk i ”julehelsinga” at eg mangla det siste giret på skirenn og at eg ikkje hadde fått heilt dei resultata eg hadde håpa på. Heldigvis starta 2024 langt betre, andre helga i januar var det Skandinavisk Cup i Otepää i Estland. Der gjekk eg inn til 8. plass på 20 km klassisk enkeltstart, 1 minutt bak vinnaren Emil Iversen. 

 

NM på Beitostølen 22 – 25 februar 

Siste 6 åra har eg budd fast på Beitostølen, derfor var det ekstra stas med Noregsmeisterskap her i år. NM starta med 10 km fristil   der eg gjekk inn til 8. plass, 22 sekund bak bronsen. Eg følgde opp med ein 21 plass på 20 km skibytte få dagar etterpå(ikkje optimale ski). Sjølv om eg siktar mykje høgre enn 8. plass i Noregsmeisterskapet, er dette likevel ein stor opptur for min del etter 2 tunge sesongar. 

 

Kun ei lita veke etter at NM var ferdig, var det nye skirenn. Denne gongen i Hommelvik i Trøndelag, der siste runde med Skandinavisk Cup skulle arrangerast. Med eit godt løp var det også stor moglegheit for å gå seg inn i verdenscup-troppen til 5-mila i Holmekollen. 

 

Dessverre for min del vakna eg dagen før fyrste konkurranse med forkjølelse i kroppen, og eg måtte reise heim utan å få gå skirenn. Veldig kjedeleg når formen var god.

Heldigvis er det fleire skirenn igjen, blant anna NM del to på Lillehammer.

 

Her er ei lita oversikt over dei skirenna som er igjen før sesongen er ferdig. 

 ../Downloads/IMG_0165.JPG

NM del 2 Lillehammer  21- 23.03

Valdresrennet  27.03 (Turrenn)

Hemsedalsrennet 28.03 (Turrenn)

Haukelirennet 13.04 (Turrenn

Skarverennet   20.04 (Turrenn)

 

Ein positiv sesong så langt, godt å kjenne framgang etter to tunge år. Må rette ei stor takk til sponsorane mine, Hyen IL og familien som har trua på meg. Ynskjer alle ei god påske når den tid kjem. 

 

Takk til :

  • Hyen Fisk
  • Nordfjord Laks
  • Hyen IL 
  • Maskinentreprenør Torleiv Straume
  • Sporten Beitostølen

 

Langrennshelsing frå Jon Rolf.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.